Reidar Bakkes bibliografi

Eg ryddar for tida i ein del gamle papir og kom nyleg over bibliografien til svigerfar Reidar Bakke (1926 – 2012). Eg vil gjerne dela den her på bloggen:

  • Tilpasningsproblemer i skolealderen. Særoppgave, Oslo offentlige lærerskole 1951
  • Målet for historieundervisninga i folkeskulen. Hovudliner i utviklinga av målsettingssynet frå 1860 til 1905. Avhandling til magistergraden, Universitetet i Oslo. Oslo 1958
  • «Inntrykk frå arbeidet for born med tilpasningsvanskar i England» i Norsk skuleblad, 1952, side 820-827
  • «Ein ideell skuleheim» i Prismet, 1956, side 87-91
  • «Bør hjelpeskolens målsetning avvike fra folkeskolens?» i Skole og Samfunn, 1956, side 112-116
  • «Historiens plass i skolen» i Norsk Pedagogisk Tidsskrift, 1960, side 131-141
  • «Plan for samfunnsfag» i Prismet, 1960, side 136-140
  • «Niårig skole. Den nye rammen skal fylles med nytt innhold» i Norsk skuleblad, 1960, side 512-513
  • «Nytt utgangspunkt for målsettingsdebatten» i Prismet, 1961, side 1-7
  • «Sentralskolespørsmålet – psykologisk og pedagogisk vurdert» i Prismet, 1965, side 225-230
  • «Norsk pedagogisk forskning. Hva er status i dag? Hvilke utviklingslinjer ønsker man?» i Skolen – et produkt av forskning og teknikk?, Universitetsforlaget 1970, side 106 flg
  • «Pedagogisk tenesteyting» i Norsk Pedagogisk Tidsskrift, 1972, side 111 flg
  • «Pedagogisk tenesteyting i lokalsamfunnet» i Syn og Segn, 1972, side 170-175
  • «Skole og undervisning som tenesteyting» i Synspunkter på nåtid og framtid, Rogaland Distriktshøgskoles skrifter, 1973, side 79 flg
  • Erfaringer fra forsøk med Pedagogiske sentra og Pedagogisk-psykologiske distriktskontor. Stensil. Forsøksrådet for skoleverket, Oslo 1975
  • Arbeidslivserfaring for elever i grunnskolen. En situasjonsrapport om gjennomføringen av Alternativ opplæring. Forskningsrapport fra Rogalandsforskning, nr 2 – 1979, 160 sider

Reidar var skuleinspektør i Egersund frå 1958, i Hetland frå 1962 og skuleinspektør/skulesjef i Sandnes frå 1965. Eg har tidlegare tatt med minneorda som eg heldt i gravferda hans (her).

Reidar Bakke (1926 – 2012)

Minneord over svigerfar ved gravferda i Høyland kyrkje 15.06.2012

(Bildet blir større om du klikkar på det)

Oppvekst / ungdomstid

Reidar var født 19. juli 1926 i Bjerkreim. Foreldra Nilla Bertine og Ole Matias Bakke, som begge var frå Jølster i Sunnfjord, hadde året før flytta til Bjerkreim og kjøpt Oremo, der dei dyrka opp garden frå grunnen av. Det blei etter hvert åtte barn i familien, tre eldre enn Reidar og fire yngre. Familien budde og arbeidde på Oremo i svært enkle kår. Då foreldra flytta dit, var det f eks ikkje bilveg fram til plassen. Og strøm fekk garden først etter at Reidar hadde flytta heimefrå.  Ungdomstida var naturleg nok prega av krigen, som braut ut då Reidar var snautt 14 år gamal.

Reidar fekk likevel muligheten til å dra til Bryne for å gå på gymnas. Han tok eksamen artium i 1948 og sikta etter hvert inn mot å arbeida i skulen. Frå oppveksten hadde han med seg ei tydeleg kristentru med forankring i kyrkja, ein sterk rettferdighetssans og ei omsorg for dei som falt utanfor. Dette var verdiar som sidan prega han heile livet.

Omsorga for dei som strevde i livet, ser me spor av allereie i dei første stillingane han hadde. Først arbeidde han eit år på Bergen Guttehjem, og etter at han hadde tatt lærarskulen i Oslo, var han lærar for hjelpeklassen på Kvaleberg skule i Stavanger.

Det var i tida som ung student han ein sommar tok sykkelen med og reiste på eiga hand på studietur til England. Her møtte han ei ny og spennande pedagogisk tenking, og han fekk faglege impulsar og kontaktar som sette spor. Då han skulle heim frå England, tok han like godt båt over til Frankrike og sykla heim gjennom Europa! Dette var ein tur han sidan ofte kom tilbake til og fortalte om.

Familieliv

Reidar blei kjent med Sissel i Oslo i 1952 mens han studerte pedagogikk, etter lærarskulen. Det er ei kjent forteljing i familien at han var veldig forelska, men at det gjekk ei tid før Sissel let seg overtala. Sidan har Reidar fortalt om kor viktig det er å venta på ”den rette”. Sissel og Reidar gifta seg i 1955, og dei har hatt svært mange gode år saman med ein tydeleg kjærleik til kvarandre. Då Reidar siste gong talte til Sissel, i hennar 80-års dag, hadde han bare fokus på henne og på kjærleiken!

Sissel og Reidar fekk fire barn; Inger, Kirsten, Norunn og Sjur. Sidan har familien vakse med ein stor flokk med svigerbarn, 15 barnebarn og 1 oldebarn. Familien betydde mykje for han. Han var ein moderne mann som gjerne kunne bryta det som den gong var vanlege kjønnsrollemønster. Han var involvert i barna sine liv og var også gjennom dette forut for si tid. Samtidig er det ikkje å leggja skjul på at han, då barna var i oppveksten, var ein travel far med lange arbeidsdagar. Men i helgene tok han dette igjen, og var glad i å vera i aktivitet og på tur saman med barna.

Når han skulle kopla av, sette han helst i gang med hagearbeid, vedhogging eller turar i heia. Det var også naturleg å bruka tid på å hjelpa andre, anten det var med rådgiving eller med praktisk arbeid. Han var ein svært god støtte for mange i familien og slekta.

Røtene i Jølster var også viktige for han. Han drog gjerne på ferieturar dit, først med heile familien, seinare aleine med Sissel. Det betydde mykje å kunna springa på fjelltur opp til breen og å halda på kontakten med slekta i Stardalen, den vakre bygda som både mors- og fars-slekta kom frå.

Pedagogen

Reidar var ein pedagog med engasjement og sterk fagleg interesse. Dette førte han tilbake til Oslo og til vidare studium fram til magistergraden i pedagogikk. Så gjekk vegen vidare til stillinga som skuleinspektør i Egersund og Hetland og som skulesjef i Sandnes. Då Reidar blei tilsett i Egersund var han 32 år og den yngste skuleinspektøren i landet. Den lengste perioden hadde han i Sandnes, der han var skuleinspektør og skulesjef i over 20 år.

Som ledar såg han heile tida framover, og var opptatt av å følgja med i utviklinga. Det blir sagt at innsatsen hans var prega av stor kunnskap og innsikt. Han var blant anna ein pådrivar i innføringa av den 9-årig skulen og det blei bygd mange nye skular for ungdomane i Sandnes i hans tid som skuleledar. Den praktiske bakgrunnen hans og det faglege synet på læring gjorde at han la stor vekt på elevane sin yrkespraksis og arbeidslivserfaring. Dette hadde han også forskingspermisjon for å arbeida meir med, ved det som den gong heitte Rogalandsforskning.

Reidar var opptatt av samspelet mellom skulen og kulturlivet, og han var blant anna ein støttespelar ved oppstarten av Sandnes Musikkskole. I denne samanhengen er det også naturleg å nemna det nære forholdet han hadde til korarbeidet som Audun Vagle dreiv gjennom Ganddal Pikekor og dei mange skulekora. Reidar hadde eit sterkt engasjement for dette arbeidet, der også alle fire barna var aktivt med.

Reidar var ein tydeleg ledar som kunne vera kompromisslaus for det han hadde tru på. Dermed møtte han også motgang, og på 80-talet blåste det kraftig rundt han. Men Reidar blei ståande gjennom stormen, og fullførte arbeidet som skulesjef fram til han blei pensjonist.

Pensjonistliv og familieliv

Då Reidar blei pensjonist, begynte ein ny og rik periode i livet hans. Han fekk meir tid til familien og meir tid til frivillig arbeid for det som engasjerte han.

Reidar hadde lenge hatt ein draum om å oppleva Afrika. På 90-tallet reiste han og Sissel på tre større Afrika-turar, først og fremst til området rundt Viktoriasjøen. Dei besøkte norske misjonærar og dei reiste gjerne med enkel og offentleg kommunikasjon slik at dei kom i nær kontakt med det vanlege folkelivet. Desse turane skapte bare eit enda større engasjement for Afrika, og dette var i stor grad med og prega pensjonisttida til Reidar.

Sissel og Reidar engasjerte seg også i eit arbeid for teltmakarmisjon, og gjennom dette miljøet fekk dei kontakt med den kristne nødhjelporganisasjonen Food for the Hungry International  (FHI), – og den lille norske avdelinga Hungershjelpen – Norge. Her blei etter hvert Reidar leiar for den norske avdelinga og medlem av det internasjonale styret. Dette førte til mange reiser til styremøte i USA og i andre land. Me ser her ei linje frå Reidars pedagogiske arbeid for dei som strevde med livet, til hans sterke engasjement for dei som lid i verda i dag. Dette engasjementet hadde eit tydeleg utgangspunkt i nestekjærleiken, og gjennom dette står Reidar fram som eit viktig forbilde for oss alle.

Engasjementet som var tent, viste seg også i at Reidar ivra for at han og Sissel skulle gjera noe for innvandrarar som kom til Norge. Han tok kontakt med kommunen og dei blei kontaktpersonar for folk som kom frå Gambia. Desse besøkte dei og inviterte heim til seg. I fleire år var ein gambisk familie til middag første juledag hos Sissel og Reidar.

Me som utgjer den nære familien rundt Reidar, vil først og fremst minnast han som ein stabil og trygg samtalepartnar og støttespelar. Barnebarna har veldig mange gode minne knytt til morfar og farfar. Han var god til å fortelja historier. Han var med på leiken. Han fant på kjekke ting å gjera, som å laga dusj ute i hagen. Han tok dei med ned i verkstedet i kjellaren og fiksa gamle ting. Han kunne kle seg ut, med bart og bastskjørt. Mange ganger kom det vel med at han var ein samlar av dei sjeldne. Det var ikkje bare bøker han samla på!

Då Reidar fylte 80 år og framleis var heilt frisk, inviterte han til fjelltur for heile familien på Friluftsgarden Mån. Det var ei stor oppleving for alle som var med. Me var saman eit heilt døgn i leik og alvor, og om kvelden hadde me fest med taco og talar. Barnebarna sa noe med utgangspunkt i ”Når eg tenkjer på morfar/farfar, tenkjer eg på …”. Det blei mange flotte og gode ord om jubilanten!

Dei siste åra var ikkje helsa den same. Han trong meir hjelp, og det siste året har han hatt fast plass på Åse Bo- og aktivitetssenter. Den siste tida hadde han problem med å uttrykkja seg, og dette var nok til størst frustrasjon for han sjølv. Aller best hadde han det når Sissel var ved hans side, og når han fekk besøk av dei minste i familien, dei to nye barnebarna Sofia og Omar, og oldebarnet Solveig som han strålte opp over å få sjå.

Me vil alle huska at han hadde det lune smilet med seg, lenge etter at orda forsvann. Torsdag 7. juni sovna han stille inn, mens Sissel heldt han i handa.

Me lyser fred over minnet etter Reidar Bakke.

Relatert stoff: Reidar Bakkes bibliografi

80-årsdag utanom det vanlege

Reidar 80 år, Mån 2006

Fredag kveld feira me svigerfar Reidar sin åttiårsdag. Og han er ikkje som åttiåringar flest, nei. Han inviterte like godt familien på fjelltur til Friluftsgarden Mån! Det er ca 1 time å gå frå parkeringsplassen inst i Frafjord, og den første delen av turen opp er skikkeleg bratt.

På biletet ser du heile gjengen utanfor den gamle delen av huset. Me greidde å samla 22 familiemedlemer til turen. Dei som mangla var to barnebarn som er utanlands (Trygve i Sør-Afrika og Karen i Kroatia) og ei kjærast (Påls Hanne Mari). Tre barnebarn (Øystein, Vegard og Eirik) kom ovanfrå fjellet ned til Mån, direkte frå lang fottur i Ryfylkeheiane! Eirik hadde då vore i fjellet i 11 dagar og søskenbarna Øystein og Vegard kopla seg på i Sirdal og var med dei siste tre dagane av denne turen.

Me hadde eit døgn saman på Mån, og det var ein flott måte å samla familien på. Det blei tid til mange aktivitetar; eg nemner bading, grilling, kubbespel og fisking. Men først og fremst var me der, saman. Prata, leika, koste oss. Og fredag kveld hadde me festkveld med taco og talar, sjølvskrivne songar og anna program. Alle barnebarna sa noko med utgangspunkt i «Når eg tenkjer på morfar/farfar, tenkjer eg på …» Det blei mange flotte og gode ord om jubilanten!

Det er spesielt to ting eg har lyst å trekkja fram etter denne turen:

  • Det å reisa på tur saman, på tvers av generasjonane, gir mange gode og verdifulle opplevingar. Reidar er opptatt av slekt og familie og han har alltid likt å koma seg ut i naturen, så dette var ei feiring som stod i stil til jubilanten!
  • Det blei, på ein fin måte, lagt vekt på Reidar sitt engasjement for dei som lid i verda, eit sterkt engasjement med utgangspunkt i nestekjærleiken. Han har blant anna i fleire år vore formann for den norske avdelinga av Food for the Hungry.

I tillegg til alt dette, kan eg ikkje gå la vera å seia nokre ord om plassen me var. Naturen rundt Mån er flott. Månafossen er fascinerande og sjølve sletta med den nedlagte fjellgarden er ein herleg plass. Dette er eit turområde eg trivst godt i og som eg har skrive om før her på bloggen. I dag blei det også rom for litt nostalgi for meg: Eg fann ei gamal hyttebok med notat frå turar eg hadde til Mån då eg var tenåring. Og det er jo slikt som set tankane i gang hos ein gamal femtiåring!