Heime igjen

6a00d8341cb87053ef00e54f3057a18834-640wi

I kveld har eg kome heim frå tre flotte veker på ferie. Etter dagane på Helgelandskysten var Inger og eg nokre dagar i Lofoten. Framleis med sol både dag og natt.

Det blei totalt 428 mil i bil, nokre mil på sykkel, ein dag på Hurtigruta, mange ferjeturar og ein flott dag på “Sea Bird Safari” med båt til Skomvær fyr, langt ute i havet utanfor Røst. Kvar dag var fylt av kjekke opplevingar, både når me var undervegs og på våre utallige stopp her og der.

Etter 12 fantastiske dagar i Nordland reiste me lange dagsetappar sørover mot Bryne. Ferien var rett og slett slutt for denne gang.

Den flotte reklamen for Nynorsk vekeblad fann eg på eit museum på Vega. Det vil nok likevel ikkje bli noko stoff frå ferien min verken i Nynorsk vekeblad eller i andre blad. Men eg kjem truleg tilbake med meir stoff her på bloggen! Då riktignok med meir fokus på natur- og kulturopplevingar enn på kjærleiken.

3 svar til Heime igjen

  1. Heidi: seier:

    Det irriterer meg litt at eg aldri kjem til å få lesa den historia i det vekebladet…

  2. Anders seier:

    Skriftemål: Eg kunne ikkje dy meg, denne fantastiske plakaten har eg stole. Velkomen heim i kyberrommet, Arne.

  3. Heidi seier:

    Må bekjenna på vegne av Leif at han og har stole plakaten til ein av bloggane sine…

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: