Dåpen, tenesta og håpet

Notat til søndagens tekst: Matt 19,27-30

Kjære kyrkjelyd. Gjennom dåpen set Gud oss inn i si verdsvide kyrkje og gjev oss del i Jesu kall og oppdrag. Lat oss stå saman i vitnemål og teneste, inntil dagen kjem då alt det skapte skal bli forløyst ved vår frelsar, Jesus Kristus.

Desse orda er med i dåpsliturgien i Den norske kyrkja. Denne liturgien vil bli revidert på Kyrkjemøtet 2017 og formuleringa er ikkje med i forslaget som har vore ute til høyring. Men pr i dag blir dette sagt i samband med dåpen, og eg foreslår at predikantane på vingardssøndagen 21. august 2016 går nærare inn på kva desse orda betyr.

Det greske substantivet palingenesia i Matt 19,28 blir i Bibel 2011 omsett «når alt skal fødast på nytt». Ordet blir elles bare brukt i Tit 3,5 og der om den nye fødsel i dåpen. Slik knyter dette ordet i søndagens tekst saman den nye fødsel i dåpen og verda sin nye fødsel ved Jesu gjenkomst.

Ordboka viser elles at det norske ordet forløysing (bokmål: forløsning) kan bety 1.) frelse, 2.) den delen av fødselen der mora blir skild frå fosteret, og 3.) frigjering/utløysing.

Søndagens tekst er ikkje enkel. Her er det gjengitt Jesus-ord som er vanskelege å forstå. Eg har skrive om teksten her: Dåpen, tenesta og håpet. Tekstgjennomgangen er skriven med tanke på kollegaer som skal preike denne søndagen, men andre som vil førebu seg til gudstenesta, kan kanskje også ha interesse av den.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: