kategoriar
Bøker Israel og dei palestinske områda Jerusalem

Mark Twain i Jerusalem

Humorist og forfattar Mark Twain var i Jerusalem i 1867 og budde då på Mediterranean Hotel. Her skreiv han visstnok ein liten del av reiseskildringa The Innocents Abroad.

Nå har forskarar og arkeologar funne ut kvar dette hotellet låg; det er den same bygninga som i dag kallast The Wittenberg House. Bygninga ligg i det muslimske kvarteret i Gamlebyen.

Les om saka i Haaretz

(via PaleoJudaica)