Meir frå landsmøtet

Landsmøte i Den Norske Israelsmisjon 2007

Nå er landsmøtet slutt. Måndag reiser me frå Oppdal etter inspirerande dagar på Israelsmisjonen sitt landsmøte og sommarstemne.

Dagen i dag har vore viktig for oss. I føremiddag deltok me i gudstenesta i Oppdal kyrkje. Der blei tre nye medarbeidarar innvia til misjonærteneste. I tillegg blei tre nye voluntørar presentert på avslutningsmøtet i kveld. Eg gleder meg over at to ungdomar frå Bryne er med i denne samanhengen; Kristin Helgesen Nese og Odd Ivar Nese skal vera voluntørar i Immanuelskyrkja i Tel Aviv det neste året. Kjempebra!

I går var det val på landsstyre for den komande treårsperioden. Eg blei valt inn i styret saman med Torgeir Flateby (leiar), Paul Odland, Eva Walderhaug Sæther, Bertel Aasen og Gunvor Fyllingsnes. I tillegg er Odd Bjarne Skogestad representant for dei tilsette i organisasjonen. Eg ser på dette både som ei viktig teneste og som eit stort ansvar. Eg har vore vararepresentant den siste perioden, og veit derfor heldigvis litt om kva oppgåva går ut på. Først og fremst gleder eg meg til arbeidet i landsstyret. Eg reknar med at det skal bli givande og interessant!

2 svar til Meir frå landsmøtet

  1. Astrid W. Sevland seier:

    Gratulera med at du blei valt inn i landsstyret. God tur vidare og god ferie. Hels Inger.

  2. Astrid Sevland seier:

    Det høyrtes kjempekjekt ut, å vera på DNI`landsmøte. Me fekk det ikkje til dette året, men kan henda me tek med teltet neste år. Lukka til vidare på oppdagelsesferien dykkar. Kos dykk på sykkelturane oppe i nord. God ferie til både Inger og Arne. Mvh. “teltentusiastan”

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: