Frå Jerusalems bossplass på Jesu tid

Det bosset som me kvittar oss med, fortel mykje om livet vårt og kulturen vår. Av same grunn kan også tidlegare tiders avfall fortelja mykje om tidlegare tiders samfunn. Innan arkeologisk forskning er ein derfor faktisk interessert i «uvesentlege» stadar som fyllingar og bossplassar i tillegg til det me vanlegvis tenkjer på som arkeologiske utgravingar.

Dei siste åra har forskarar systematisk studert fyllmassen i ein 2000 år gamal bossplass i Jerusalem. Staden ligg nær Siloadammen, i skråninga mot Kedrondalen på austsida av Davidsbyen. Størsteparten av det dei har gravd ut er restar etter heilt vanleg daglegliv, slike ting som krukker, kokekar, lampar og bein frå dyr. Funna blir tidfesta bl a ved grundige undersøkingar av myntar som ligg i fyllmassen.

Ein artikkel i den israelske avisa Haaretz omtalar utforskinga av denne fyllinga og av eit stort bustadhus frå same tidsperiode og i same område. Det er spesielt to tema i artikkelen som fangar interessa mi. Det eine er at bossplassen, pga av store mengdar restar etter kokekar, kanskje kan seia noko om livet til dei mange tilreisande pilegrimane til valfartsfestane i Jerusalem. Det andre er at utgravinga av bustadhuset kanskje kullkastar tidlegare teoriar om koss befolkninga var samansett i ulike bydelar i Jerusalem på Jesu tid.

Hald fram med å lese «Frå Jerusalems bossplass på Jesu tid»