Midnattssol

Sommarminne frå Nordland VI

sol 1

Eg syns midnattssola er fascinerande. Her sit eg i strandkanten og nyt sola og havet. Klokka er 00.48. For å få denne utsikta, reiste me seint på kvelden litt nordover frå Reipå Camping ved Ørnes. Det blei ein svært vellukka nattleg ekspedisjon. Ei stor mengde mygg var det einaste som trakk opplevinga ned eit par hakk. Staden ligg for øvrig heilt vest i Gildeskål kommune (heimbygda til Elias Blix, – så fekk eg til ære for BlixBlog så vidt fletta diktaren inn i denne Nordlandsserien).

sol 2

Den flottaste opplevinga med midnattssola hadde me kanskje på Eggum “på yttersida” av Lofoten. Me slo opp teltet i strandkanten og var oppe lenge. Her var det ikkje mygg. Kameraet fortel at biletet blei tatt tidleg om morgonen, ca kl 02.30. “Du skal ikkje sova burt sumarnatta!”

hode

Her ved Eggum står skulpturen Hode som ein del av Skulpturlandskap Nordland. Det er vanskeleg å skildra denne skulpturen skikkeleg, den må rett og slett opplevast! Frå ein vinkel ser den ut som ein heilt vanleg byste av eit mannshovud på ei søyle. Men går du rundt den, skiftar den form 16 gonger, og frå ein annan vinkel står faktisk hovudet opp-ned! Her ser eg nærare på dette utrulege kunstverket. (Les meir)

ruinkyrkja

Den siste kvelden i Lofoten sykla me ein liten midnattstur til nordsida av Røstlandet for å sjå på denne kyrkjeruinen. Klimaet er barskt på Røst, og det har ikkje vore lett å få nokon kyrkje til å stå over lengre tid. Tidleg på 1800-talet prøvde ein seg med denne steinkyrkja, men heller ikkje den blei gamal. I år 1900 var ho i så dårleg stand at ho måtte tas ut av bruk, og treverket blei brukt andre stadar. Tilbake står dei spesielle murene som ein vakker kyrkjeruin.

For meg er midnattssola eit fenomen eg opplever og lar meg fascinera av. Men like fascinerande er det jo å sjå at dei som bur der nord, f eks malar huset eller vaskar bilen midt på natta!

Heile serien:

Èitt svar til Midnattssol

  1. Heidi: seier:

    Eg får veldig lyst til å dra dit. For eit fantastisk land me bur i.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: