Sommar på Helgelandskysten

6a00d8341cb87053ef00e54f2f298d8834-640wi

Eg har denne veka hatt flotte og innhaldsrike dagar på Helgelandskysten. For meg er dette ein ny og ukjent del av landet. Men eg må jo innrømma at det er eg som ikkje er oppdatert, her har det trass alt budd folk i tusenvis av år.

Til ei forandring har eg reiseleiar med meg på denne ferien. Som nokre av lesarane av bloggen veit, sykla Inger Norge på langs for to år sidan. Det lesarane truleg ikkje veit, er at ho sidan har lagt skumle planar for koss ho skulle få meg med på ein ny tur, denne gong med fokus på Nordland. Dette var nemleg fylket som gjorde sterkast inntrykk på henne på sykkelturen. Denne sommaren er eg altså offer for planane hennar. Og eg angrar slett ikkje på at eg blei med på notene, for me har det herleg og eg har fått med meg utruleg mykje flott natur, verdifull kultur og eit fantastisk sommarver! Natur- og kulturopplevingane er stort sett nøye planlagt av reiseleiaren, veret er ein ekstra bonus for alle som ferierer i Nord-Norge for tida.

Biletet viser overnattingsplassen vår på Bjørnsøya på Dønna.

Eg nemner bare nokre foreløpige høgdepunkt her: Tur opp til holet i Torghatten ved midnatt, sykkeltur på Vega (eit øysamfunn som er med på UNESCOs World Heritage List), overnatting på ein gamal gard der den første biskopen i Nord-Norge budde, besøk på Alstadhaug, omvisning i Dønnes kyrkje og mausoleum, tur til Svartisen og sist, men ikkje minst: Jakt på skulpturar finurleg plassert ute i naturen (Skulpturlandskap Nordland). Kanskje det her på bloggen kjem meir stoff om noko av dette på eit seinare tidspunkt? Eg har i alle høve opplevd så mykje at det kan bli mange bloggartiklar, om eg skulle bli overmanna av skrivelyst og ledig tid.

Èitt svar til Sommar på Helgelandskysten

  1. Heidi seier:

    Kjekt å lesa. La deg overmanna av skrivelyst.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: