Frå Jerusalems bossplass på Jesu tid

Det bosset som me kvittar oss med, fortel mykje om livet vårt og kulturen vår. Av same grunn kan også tidlegare tiders avfall fortelja mykje om tidlegare tiders samfunn. Innan arkeologisk forskning er ein derfor faktisk interessert i “uvesentlege” stadar som fyllingar og bossplassar i tillegg til det me vanlegvis tenkjer på som arkeologiske utgravingar.

Dei siste åra har forskarar systematisk studert fyllmassen i ein 2000 år gamal bossplass i Jerusalem. Staden ligg nær Siloadammen, i skråninga mot Kedrondalen på austsida av Davidsbyen. Størsteparten av det dei har gravd ut er restar etter heilt vanleg daglegliv, slike ting som krukker, kokekar, lampar og bein frå dyr. Funna blir tidfesta bl a ved grundige undersøkingar av myntar som ligg i fyllmassen.

Ein artikkel i den israelske avisa Haaretz omtalar utforskinga av denne fyllinga og av eit stort bustadhus frå same tidsperiode og i same område. Det er spesielt to tema i artikkelen som fangar interessa mi. Det eine er at bossplassen, pga av store mengdar restar etter kokekar, kanskje kan seia noko om livet til dei mange tilreisande pilegrimane til valfartsfestane i Jerusalem. Det andre er at utgravinga av bustadhuset kanskje kullkastar tidlegare teoriar om koss befolkninga var samansett i ulike bydelar i Jerusalem på Jesu tid.

Avisa fortel at dei to forskarane Ronny Reich og Eli Shukron har hatt ansvaret for arbeidet. Når eg i denne omtalen nyttar kristen terminologi og skriv om Jesu tid og nytestamentleg tid, skuldar eg dei israelske forskarane å opplysa om at dei sjølvsagt ikkje nyttar slike ord. Dei omtaler tidsperioden som The Second Temple Era og The Early Roman Periode.

Det er Ronny Reich som uttaler seg til avisa og som knyter dei store mengdene restar etter kokekar til den aukande mengda pilegrimar som kom til Jerusalem tre gonger i året på denne tida.

Feiringa av dei tre store jødiske valfartsfestane Sukkot (lauvhyttefesten), Pæsach (påske) og Shavuot (pinse) var svært viktige i jødedomen på Jesu tid. Store menneskemengder kom reisande til Jerusalem og tok del i feiringa på tempelplassen i Jerusalem, på bakgrunn av orda i 5. Mosebok 16,16. Truleg dreidde det seg om over 100.000 pilegrimar som kom til byen under festane. Det må ha vore eit yrande folkeliv. Men koss budde dei? Ole Christian Kvarme skriv om dette i boka Åtte dager i Jerusalem. Han meiner Jerusalem må ha hatt mange herberge, at mange pilegrimar truleg overnatta i teltleirer utanfor byen og at mange budde privat innkvartert. Pilegrimstrafikken må ha krevd stor gjestfridom frå Jerusalems befolkning og i tillegg ei velvillig haldning pilegrimane i mellom, skriv Kvarme.

Eg syns dette er ein interessant bakgrunn for mange tekstar i NT. Jesus og disiplane jo var blant desse pilegrimane, – me veit at dei drog frå Galilea til Jerusalem i samband med valfartsfestane. Sjå f eks Joh 7 der det står om at Jesus reiste til tempelet under lauvhyttefesten og Joh 12 der det står om at Jesus og disiplane kom til Jerusalem i samband med påskehøgtida.

Artikkelen i Haaretz kjem som sagt også inn på utgravinga av eit stort bustadhus i det same området. Reich meiner dette funnet gjer at me må endra oppfatninga av at dei velståande innbyggjarane i Jerusalem budde i skråninga i Øvrebyen og at dei fattige budde lenger nede.

Eg tar med nokre avsnitt frå artikkelen:

Two discs made of bone, which apparently served as buttons, are among the objects found in the municipal dump that served Jerusalem at the end of the Second Temple era. These buttons were intended to be not only practical, but decorative as well. In addition the dump has yielded a handful of glass fragments, which testify to the use of prestigious objects.

However, the vast majority of finds at the dump were very much everyday objects: fragments of household utensils including cooking pots, storage jars, pottery and lamps, coins of low denominations and a large number of animal bones. The dump is located on the eastern slope of the hill where the City of David is located. It was first unearthed in 1867 by Charles Warren, and many other archaeologists excavated there after him, but they did not realize they were digging through garbage. Only in 1995 did Professor Ronny Reich, of the Zinman Institute of Archaeology at the University of Haifa, and Eli Shukron, of the Antiquities Authority, who directed the dig at the site, realize it was a dump.

(…)

The dimensions of the municipal dump and the quantities of refuse that accumulated there about 2,000 years ago are indicative of the size and the development of the city at that time.

“Jerusalem was a very large and wealthy city that lived on constant domestic tourism,” says Reich. “The pilgrims who came there regularly brought food, utensils and money, and all of these contributed to the development of the city and its inhabitants.”

(…)

The discovery of such a large house in this part of the city, contradicts the prevailing view of town planning in Jerusalem during that period. Michael Avi Yonah had drawn up Jerusalem of that period as a city where the wealthy lived in large villas on the slopes of the hill, while the poor lived in shaky huts farther down. The lovely building that Greenhut excavated is located in the lower city, contrary to Avi Yonah’s conjecture. But Reich is not surprised.

“Because Jerusalem was a wealthy city, there were also beautiful houses in the lower city. Certainly not miserable shacks,” he says. “If there were poor people in Jerusalem, they probably lived by the dump and lived by gleaning off what the rich threw away.”

This way of life was truncated with the destruction of the city in 70 C.E. This is witnessed by, among other things, the coins that went into the dump. The researchers found there 126 coins, of which 50 have been cleaned and identified. Of them, only four or five are dated to the days of Alexander Yannai, in the first century B.C.E. All the rest belong to the early Roman period, in the first century C.E. The later coins are from the time of the Great Revolt against the Romans: One is from the year 67, and the other from 68. The Roman conquest two years later is also evident in the garbage.

(Via Biblical Archaeology Society)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: