Hinna-konfirmantar 2017

05/05/2017

unnamed-4

Her er «tullebildet» av årets konfirmantar på Hinna. Ein god gjeng med ungdommar som eg har fått tilbringa mykje tid saman med det siste året. Foto: Arild Hjelm.

Denne og neste helg har me seks konfirmasjonsgudstenester med til saman 103 konfirmantar.

Her på bloggen markerer eg konfirmasjonane også dette året med ein konfirmasjonssalme som eg sjølv set stor pris på. Salmen er på ein glimrande måte prega både av tru, håp og kjærleik. Men når eg siterer salmen, vil eg nemna at det ikkje er alle konfirmantane som blei borne til dåpen då dei var små; også dette året har nokre av ungdomane i påsken gått på sine eigne føter fram til døypefonten for å bli døypt.

Glade samlast me i kyrkja for å vera i din nærleik
Her er våre konfirmantar, Herre signa dei med kjærleik
For dei unge vil me be
Signa dei med mot og fred
Herre gje dei kraft og tru
Signa dei du.

Stolte bar me dei til dåpen, og nå samlast me i glede
Nå er dåpsbarna blitt store, dei står her i kvite klede
Sjå til alle som er her
Signa oss og ver oss nær
Ver hos oss i tvil og tru.
Signa oss du.

Gje dei unge mot og vilje, vakne sinn, og sterke røter
Så dei vågar sjå og høyra, vera midt i alt dei møter
Kunna tola slit og strid
Halda fast og vera fri
Signa dei med mot og tru
Signa dei du.

Signa alle deira dagar, dei som gret og dei som smiler
Ver du nær dei alle timar, når dei trur og når dei tvilar
Herre signa deira liv
Gje dei håp og perspektiv
Signa dei med song og tru
Signa dei du.

Tekst: Heidi Strand Harboe
Melodi: Johanne Ur Sæbø

Advertisements

Hinna-konfirmantar 2016

05/05/2016

13012747_1100070133390403_4074490670256034759_n

Eg måtte bare ta vare på dette herlege «tullebildet» av årets konfirmantar her på bloggen òg! Som dokker ser, er det ikkje verst å bli boren på gullstol 🙂

Nå i helga skal me ha fem konfirmasjonsgudstenester med til saman 86 konfirmantar. Kateket Kirsti Melangen er den sentrale leiaren av denne delen av kyrkjelydsarbeidet. Eg har gleda av å vera med i samarbeidet, saman med kollega kapellan Eva Vassbø.

Sjå også nettsida Hinna kirke.

Her på bloggen markerer eg helga med ein konfirmasjonssalme som eg sjølv set stor pris på. Salmen er på ein glimrande måte prega både av tru, håp og kjærleik. Men når eg siterer salmen, vil eg også nemna at det ikkje er alle konfirmantane som blei borne til dåpen då dei var små; nokre av ungdomane har denne påsken gått på sine eigne føter fram til døypefonten for å bli døypt.

Glade samlast me i kyrkja for å vera i din nærleik
Her er våre konfirmantar, Herre signa dei med kjærleik
For dei unge vil me be
Signa dei med mot og fred
Herre gje dei kraft og tru
Signa dei du.

Stolte bar me dei til dåpen, og nå samlast me i glede
Nå er dåpsbarna blitt store, dei står her i kvite klede
Sjå til alle som er her
Signa oss og ver oss nær
Ver hos oss i tvil og tru.
Signa oss du.

Gje dei unge mot og vilje, vakne sinn, og sterke røter
Så dei vågar sjå og høyra, vera midt i alt dei møter
Kunna tola slit og strid
Halda fast og vera fri
Signa dei med mot og tru
Signa dei du.

Signa alle deira dagar, dei som gret og dei som smiler
Ver du nær dei alle timar, når dei trur og når dei tvilar
Herre signa deira liv
Gje dei håp og perspektiv
Signa dei med song og tru
Signa dei du.

Tekst: Heidi Strand Harboe
Melodi: Johanne Ur Sæbø


Sokneprest i Hinna

01/06/2012

Eg har i dag (01.06.2012) begynt som sokneprest i Hinna. Velkomen til innsetjingsgudsteneste søndag 10. juni kl 11. Eg har nå vore nokre år i ei administrativ stilling på bispedømmekontoret, og ser fram til å vera ein «vanleg» prest i ein lokal kyrkjelyd igjen. Tida vil visa koss dette vil merkast her på bloggen.

Eg har eit spesielt forhold til Hinna frå før. Dette er kyrkja der eg blei konfirmert i 1971 og ordinert i 1984.

Sjå Hinna kyrkje si heimeside.

Oppdatering søndag kveld 10. juni: Innsetjingsgudstenesta og fest-kyrkjekaffi etterpå var ei flott oppleving og ein god oppstart i tenesta for meg. Takk for gode ord frå prosten, menighetsrådet og frå mange andre i kyrkjelyden. Som spesiell helsing frå prost Sigfred Sørensen, som stod for innsetjinga, fekk eg eit vers frå dagens episteltekst: Og høyrer de Kristus til, då er de Abrahams ætt og arvingar etter lovnaden. (Gal 3,29)


Ordinasjonsdagen min

24/06/2008

I dag er det St Hans dag, eller Jonsok. Det er ordinasjonsdagen min. Eg blei ordinert til prestetenesta i Hinna kyrkje søndag 24. juni 1984 av biskop Sigurd Lunde.

Biskopen talte over teksten: Sysken, eg ønskjer av hjartet og bed til Gud at dei må bli frelste (Rom 10,1). Han overførte desse orda av Paulus til vår tid og vårt samfunn og la sterkt inn over meg og min medordinand Marit Rannestad at det det gjeld, er at folk blir frelst. Dette må vera det viktigaste i prestetenesta, sa han.

Men biskopen unnlét ikkje å minna oss om samanhengen Paulus skreiv dette i. Romarbrevet kap 9-11 handlar om Paulus sitt engasjement for å forkynna Jesus som Messias for det jødiske folket. Det verken biskopen eller eg visste den gongen, var at eg seinare i livet skulle engasjera meg spesielt for Israelsmisjonen. Ordinasjonsteksten har på den måten fått ein ny dimensjon for meg nå. Er det dette som kallest at ringen blir slutta?


%d bloggarar likar dette: