Ein innhaldsrik dag

Sist laurdag reiste Inger og eg på dagstur ut av Praha for å besøkja konsentrasjonsleiren Terezín (Theresienstadt).

Det blei ein innhaldsrik og lærerik tur. Den første delen av dagen hadde fokus på Holocaust, triste skjebnar og jødisk lidingshistorie. Men det er likevel ikkje dette bloggen skal handla om nå. I kveld vil eg heller skriva om turen tilbake til Praha på ettermiddagen, ei reise med forviklingar som verkeleg gjorde dagen innhaldsrik.

Kortversjonen er slik: Denne ettermiddagen gjekk ikkje bussane frå Terezín til Praha. Ei tilfeldig samansett gruppe av turistar frå fleire land reiste derfor med lokaltog tilbake til hovudstaden.

Denne kortversjonen er på ingen måte usann. Samtidig yter den ikkje reisa nokon form for rettferd. Kortversjonen fortel lite om det som eigentleg skjedde. Den fortel ikkje om vandring langs landevegen, om tjekkiske småbyar og nedslitne lokaltog. Og den fortel slett ikkje om fellesskapet som oppstod mellom oss som hamna i denne situasjonen, heller ikkje om gode samtalar og mykje latter. For å seia det slik: kortversjonen fortener ikkje ein gong å bli nemnt.

Eg tar derfor med ein litt meir omfattande versjon om denne reisa som gjekk via Bohusovice nad Ohri og Roudnice nad Labem. (Dessverre greier eg ikkje å få pc-en til å skriva alle desse teikna som det tsjekkiske språket krydrar orda med. Det teiknet eg akkurat nå saknar, er ein mindre versjon av ^, med spissen ned.)

Reisa begynte med at Inger og eg sat på busshaldeplassen i Terezín og venta på bussen tilbake til Praha. Me prata med Frank frå Canada, ein gild kar som me hadde blitt kjent med tidlegare på dagen. Nå sat me og prata om alle inntrykka frå besøket i konsentrasjonsleiren. Dessutan kom me i prat om heimlanda våre, om levekår, natur og potensielle reisemål. Som de forstår: me ante fred og ingen fare.

Då kom ei kvinne bort til oss og fortalde at det ikkje ville koma nokon buss her i dag! Ho kunne litt tsjekkisk og hadde oppdaga at oppslaget på haldeplassen (med lita skrift) sa at ruta ikkje blei køyrt på ettermiddagen 05.07 og 24.12! Me kom raskt i kontakt med dei andre som venta på bussen, og etter litt usikker drøfting gjekk ein liten delegasjon inn til billettdisken på museet like ved. Det viste seg å vera heilt korrekt oppfatta. Bussane gjekk ikkje fordi det var kvelden før heilagdagen til minne om Jan Hus! Men me kunne gå til ein småby 2 km unna og ta tog til Praha derfrå. Me fekk til og med vita at toget gjekk om bare 40 minutt.

Gruppa bestod nå av tre kinesiske ungdomar, eit tysk ektepar, ein engelskmann, ein ire og den russiske kvinna som kunne litt tsjekkisk, i tillegg til Frank, Inger og meg. Me fann ut at me var godt rusta for situasjonen; engelskmannen hadde GPS og russaren kunne som sagt det lokale språket. Kva trong me meir? Humøret var på topp frå første augeblink.

Russaren tok rolla som reiseleiar. Den litle byen med jernbanestasjon heitte Bohusovice nad Ohri. Ho kjøpte gruppebillett til oss (bilete 1), og etter ei stund kom toget (bilete 2). Då billettøren hadde stempla billetten, spurte me kva tid toget ville koma til Praha. Han kunne fortelja at dette toget slett ikkje skulle dit! Men me kunne gå av i Roudnice nad Labem. Der kunne me skifta til eit tog som skulle til Praha. Like etter var me i Roudnice (mon tru kvar me hadde hamna dersom me ikkje hadde spurt om ankomsttida til Praha?). Det viste seg at hurtigtoget som me skulle følgja vidare, ville koma ein og ein kvart time seinare. Dermed blei det tid til ein tur på byen, som var riktig vakker (bilete 3). Me fann oss ein spisestad, sjølvsagt like ved ein skulptur av Jan Hus.

Det som var så flott, var at gruppa hadde det så fint saman. Ho som budde i Praha var nok mest frustrert, for ho hadde eigentleg ein avtale for kvelden. Me andre var jo på ferie og hadde tida disponibel. Samtalen veksla mellom det heilt seriøse og det heilt useriøse. Det var mykje lått og løye. Plutseleg sat den samansette gruppa og snakka om emne som koss det var for tyskarar å koma til den tidlegare konsentrasjonsleiren og få høyra forteljinga om kva som var skjedd der. Me var også innom koss det var for den russiske kvinna å busetja seg i Tsjekkia, eit land som har lidd under kommunismen i 40 år (og det i nyare tid).

Hurtigtoget vidare frå Roudnice var ikkje nytt og det gjekk heller ikkje hurtig. Men det stoppa ikkje på alle småstasjonane. Ca kl 19.30 stod me i sentrum av Praha, ca tre timar seinare enn det me hadde berekna.

Inger og eg hadde eigentleg tenkt oss på konsert i Smetana Hall med musikk av Mozart og Vivaldi den kvelden. Det hadde me på eit tidleg tidspunkt slått frå oss. Nå stod me plutseleg der, nær konsertsalen, og såg at me likevel kunne rekka det viss me lét vera å eta og å gå heimom og skifta. Så eg gjekk på konsert i kortbukse og med ryggsekk. Det var visst heilt greitt. Det var alle variantar av antrekk i salen. I pausen tok eg buksebeina på! Det var ein flott konsert der eg sette spesielt stor pris på å få høyra Dei fire årstidene av Vivaldi.

Globe

The Globe
The Globe

Eg sit på Globe kaffibar og bokhandel i Praha i kveld. Det regner ute. Globe er ein god stad å vera ein slik kveld. Den som kjenner meg, veit forresten at kombinasjonen kaffibar og bokhandel i seg sjølv verkar tiltrekkjande, også på dagar utan regn. Det at Globe er engelskspråkleg, gjer ikkje staden mindre aktuell, spesielt ikkje når den ligg i same nabolaget som leiligheten me har leigd i ferien, i ei roleg bakgate ikkje langt frå dei hektiske turiststroka.

Me har det herleg her i denne fantastiske byen. Mykje flott å sjå, masse kulturelle opplevingar og flott ver (bortsett frå styrtregn eit par kveldar). Det er flott å vera paa ferie med Inger! Hittil har det derfor ikkje blitt nokon aktivitet på bloggen. Det er trass alt så mykje som er enda meir tiltrekkjande enn The Globe her! Men eg har mange inntrykk og opplevingar i hovudet, og noko av dette vil nok få uttrykk her i tida framover. Når eg kjem heim, kan eg jo også krydra bloggen med bilete.