Langt til havs

Sommarminne frå Nordland VII

båt

Røst ligg langt til havs, ytterst i Lofoten. Men me var ikkje nøgde med å koma til Røstlandet, øya der dei omlag 600 innbyggjarane i kommunen bur. Me skulle lenger ut enn som så. Målet vårt var å sjå skulpturen Il Nido (reiret) som er plassert på Vedøya, ei av fugleøyane i havet utanfor. Denne skulpturen er truleg den mest utilgjengelege i Skulpturlandskap Nordland. For å nå dette målet, sikra me oss plass på skyssbåten Inger-Helen som tar interesserte ut på Sea Bird Safari til fuglefjella og Skomvær fyr. Me rekna ikkje med å få koma i land på Vedøya, men var fornøgde om me fekk koma så nær at me i alle høve kunne ta bilete av skulpturen.

Det blei ein minnerik tur, for å nytta eit sjeldant ord som eigentleg seier ganske mykje. Guiden Finn Olav frå Kårøy var ein eminent forteljar. Han var eigentleg på verdsomseiling nokre år, men hadde tatt turen heim frå Trinidad i sommar for å vera lettmatros og guide på Inger-Helen.

krykkje

Først dreidde det seg om fugl. Me reiste utover mellom øyane og såg utruleg mykje sjøfugl; lundefugl, krykkje, skarv og havørn. Her på desse øyane held visstnok 25 % av sjøfuglane i landet til. Ei “folke-teljing” for nokre år sidan kom til over 2 millionar fuglar! Det var imponerande med dette fuglelivet som me fekk sjå på relativt nært hald.

Skomvær fyrSå dreidde det seg om Skomvær fyr. Fyret ligg på ein holme lengst ute i havet utanfor Lofoten. Her blei me sett i land med lettbåt og fekk høyra mange gode historier frå tida då det budde folk på fyret. Om morgonen hadde det, for første gong på over ei veke, vore grått ver. Men mens me var på Skomvær, forsvann dei siste skyene og himmelen var igjen like blå som havet. Før me forlét øya fekk me også ein interessant prat med eit par kunstnarar som budde og arbeidde der ute i havgapet denne sommaren.

Deretter dreidde det seg om Pietro Querini. Denne handelsmannen frå Venezia redda seg (og følgjet sitt) i land på ei av fugleøyane her ute, ein vinterdag i 1432. Me fekk sjølvsagt historia på staden, i det me passerte Sandøy. Querini og folka hans blei på mirakuløst vis redda, og dei blei utover våren tatt godt hand om av folket på Røst. Italienaren har fått ein plass i historia, dels fordi han seinare skreiv om opplevingane sine og om koss folket på Røst levde, og dels fordi han truleg var den som først tok med seg tørrfisk frå Lofoten til Italia.

Så kom høgdepunktet for oss. Me fekk forhandla oss fram til at me kunne bli sett i land på Vedøya og bli henta med båten seinare på kvelden. Dermed nådde me eit viktig mål for ferien, i alle høve for Inger, og det på ein enda betre måte enn me hadde tenkt oss. Det var ei flott oppleving å gå opp bakkane til skulpturen Il Nido, reiret, og vita at her kunne me vera i ro og fred eit par timar før båten kom tilbake for å henta oss.

reiret

Eigentleg hadde me nok, i følgje kunstnaren Luciano Fabro, ingenting der å gjera. Han meiner at skulpturen er laga for fuglane (les meir) og ville visst helst at den skulle stått på ein enda meir utilgjengeleg stad! Det var forresten eit utruleg fugleliv på staden; det må ha vore tusenvis av krykkjer som budde i fjella like ovanfor skupturen, dessutan var her mykje ørn. Eg tok bilete av åtte på ein gong!

Heile serien:

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: