Bokbyen ved Skagerrak

Nokre timar i Tvedestrand, bokbyen ved Skagerrak. Det var eitt av mange ferieønskje for den turen Inger og eg er på nå. Ein bokby er ein liten stad med mange antikvariat og bokutsal. Så vidt eg forstår, er det visse kriterium som skal til for at ein stad kan kalla seg ein bokby. I Norge har me to slike bokbyar; Fjærland og Tvedestrand. 

Inger valde å sjå på kunsthandverk i Risør den dagen, og eg hadde nokre timar då eg bare kunne gå og sjå i bokhyller og bøker. Ja, eg fann også eit par bøker eg kjøpte, men det er ikkje hovudsaka ein slik dag. Det er spennande i seg sjølv bare å gå og leita, lesa, tenkja, drauma og sjå. Sola skein både ute og inne!

Kvart bokutsal har sin sjarm. Skal eg dela ut blomar, vil eg seia at Skagerrak Antikvariat og Ex Libris gav dei største opplevingane. Slik skildrar dei seg sjølve:

  • Skagerrak Antikvariat – bokhus i tre etasjer med 60.000 eksponerte bøker. Allment antikvariat med spesialkompetanse på nynorske bøker.
  • Ex Libris – «i antikvariatet med 67 hjørner finner du sikkert en krok etter ditt hjerte. Ti rom fulle av bøker og godstoler som innbyr til lesing, filosofering og kaffe»
Då eg kom tilbake til bilen, kom eg fort ned på jorda igjen. Eg hadde fått parkeringsbot.