Pauluskatedralen i Korint

Det er mykje interessant å sjå i Korintområdet. Dei fleste tilreisande vil vel seia at den moderne byen er den minst interessante staden i dette området. Likevel begynte eg opphaldet i Korint i haustferien nettopp der, i Mitropolis (“byens mor”).

Korint er i dag ein by med litt over 30.000 innbyggjarar. Byen ligg ved Korintbukta. Den blei bygd på denne staden etter at den gamle byen, som låg 8 km lenger nordaust, blei øydelagt av jordskjelv i 1858.

Mitropolis er det greske ordet som blir brukt om ein katedral. Uttrykket seier vel ein heil del om den tydinga kyrkja tradisjonelt har hatt i dette landet. Hovudkyrkja i Korint er sjølvsagt knytt til Paulus. Denne litle byen er først og fremst verdskjent på grunn av at den har ein viktig posisjon i NT, knytt til apostelen si misjonsverksemd i Hellas på 50-talet e. Kr.

Katedralen i Korint er eit kyrkjebygg med typisk gresk-ortodoks interiør. Då eg kom inn i kyrkja, sette eg meg stille ned og kjente på stemninga og såg på alle ikonane og maleria som dekkjer veggar og tak.  Etterpå gjekk eg rundt og såg nærare på enkelte bilete. Eg kom også i prat med ein mann (kyrkjetenaren?) som meir enn gjerne ville svara på spørsmål om kyrkja. Språket var sjølvsagt eit problem, han snakka bare gresk, men ved hjelp av meir språkmektige personar enn meg gjekk det ganske bra.

Utanfor hovudinngangen er det ei interessant tavle med namn på alle biskopane i Korint, heilt tilbake til den første kristne tida. Lista begynner faktisk med apostelen Paulus og sluttar med han som er biskop i dag! Dei kristne i dagens Korint er tydeleg stolte av å tilhøyra ein kyrkjelyd som kan føra historia si tilbake til den nytestamentlege historia.

Les meir om besøket i Korint i notatet To dagar i Korint.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: