Svartisen

Sommarminne frå Nordland V

6a00d8341cb87053ef00e54f32845b8834-640wi

Svartisen er imponerande! Det vil seia, eg såg jo eigenteg bare Engenbreen, ein brearm av sjølve Svartisen. Me tok skyssbåt over Holandsfjorden og sykla vidare på grusveg innover mot breen. På biletet ser du den nederste delen av Engenbreen. Dette er den lågast liggjande isbreen i fastlands-Europa, ca 20 moh.

Me brukte mest ein halv dag på den litle avstikkaren over fjorden. Tida går fort når me har med mat og drikke (les: kaffi), godt lesestoff, og dessutan oppheld oss i den naturen!

Her er forklaringa på det underlege namnet på breen:

Navnet “Svartisen” kommer fra “svartis”, et gammelt ord som betegner den dype blåfargen i denne isen og kontrasten til den hvite sneen og nyere is på selve isplatået. Ismassene byr på et spekter av ulike fargenyanser fra blank krystallklar is, til turkis – hvit – lys og mørke blåfarger.

(les meir)

På brygga der båten la til inne ved breen, møtte me ei frimodig måke. Ho hadde lagt reiret sitt ytterst på bryggekanten, akkurat der båten la inntil sånn ca kvar time. På biletet ser du måken og reiret. Det som ikkje kjem fram på biletet, er at ho med høge skrik gav klar melding om at dette var hennar brygge!

fugl

Heile serien:

Èitt svar til Svartisen

  1. Anders seier:

    Det er stadig fuglar som gjer livet slitsamt for seg ved Svartisen, forstår eg. I fjor blei vi overfalt av ei terne heilt inne ved breen, det var tydeleg at ho hadde reir like ved stien. Arne har rett, denne turen er ei heilt spesiell oppleving, jamvel i høljande regn.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: