Ein innhaldsrik dag

Sist laurdag reiste Inger og eg på dagstur ut av Praha for å besøkja konsentrasjonsleiren Terezín (Theresienstadt).

Det blei ein innhaldsrik og lærerik tur. Den første delen av dagen hadde fokus på Holocaust, triste skjebnar og jødisk lidingshistorie. Men det er likevel ikkje dette bloggen skal handla om nå. I kveld vil eg heller skriva om turen tilbake til Praha på ettermiddagen, ei reise med forviklingar som verkeleg gjorde dagen innhaldsrik.

Kortversjonen er slik: Denne ettermiddagen gjekk ikkje bussane frå Terezín til Praha. Ei tilfeldig samansett gruppe av turistar frå fleire land reiste derfor med lokaltog tilbake til hovudstaden.

Denne kortversjonen er på ingen måte usann. Samtidig yter den ikkje reisa nokon form for rettferd. Kortversjonen fortel lite om det som eigentleg skjedde. Den fortel ikkje om vandring langs landevegen, om tjekkiske småbyar og nedslitne lokaltog. Og den fortel slett ikkje om fellesskapet som oppstod mellom oss som hamna i denne situasjonen, heller ikkje om gode samtalar og mykje latter. For å seia det slik: kortversjonen fortener ikkje ein gong å bli nemnt.

Eg tar derfor med ein litt meir omfattande versjon om denne reisa som gjekk via Bohusovice nad Ohri og Roudnice nad Labem. (Dessverre greier eg ikkje å få pc-en til å skriva alle desse teikna som det tsjekkiske språket krydrar orda med. Det teiknet eg akkurat nå saknar, er ein mindre versjon av ^, med spissen ned.)

Reisa begynte med at Inger og eg sat på busshaldeplassen i Terezín og venta på bussen tilbake til Praha. Me prata med Frank frå Canada, ein gild kar som me hadde blitt kjent med tidlegare på dagen. Nå sat me og prata om alle inntrykka frå besøket i konsentrasjonsleiren. Dessutan kom me i prat om heimlanda våre, om levekår, natur og potensielle reisemål. Som de forstår: me ante fred og ingen fare.

Då kom ei kvinne bort til oss og fortalde at det ikkje ville koma nokon buss her i dag! Ho kunne litt tsjekkisk og hadde oppdaga at oppslaget på haldeplassen (med lita skrift) sa at ruta ikkje blei køyrt på ettermiddagen 05.07 og 24.12! Me kom raskt i kontakt med dei andre som venta på bussen, og etter litt usikker drøfting gjekk ein liten delegasjon inn til billettdisken på museet like ved. Det viste seg å vera heilt korrekt oppfatta. Bussane gjekk ikkje fordi det var kvelden før heilagdagen til minne om Jan Hus! Men me kunne gå til ein småby 2 km unna og ta tog til Praha derfrå. Me fekk til og med vita at toget gjekk om bare 40 minutt.

Gruppa bestod nå av tre kinesiske ungdomar, eit tysk ektepar, ein engelskmann, ein ire og den russiske kvinna som kunne litt tsjekkisk, i tillegg til Frank, Inger og meg. Me fann ut at me var godt rusta for situasjonen; engelskmannen hadde GPS og russaren kunne som sagt det lokale språket. Kva trong me meir? Humøret var på topp frå første augeblink.

Russaren tok rolla som reiseleiar. Den litle byen med jernbanestasjon heitte Bohusovice nad Ohri. Ho kjøpte gruppebillett til oss (bilete 1), og etter ei stund kom toget (bilete 2). Då billettøren hadde stempla billetten, spurte me kva tid toget ville koma til Praha. Han kunne fortelja at dette toget slett ikkje skulle dit! Men me kunne gå av i Roudnice nad Labem. Der kunne me skifta til eit tog som skulle til Praha. Like etter var me i Roudnice (mon tru kvar me hadde hamna dersom me ikkje hadde spurt om ankomsttida til Praha?). Det viste seg at hurtigtoget som me skulle følgja vidare, ville koma ein og ein kvart time seinare. Dermed blei det tid til ein tur på byen, som var riktig vakker (bilete 3). Me fann oss ein spisestad, sjølvsagt like ved ein skulptur av Jan Hus.

Det som var så flott, var at gruppa hadde det så fint saman. Ho som budde i Praha var nok mest frustrert, for ho hadde eigentleg ein avtale for kvelden. Me andre var jo på ferie og hadde tida disponibel. Samtalen veksla mellom det heilt seriøse og det heilt useriøse. Det var mykje lått og løye. Plutseleg sat den samansette gruppa og snakka om emne som koss det var for tyskarar å koma til den tidlegare konsentrasjonsleiren og få høyra forteljinga om kva som var skjedd der. Me var også innom koss det var for den russiske kvinna å busetja seg i Tsjekkia, eit land som har lidd under kommunismen i 40 år (og det i nyare tid).

Hurtigtoget vidare frå Roudnice var ikkje nytt og det gjekk heller ikkje hurtig. Men det stoppa ikkje på alle småstasjonane. Ca kl 19.30 stod me i sentrum av Praha, ca tre timar seinare enn det me hadde berekna.

Inger og eg hadde eigentleg tenkt oss på konsert i Smetana Hall med musikk av Mozart og Vivaldi den kvelden. Det hadde me på eit tidleg tidspunkt slått frå oss. Nå stod me plutseleg der, nær konsertsalen, og såg at me likevel kunne rekka det viss me lét vera å eta og å gå heimom og skifta. Så eg gjekk på konsert i kortbukse og med ryggsekk. Det var visst heilt greitt. Det var alle variantar av antrekk i salen. I pausen tok eg buksebeina på! Det var ein flott konsert der eg sette spesielt stor pris på å få høyra Dei fire årstidene av Vivaldi.

Litterær leik

Søren Holst skriv bloggen PergaMent, ein spennande dansk blogg om «bibelforskning og det der ligner». Eg er ofte innom og les kva han har skrive. Nå har han blitt med på ein litterær selskapsleik og har «tagga» meg. Reglane, sjølvsagt i dansk språkdrakt, er slik: Man …

1. Rækker ud efter den nærmeste bog
2. Slår op på side 123
3. Finder den femte sætning på siden
4. Lægger denne og de følgende to sætninger ud på webloggen (sammen med instruktionerne)
5. Kommenterer citatet
6. Sender legen videre til fem andre personer og krediterer den som sendte legen til en.

Eg har akkurat kome heim frå ferie i Praha. For mitt vedkomande har det sjølvsagt, i tillegg til alle dei vanlege turistmåla som Karlsbrua, slottet og Gamlebytorget, blitt ein del fokus på bøker og på det jødiske Praha.

Og faktisk blir den næraste boka akkurat nå den eg sist har lese i: Ctibor Rybár: Jewish Prague. Notes on history and culture. Praha 1991. Boka kan karakteriserast som ein relativt omfattande, men litt utdatert guide til det jødiske Praha. Eg har kjøpt andre og nyare bøker om temaet, men det blei likevel denne som fekk vera med i den litterære leiken. Eg fann boka i ei tilbodshylle for 49 CZK, altså ca NOK 16.

Det aktuelle avsnittet handlar ikkje om Praha, men om Terezín (Theresienstadt), garnisonsbyen som under krigen blei gjort om til ein jødisk ghetto og konsentrasjonsleir:

The cynicism of the Nazi management of the Terezín ghetto is also witnessed by a case in June 1944 when the Nazis granted permission for a commission of the International Red Cross Committee to visit the Terezín camp, which was supposed to be presented to the world public as an «exemplary German camp for the re-education of Jewish citizens.»

The Germans put up a cruel show in front af the commission and thus also in front of the world and after so-called beautifying activity (Verschönerung) the members of the international commission saw only buildings which had been carefully prepared for inspection in advance, including a selected group of prisoners or individuals.

It is a tragic fact that many members of the commission were successfully convinced that everything was in order.

Sjølv om tyskarane på dette tidspunktet greidde å kamuflera den eigentlege situasjonen i Terezín, forstod kommisjonen på slutten av krigen at byen var det den heile tida hadde vore, ein konsentrasjonsleir.

Inger og eg tok ein dagstur til Terezín mens me var i Praha. I Det litle fortet fekk me blant anna sjå eit rom som var innreia som «model barbershop» i 1944. Det var fullt av vaskar og speil langs veggane. Delegasjonen frå Røde Kors blei ført gjennom dette rommet. Det dei ikkje fekk vita, var at rommet aldri hadde vore i bruk. Vaskane var ikkje eingong kopla til nokon røyr!

Denne litterære leiken minnar forresten om blogge-tikken, som eg var med på for eit drøyt år sidan. På same vis som den gong, kjenner eg meg fri til å tolka spelereglane litt fritt. Den gong løyste eg oppgåva, men lét vera å senda det kjedebrevsliknande tiltaket vidare. Denne gongen sender eg under tvil leiken vidare, men i mindre omfang enn reglane tilseier. Leiken går nå, saman med ei venleg helsing, til tre utvalde og litteraturinteresserte medbloggarar: den levande boka Bjørnar, salmediktaren Heidi og biografiforfattaren Anders.