Ichtys

6a00d8341cb87053ef00e54f5994a38834-640wi

Det aller eldste kristne symbolet er nok ikkje eit kors, men ein fisk! Bakgrunnen for at fisken kunne bli eit symbol på det å vera kristen, finn me i det greske språket som var det internasjonale språket i det første hundreåret e. Kr.

Det greske ordet som betyr fisk, ICHTYS, er sett saman av første bokstav i orda «Jesus Kristus Guds Son Frelsar» på gresk: Iesous CHristos Theou (H)Yios Soter.

Dei første kristne brukte, i periodar med forfølging i Romarriket, fisken som hemmeleg teikn for å gje seg til kjenne for kvarandre.

I dei arkeologiske utgravingane i Efesos har ein funne denne figuren som igjen er ein kode for ordet Ichtys. I sirkelen kan du finna alle bokstavane i ordet, og når dei teikna dette, trong dei heller ikkje teikna fisken!

07 Efesos. Ichtyssymbol i gata
Ichtyssymbol, Efesos. Foto: Arne Berge 2005

Fisken brukes òg i vår tid som kristent symbol. Blant anna blir det brukt som klistremerke på bilar. Då er det eit teikn på at eigaren av bilen er kristen!