Krosshaug i Klepp

IMG_2908 (1)
Krosshaug, Klepp. Foto: Arne Berge 2020

Krosshaug i Klepp er ein stad for dei lange linjene i historia, og dermed ein stad eg trivst å koma til. Gravhaugen er frå ca 450 og steinkorset frå 1000-talet. Korset blei altså reist på haugen i den første kristne tida i landet vårt, 600 år etter at staden var brukt som gravhaug.

Krosshaug ligg på garden Hauge i Klepp, nær Bryne, i eit område med fleire fornminne og god utsikt over Jæren. Tinghaug, som ligg like ved, er med sine 102 moh det høgaste punktet på låg-Jæren. Dette området var i gamal tid truleg tingstad og sentrum for denne delen av Jæren, kanskje også eit høvdingsete. Her ligg også Dysjane, eit ringforma tunanlegg frå eldre jernalder.

For meg er Krosshaug med det gamle steinkorset den viktigaste staden i dette interessante kulturlandskapet. Området er lett tilgjengeleg. Du kan følga turløypa Tinghaugrunden (Stavanger Turistforening) som går i området nord for Bryne og vest for Frøylandsvatnet. Det er også parkeringsplass ved den gamle Postvegen som går like aust for Tinghaug.

Tidlegare Stavangerbiskop Fridtjov Birkeli forska på dei gamle steinkorsa som det er mange av, særleg på vestlandet. Han framhever kor stor tyding dei over femti steinkorsa på har for forståinga av den første misjonsverksemda i Norge:

Det er innlysende at bak reisingen av nettopp disse steinkorsene står motiver og impulser som er kommet til Norge utenfra. Og når liknende steinkors så å si ikke eksisterer ellers i hele Skandinavia, må man søke etter impulsenes opphav enten på kontinentet eller på de britiske øyer. Kan det tenkes en tid i Vest-Norges forbindelse med disse deler av Europa, da det av en eller annen grunn var naturlig å reise steinkors nettopp der og ikke ellers i Skandinavia? Kan det videre tenkes at en her rører ved problemer som skiller kristen misjon vestfra fra misjonen fra kontinentet?

(Fritdjov Birkeli: Norske steinkors i tidlig middelalder, 1973, s 34)

Geografen Jens Kraft* skreiv på 1840-talet at garden Hauge er «et i antikvarisk Henseende mærkeligt Sted«. Denne innsikta forhindra dessverre ikkje at Krosshaug blei meir eller mindre øydelagt seinare på 1800-talet. Korset blei øydelagt under jonsokfeiringa i 1855, jord og stein frå gravhaugen blei fjerna på 1860-talet og sjølve grava blei hardhendt opna og tømt i 1869. Mykje av innhaldet frå grava er heldigvis berga, sjå f eks omtale av eit gullsmykke. Steinkorset blei reparert og sett opp igjen i 1937. Gravkammeret i haugen ligg ope.

Arkeologisk Museum i Stavanger si informasjonstavle ved Krosshaug:

IMG_2909

Nettsida Kulturminnesøk skriv om Krosshaug:

Godt markert rundhaug. Haugen var i sin tid dekket av et jordlag. Men i tidsrommet 1845 – 1870 er hele torv- laget og en god delstein fjernet. I dag er haugen en stor steinrøys. På toppen av haugen står et steinkors, h. 2,10 m, br. 0,40 m, tykkelse 0,10 m Selve krossen ca 75 cm lang. I V sees et åpent gravkammer. Oppbygget av heller og en del større stein. L.: 4,8 m, br. 0,96 m, dybde 0,90 m I dette kammer ble det gjort en rekke viktige funn som for det meste ble ødelagt avutgraveren. Resten finnes i Bergens Museum I øst, inn mot krossen, er bygget en hytte. 4 m innunder haugen fyllmasse. D. 30 m, h. 2 m Se forøvrig Helliesen: Hauge nr. 10. Haugen kalles Krosshaug. Les meir

Er dette ein gamal tekst? Omtalen av ei hytte som bygd inn mot korset, stemmer ikkje med det som er å sjå i dag. Men det er restar etter menneskeleg aktivitet i røysa omkring korset. Informasjonstavla seier at det i søraustre kant av haugen ligg restar etter etter ein tysk bunkers frå andre verdskrigen.

* Jens Kraft: Historisk-topographisk Haandbog over Kongeriget Norge, Christiania 1845-1848, side 427.

One thought on “Krosshaug i Klepp”

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.