Paulus om kjærleiken

Tru, håp og kjærleik. Samansetninga av desse tre orda er eit kjent uttrykk, og dette uttrykket er ofte, f eks i smykke, symbolisert med eit kors, eit anker og eit hjarte. Det er henta frå den teksten som blir kalla kjærleiken sin høgsong, eit flott avsnitt i Bibelen.

Me er inne i eit Paulusår, og eg markerer det med eit kjent sitat kvar månad, eitt frå kvart av dei tretten Paulusbreva i NT. Julisitatet er henta frå Første Korintarbrev (utdrag frå kap 13):

Kjærleiken er tolmodig, kjærleiken er velvillig, misunner ikkje, skryter ikkje, er ikkje hovmodig. Kjærleiken krenkjer ikkje, søkjer ikkje sitt eige, er ikkje oppfarande, gøymer ikkje på det vonde. Han gleder seg ikkje ved urett, men gleder seg ved sanninga. Alt held han ut, alt trur han, alt vonar han, alt toler han. (…) Så blir dei verande desse tre: tru, von og kjærleik. Og størst av dei er kjærleiken.

Les gjerne heile kapittel 13 i Første Korintarbrev. Det er ein flott tekst! Skildringa viser oss den fullkomne kjærleiken, den guddommelege kjærleiken. Den kjærleiken som me er heilt avhengige av. Samtidig kan denne kjærleiken vera eit sterkt og viktig ideal for oss. Og me kan også merka oss at skildringa av den fullkomne kjærleiken passar veldig godt som ei skildring av Jesus!

Oppdatering: Eg har markert Paulusåret 2008-2009 med regelmessig å skriva litt i tilknyting til sitat frå dei paulinske breva:

Bokbyen ved Skagerrak

Sommaren 2008:

Nokre timar i Tvedestrand, bokbyen ved Skagerrak. Det var eitt av mange ferieønskje for den turen Inger og eg er på nå. Ein bokby er ein liten stad med mange antikvariat og bokutsal. Så vidt eg forstår, er det visse kriterium som skal til for at ein stad kan kalla seg ein bokby. I Norge har me to slike bokbyar; Fjærland og Tvedestrand.

Inger valde å sjå på kunsthandverk i Risør den dagen, og eg hadde nokre timar då eg bare kunne gå og sjå i bokhyller og bøker. Ja, eg fann også eit par bøker eg kjøpte, men det er ikkje hovudsaka ein slik dag. Det er spennande i seg sjølv bare å gå og leita, lesa, tenkja, drauma og sjå. Sola skein både ute og inne!

Kvart bokutsal har sin sjarm. Skal eg dela ut blomar, vil eg seia at Skagerrak Antikvariat og Ex Libris gav dei største opplevingane. Slik skildrar dei seg sjølve:

  • Skagerrak Antikvariat – bokhus i tre etasjer med 60.000 eksponerte bøker. Allment antikvariat med spesialkompetanse på nynorske bøker.
  • Ex Libris – «i antikvariatet med 67 hjørner finner du sikkert en krok etter ditt hjerte. Ti rom fulle av bøker og godstoler som innbyr til lesing, filosofering og kaffe»
Då eg kom tilbake til bilen, kom eg fort ned på jorda igjen. Eg hadde fått parkeringsbot.

Mark Twain i Jerusalem

Notat 17.07.2008: Humorist og forfattar Mark Twain var i Jerusalem i 1867 og budde då på Mediterranean Hotel. Her skreiv han visstnok ein liten del av reiseskildringa The Innocents Abroad. Nå har forskarar og arkeologar funne ut kvar dette hotellet låg; det er den same bygninga som i dag kallast The Wittenberg House. Bygninga ligg i det muslimske kvarteret i Gamlebyen.

Les om saka i Haaretz  (2021: lenka er dessverre ikkje i funksjon lenger)

(via PaleoJudaica)

oppdatert 06.10.2021

Verdas eldste bloggar er død

Juli 2008: Her kjem ei melding som må passa på denne bloggen. Sjølv er eg nok over gjennomsnittsalderen på bloggarar. Men det betyr ingenting når eg i kveld les om den australske kvinna Olive Riley som er død, 108 år gamal. Ho hadde blogg og kalla seg sjølv verdas eldste bloggar. Vårt Land skriv:

Ifølgje hennar oldebarn var nettsyslane med på halde henne åndsfrisk. Uansett er det nok ikkje mange over hundre år som har den same bloggerfaringa som trebarnsmora på 108 år.

Avi Snyder

Den messianske jøden Avi Snyder er leiar av organisasjonen Jews for Jesus i Europa. I forrige veke var han i Norge i samband med Israelsmisjonen sitt sommartreff. DagenMagazinet har hatt eit intervju med han. Her er eit utdrag:

I Europa driver Jews for Jesus arbeid i fem land – Storbritannia, Frankrike, Tyskland, Russland og Ukraina. Snyder er bosatt i Tyskland, men har tidligere bodd i Russland og Ukraina i flere år.

– Vi er jøder som misjonerer for jøder, og vi jøder er gjerne åpne og direkte med hverandre. Derfor er vi også det når vi formidler evangeliet, sier han.

(…)

Selv om Snyder kjenner godt til at noen mener han sviker sin jødiske arv ved å forkynne evangeliet, mener han å være av de mest jødiske:

– Hvis Jesus er den jødiske Messias, vil det mest jødiske være å tro på ham, sier han. (les meir)

Ein innhaldsrik dag

Sist laurdag reiste Inger og eg på dagstur ut av Praha for å besøkja konsentrasjonsleiren Terezín (Theresienstadt).

Det blei ein innhaldsrik og lærerik tur. Den første delen av dagen hadde fokus på Holocaust, triste skjebnar og jødisk lidingshistorie. Men det er likevel ikkje dette bloggen skal handla om nå. I kveld vil eg heller skriva om turen tilbake til Praha på ettermiddagen, ei reise med forviklingar som verkeleg gjorde dagen innhaldsrik.

Kortversjonen er slik: Denne ettermiddagen gjekk ikkje bussane frå Terezín til Praha. Ei tilfeldig samansett gruppe av turistar frå fleire land reiste derfor med lokaltog tilbake til hovudstaden.

Denne kortversjonen er på ingen måte usann. Samtidig yter den ikkje reisa nokon form for rettferd. Kortversjonen fortel lite om det som eigentleg skjedde. Den fortel ikkje om vandring langs landevegen, om tjekkiske småbyar og nedslitne lokaltog. Og den fortel slett ikkje om fellesskapet som oppstod mellom oss som hamna i denne situasjonen, heller ikkje om gode samtalar og mykje latter. For å seia det slik: kortversjonen fortener ikkje ein gong å bli nemnt.

Eg tar derfor med ein litt meir omfattande versjon om denne reisa som gjekk via Bohusovice nad Ohri og Roudnice nad Labem. (Dessverre greier eg ikkje å få pc-en til å skriva alle desse teikna som det tsjekkiske språket krydrar orda med. Det teiknet eg akkurat nå saknar, er ein mindre versjon av ^, med spissen ned.)

Reisa begynte med at Inger og eg sat på busshaldeplassen i Terezín og venta på bussen tilbake til Praha. Me prata med Frank frå Canada, ein gild kar som me hadde blitt kjent med tidlegare på dagen. Nå sat me og prata om alle inntrykka frå besøket i konsentrasjonsleiren. Dessutan kom me i prat om heimlanda våre, om levekår, natur og potensielle reisemål. Som de forstår: me ante fred og ingen fare.

Då kom ei kvinne bort til oss og fortalde at det ikkje ville koma nokon buss her i dag! Ho kunne litt tsjekkisk og hadde oppdaga at oppslaget på haldeplassen (med lita skrift) sa at ruta ikkje blei køyrt på ettermiddagen 05.07 og 24.12! Me kom raskt i kontakt med dei andre som venta på bussen, og etter litt usikker drøfting gjekk ein liten delegasjon inn til billettdisken på museet like ved. Det viste seg å vera heilt korrekt oppfatta. Bussane gjekk ikkje fordi det var kvelden før heilagdagen til minne om Jan Hus! Men me kunne gå til ein småby 2 km unna og ta tog til Praha derfrå. Me fekk til og med vita at toget gjekk om bare 40 minutt.

Gruppa bestod nå av tre kinesiske ungdomar, eit tysk ektepar, ein engelskmann, ein ire og den russiske kvinna som kunne litt tsjekkisk, i tillegg til Frank, Inger og meg. Me fann ut at me var godt rusta for situasjonen; engelskmannen hadde GPS og russaren kunne som sagt det lokale språket. Kva trong me meir? Humøret var på topp frå første augeblink.

Russaren tok rolla som reiseleiar. Den litle byen med jernbanestasjon heitte Bohusovice nad Ohri. Ho kjøpte gruppebillett til oss (bilete 1), og etter ei stund kom toget (bilete 2). Då billettøren hadde stempla billetten, spurte me kva tid toget ville koma til Praha. Han kunne fortelja at dette toget slett ikkje skulle dit! Men me kunne gå av i Roudnice nad Labem. Der kunne me skifta til eit tog som skulle til Praha. Like etter var me i Roudnice (mon tru kvar me hadde hamna dersom me ikkje hadde spurt om ankomsttida til Praha?). Det viste seg at hurtigtoget som me skulle følgja vidare, ville koma ein og ein kvart time seinare. Dermed blei det tid til ein tur på byen, som var riktig vakker (bilete 3). Me fann oss ein spisestad, sjølvsagt like ved ein skulptur av Jan Hus.

Det som var så flott, var at gruppa hadde det så fint saman. Ho som budde i Praha var nok mest frustrert, for ho hadde eigentleg ein avtale for kvelden. Me andre var jo på ferie og hadde tida disponibel. Samtalen veksla mellom det heilt seriøse og det heilt useriøse. Det var mykje lått og løye. Plutseleg sat den samansette gruppa og snakka om emne som koss det var for tyskarar å koma til den tidlegare konsentrasjonsleiren og få høyra forteljinga om kva som var skjedd der. Me var også innom koss det var for den russiske kvinna å busetja seg i Tsjekkia, eit land som har lidd under kommunismen i 40 år (og det i nyare tid).

Hurtigtoget vidare frå Roudnice var ikkje nytt og det gjekk heller ikkje hurtig. Men det stoppa ikkje på alle småstasjonane. Ca kl 19.30 stod me i sentrum av Praha, ca tre timar seinare enn det me hadde berekna.

Inger og eg hadde eigentleg tenkt oss på konsert i Smetana Hall med musikk av Mozart og Vivaldi den kvelden. Det hadde me på eit tidleg tidspunkt slått frå oss. Nå stod me plutseleg der, nær konsertsalen, og såg at me likevel kunne rekka det viss me lét vera å eta og å gå heimom og skifta. Så eg gjekk på konsert i kortbukse og med ryggsekk. Det var visst heilt greitt. Det var alle variantar av antrekk i salen. I pausen tok eg buksebeina på! Det var ein flott konsert der eg sette spesielt stor pris på å få høyra Dei fire årstidene av Vivaldi.

Litterær leik

Søren Holst skriv bloggen PergaMent, ein spennande dansk blogg om «bibelforskning og det der ligner». Eg er ofte innom og les kva han har skrive. Nå har han blitt med på ein litterær selskapsleik og har «tagga» meg. Reglane, sjølvsagt i dansk språkdrakt, er slik: Man …

1. Rækker ud efter den nærmeste bog
2. Slår op på side 123
3. Finder den femte sætning på siden
4. Lægger denne og de følgende to sætninger ud på webloggen (sammen med instruktionerne)
5. Kommenterer citatet
6. Sender legen videre til fem andre personer og krediterer den som sendte legen til en.

Eg har akkurat kome heim frå ferie i Praha. For mitt vedkomande har det sjølvsagt, i tillegg til alle dei vanlege turistmåla som Karlsbrua, slottet og Gamlebytorget, blitt ein del fokus på bøker og på det jødiske Praha.

Og faktisk blir den næraste boka akkurat nå den eg sist har lese i: Ctibor Rybár: Jewish Prague. Notes on history and culture. Praha 1991. Boka kan karakteriserast som ein relativt omfattande, men litt utdatert guide til det jødiske Praha. Eg har kjøpt andre og nyare bøker om temaet, men det blei likevel denne som fekk vera med i den litterære leiken. Eg fann boka i ei tilbodshylle for 49 CZK, altså ca NOK 16.

Det aktuelle avsnittet handlar ikkje om Praha, men om Terezín (Theresienstadt), garnisonsbyen som under krigen blei gjort om til ein jødisk ghetto og konsentrasjonsleir:

The cynicism of the Nazi management of the Terezín ghetto is also witnessed by a case in June 1944 when the Nazis granted permission for a commission of the International Red Cross Committee to visit the Terezín camp, which was supposed to be presented to the world public as an «exemplary German camp for the re-education of Jewish citizens.»

The Germans put up a cruel show in front af the commission and thus also in front of the world and after so-called beautifying activity (Verschönerung) the members of the international commission saw only buildings which had been carefully prepared for inspection in advance, including a selected group of prisoners or individuals.

It is a tragic fact that many members of the commission were successfully convinced that everything was in order.

Sjølv om tyskarane på dette tidspunktet greidde å kamuflera den eigentlege situasjonen i Terezín, forstod kommisjonen på slutten av krigen at byen var det den heile tida hadde vore, ein konsentrasjonsleir.

Inger og eg tok ein dagstur til Terezín mens me var i Praha. I Det litle fortet fekk me blant anna sjå eit rom som var innreia som «model barbershop» i 1944. Det var fullt av vaskar og speil langs veggane. Delegasjonen frå Røde Kors blei ført gjennom dette rommet. Det dei ikkje fekk vita, var at rommet aldri hadde vore i bruk. Vaskane var ikkje eingong kopla til nokon røyr!

Denne litterære leiken minnar forresten om blogge-tikken, som eg var med på for eit drøyt år sidan. På same vis som den gong, kjenner eg meg fri til å tolka spelereglane litt fritt. Den gong løyste eg oppgåva, men lét vera å senda det kjedebrevsliknande tiltaket vidare. Denne gongen sender eg under tvil leiken vidare, men i mindre omfang enn reglane tilseier. Leiken går nå, saman med ei venleg helsing, til tre utvalde og litteraturinteresserte medbloggarar: den levande boka Bjørnar, salmediktaren Heidi og biografiforfattaren Anders.

Jan Hus

Det er reformatoren Jan Hus sin dødsdag (6. juli) og dermed heilagdag her i Tsjekkia. Jan Hus er svært viktig i tsjekkisk historie, sjølv om den protestantiske kyrkja ikkje står sterkt her. Biletet viser skulpturen av Jan Hus på det mektige monumentet over han på torget i Gamlebyen i Praha.

Me har ikkje merka nokon markering av dagen i dag. Me var på katolsk messe i St. Vitus, den store katedralen inne i borga i formiddag. Her blei han nok ikkje nemnt (men det må også seiast at eg neppe hadde fått det med meg, om det hadde skjedd).

I går ettermiddag merka me derimot til gagns at det var ei spesiell helg. Me var på dagstur til Terezin. Då me skulle tilbake til Praha, gjekk det ikkje fleire bussar, fordi det var dagen før denne heilagdagen. Dette gav oss ein ettermiddag me seint vil gløyma. Den skal etter kvart få sin eigen bloggartikkel!

Oppdatering: Les om Ein innhaldsrik dag.

Globe

The Globe
The Globe

Eg sit på Globe kaffibar og bokhandel i Praha i kveld. Det regner ute. Globe er ein god stad å vera ein slik kveld. Den som kjenner meg, veit forresten at kombinasjonen kaffibar og bokhandel i seg sjølv verkar tiltrekkjande, også på dagar utan regn. Det at Globe er engelskspråkleg, gjer ikkje staden mindre aktuell, spesielt ikkje når den ligg i same nabolaget som leiligheten me har leigd i ferien, i ei roleg bakgate ikkje langt frå dei hektiske turiststroka.

Me har det herleg her i denne fantastiske byen. Mykje flott å sjå, masse kulturelle opplevingar og flott ver (bortsett frå styrtregn eit par kveldar). Det er flott å vera paa ferie med Inger! Hittil har det derfor ikkje blitt nokon aktivitet på bloggen. Det er trass alt så mykje som er enda meir tiltrekkjande enn The Globe her! Men eg har mange inntrykk og opplevingar i hovudet, og noko av dette vil nok få uttrykk her i tida framover. Når eg kjem heim, kan eg jo også krydra bloggen med bilete.