Den heilage ande og eld

16/06/2017

Notat til søndagens tekst 18. juni 2017: Matt 3,11-12

Den allmektige Gud har no gjeve deg sin heilage Ande, fødd deg på nytt og teke deg inn i sin truande kyrkjelyd. Gud styrkje deg med sin nåde til det evige livet. Fred vere med deg. Dette blir sagt til den som er døypt, rett etter dåpshandlinga, i liturgien som me brukar i Den norske kyrkja. Orda er dei same, anten det er barn, ungdomar eller vaksne som blir døypte.

Døyparen Johannes seier i søndagens evangelium at Jesus skal døypa med Den heilage ande og eld. Me kan kalla dette ein messiansk åndsdåp. Bakgrunnen finn me i Det gamle testamentet, og tanken om at Den heilage ande blir gitt i dåpen, er viktig i kristen dåpsteologi. Det nye testamentet formulerer dette slik: Han frelste oss ved badet som gjenføder og fornyar ved Den heilage ande, som han så rikeleg har aust ut over oss ved Jesus Kristus, vår frelsar … (Tit 3,5f).

2. søndag i treeiningstida (18. juni 2017) kan kallast dåpens søndag. Sjølv er eg så heldig at eg skal få døypa seks barn på søndag. Det gjer eg i tru på at Gud vil gje dei sin heilage ande, føda dei på nytt og ta dei inn i det kristne fellesskapet.

Eg har skrive ein gjennomgang av søndagens preiketekst på Israelsmisjonen si nettside, sjå Dåp med Den heilage ande og eld.

Advertisements

Døypte Jesus og disiplane?

05/06/2012

Notat til søndagens tekst: Joh 3,26-30

Søndagens tekst er ein av to stadar i Johannesevangeliet der det står at Jesu disiplar (og kanskje også Jesus?) døypte i Judea, på tilsvarande vis som Døyparen Johannes gjorde det.

Dette er på ingen måte hovudpoenget i preiketeksten, men eg må innrømma at eg blir litt nysgjerrig når eg les dette.

Du finn dei to tekstane i Joh 3,22-26 og Joh 4,1-2. I den første av desse tekstane står det at Jesus var saman med disiplane sine og døypte. I den andre teksten står det at det eigentleg ikkje var Jesus sjølv som døypte, men disiplane hans.

Her gjengir truleg Evangeliet etter Johannes ein gamal tradisjon, som dei synoptiske evangelia ikkje har tatt med, om den første tida av Jesu offentlege gjerning. Dette kan vera frå tida like etter Jesu eigen dåp ved Døyparen Johannes, før han drog til Galilea for å konsentera seg om undervisning, forkynning og helbredande teneste (Matt 4,23).

Det som er viktig å halda klart, er at denne dåpen som Jesu disiplar (og kanskje også Jesus sjølv) ei tid praktiserte, ikkje er den same dåpen som den me har i den kristne kyrkja i dag. Vår kristne dåp byggjer på Jesu død og oppstode. Johannes-dåpen (og dermed også denne dåpen som Jesus og/eller disiplane praktiserte i Judea) var ein omvendingsdåp eller bots-dåp som peika framover mot den frelsa som Jesus Messias kom med frå Gud.

Og her er dei aktuelle tekstane:

22 Sidan drog Jesus og læresveinane hans til Judea. Der var han ei tid saman med dei og døypte. 23 Også Johannes døypte, i Ainon ved Salim. For det var mykje vatn der, og folk kom dit og lét seg døypa. 24 Dette var før Johannes vart kasta i fengsel. 25 Læresveinane til Johannes kom no i diskusjon med ein jøde om reinsinga. 26 Dei gjekk til Johannes og sa til han: «Rabbi, den mannen som var saman med deg på andre sida av Jordan, han som du vitna om, no døyper han, og alle går til han.» (Joh 3,22-26)

1 Jesus fekk no vita kva farisearane hadde høyrt: at han vann fleire læresveinar og døypte fleire enn Johannes.  2 No var det ikkje Jesus sjølv som døypte, men læresveinane hans. (Joh 4,1-2)


Paulus om ein ny fødsel

30/05/2009

logo_anno_paolino«Å bli født på ny» er eit av dei mange uttrykka som blir brukt i samband med å bli kristen. Ulike kristne kyrkjesamfunn vil nok bruka dette uttrykket på litt ulik måte i forkynninga. Eg høyrer til i Den norske kyrkja som er eit evangelisk-luthersk trussamfunn, og me knyter dette uttrykket til den grunnleggjande handlinga som Gud gjer med eit menneske gjennom dåpen, anten det skjer i barnedåp eller i vaksendåp.

Me er inne i eit Paulusår, og eg markerer det her på bloggen med eit kjent sitat kvar månad, eitt frå kvart av dei tretten Paulusbreva i NT.

Me har nå kome til Paulus» brev til Titus. Maisitatet er henta frå Tit 3, der den nye fødselen blir knytt til dåpen (som her blir kalla eit bad):

Han frelste oss,
ikkje fordi vi hadde gjort rettferdige gjerningar,
men fordi han er miskunnsam.
Han frelste oss
ved det badet som gjenføder
og fornyar ved Den heilage ande,
som han så rikeleg har aust ut over oss
ved Jesus Kristus, vår frelsar,
så vi ved hans nåde skulle stå rettferdige for Gud
og bli arvingar til det evige livet, det som er vår von.

(Tit 3,5-7)

Uttrykket «det badet som gjenføder og fornyar ved Den heilage ande» viser til dåpen. Den greske grunnteksten nyttar her substantivet paliggenesia som betyr «ny fødsel». Dette ordet blir elles i NT bare nytta i Matt 19,28, der det handlar om at verda ein gong skal fødast på nytt. Ordet er elles godt kjent i annan greskspråkleg litteratur.

Sjølv om ordet paliggenesia ikkje er nytta om enkeltmenneske elles i NT, er ikkje Paulus åleine om denne tankegangen. Me finn også formuleringar om ein ny fødsel til eit liv i tru i Johannesevangeliet (3,3-8) og i 1. Peters brev (1, 3 og 23), men her er det nytta andre ord og uttrykk.

Tidlegare sitat:


%d bloggarar likar dette: