Ei helg på Vega

Eg er på Vega igjen. Eg har gode sommarminne frå eit kort opphald på øya for tre år sidan (her), men nå er eg på besøk hos Trygve, som har budd her i eit halvt år. Det gir eit heilt anna utgangspunkt for å oppleva dette spesielle øyriket. Vegaøyan er Norges største skjærgard med 6.500 øyer, holmar og skjær. Tidlegare var det fast busetnad på 59 av desse, i dag bur det bare folk på Vega og Ylvingen. Noko av det mest fascinerande med desse øyane er at dei fleste er heilt låge, det er såvidt dei stig opp av havet, mens nokre få har bratte og høge fjelltoppar.

Fredag reiste me på guida båttur til Utværet Lånan, 16 nautiske mil nordvest for Vega. Her har menneske og ærfugl gjennom fleire hundreår levd i eit spennande samspel. I dag bur fuglevaktarane på staden om sommaren og held tradisjonen ved like. Det var ei flott oppleving å få betre kjennskap til den unike ærfugldrifta som har ført til at Vega har kome inn UNESCO si verdsarvliste. På føremiddagen var me forresten også innom Kystens dag på Vegstein og fekk omvisning i den historiske samlinga til Kystlaget.

Laurdag gjekk Trygve og eg opp på Trollvasstind, 799 moh, den høgaste toppen på øya. Fantastisk utsikt over øyar og hav, riktignok gjennom ein sverm av fluer. Me gjekk opp frå Vegdalsskaret og ned til Ervika. På veg ned danna eg dei (for meg) nye orda nedoversti og bortoversti. Det var godt å koma over på ein bortoversti etter nesten 800 meter intensiv nedoversti.

Søndag var me på gudsteneste i Vega kyrkje og deretter på vandring langs havet, på vestsida av øya. Me gjekk til Vegdalen, der me låg i sola på eit svaberg eit par timar før me rusla tilbake. Ei perfekt avslutning på ei flott helg!

Vega

Sommarminne frå Nordland II

Eg var nysgjerrig på å finna ut meir om Vega. Denne øya er med på UNESCO si liste over kultur- og naturarv av eineståande verdi, saman med pyramidane i Egypt, Akropolis i Athen, Masada i Israel, den kinesiske mur og mange andre spesielle stadar i verda.

Før me begynte å planleggja ferien, hadde eg bare høyrt om øya, men visste ingenting om den. Då eg var på veg nordover, hadde eg fått med meg dette med verdsarv-lista i tillegg til at øya har ein skulptur i serien Skulpturlandskap Nordland. Skal eg vera ærleg, var det nok dette siste som gjorde at reiseleiaren Inger hadde tatt øya med i ferieplanen vår.

Me sykla over øya, studerte skulpturen (eigentleg tre skulpturar som står i eit forhold til kvarandre), såg på kyrkja, og drog så til É-huset på Nes på nordsida av øya. Dette er eit lite museum som blant anna dokumenterer den spesielle tradisjonen med å ha ærfugl som husdyr. Ja, du las rett! Dette var noko eg aldri hadde høyrt om før, og det er altså så spesielt at det har ført Vega inn på verdsarvlista.

Eigentleg er det Vegaøyan, eit stort øyrike (arkipelag) med 6.500 små og store øyar og skjær, som er listeført. Her er grunngjevinga frå UNESCO:

Vegaøyan har enestående universell verdi på grunn av
• en unik egg- og dunnæring som har eksistert i området i mer enn tusen år
• det menneskeskapte landskapet som er et testament til mennesker som utviklet en enestående og nøysom levevei i et ekstremt utsatt område rett sør for Polarsirkelen
• den lange og vedvarende interaksjonen mellom menneske og landskap som viser en usedvanlig kulturkontinuitet
• nøkkelrollen som kvinner spilte i edderdunnæringen og derved deres part i produksjonen av et høyverdiprodukt som ble en del av Hansa-handelen (les meir)

Det var forresten her i É-huset eg fann plakaten om Presten og kjærleiken.

Heile serien:

Oppdatering: I 2010 var eg tilbake på Vega og fekk oppleva meir av den spennande øya. Sjå notatet Ei helg på Vega.