Dønnes kyrkje

Sommarminne frå Nordland III

Dønnes

Eg var innom ein heil del kyrkjer på ferien i Nordland. Den kyrkja som gjorde sterkast inntrykk, var Dønnes kyrkje, ei flott mellomalderkyrkje nord på øya Dønna. Kyrkja blei bygd på 1200-talet på storgarden Dønnes. I tidlegare tider var dette ei privatkyrkje knytt til Dønnesgodset, men nå er det ei vanleg soknekyrkje. Me fann oppslag om at me kunne få omvisning i kyrkja ved å venda oss til folket på garden. Det gjorde me, og då traff me faktisk kjentfolk som var på besøk der, og i tillegg fekk me god omvisning i kyrkja ved kona på garden!

Dønnes kyrkje.jpg

Denne kyrkja har faktisk eige mausoleum for folket på Dønnesgodset! Ein kjem inn i det gjennom ei gamal kopardør i det indre koret. På biletet ser me mausoleet som eit tilbygg som står vinkelrett på sjølve kyrkja. Her inne står det 22 kister med blant anna seks generasjonar av Tønder- og Coldevinslekta som i si tid dreiv garden. Eg syns kistene hadde halde seg forbausande godt. Den eldste kista var amtmann Peder Tønder si kiste frå 1694; den var kledd med geiteskinn. Den yngste kista var frå 1869.

Men sjølv om mausoleet var spesielt, vil eg først og fremst seia at det var sjølve kyrkja som gjorde så sterkt inntrykk. Sjølv om den var påbygd fleire gonger, var det ein fin heilskap over bygget. Og det var tatt vare på relativt mykje gamal kyrkjekunst her, for eksempel ein 1200-tals trefigur av Jomfru Maria med Jesusbarnet og ein figur av St. Laurentius frå 1400-talet.

Turistavisa Opplevelser på Helgelandskysten 2007 fortel meg at Dønnes kyrkje blir kalla den vakraste kyrkja i Nord-Norge. Eg har dessverre ikkje samanlikningsgrunnlag nok til å kunna skriva under på dette, men det var i alle høve ei flott oppleving å besøkja kyrkja.

Etter besøket i kyrkja var me oppe på Dønnesfjellet (127 moh) og hadde fiskesuppe og fantastisk utsikt ut over havet, blant anna med øyane Lovund og Træna i det fjerne.

Utsikt frå Dønnes

Heile serien:

 

 

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: