Bibelfagleg studieveke

Summer Biblical Study in Cambridge 2016  

Westminster College, Cambridge. Foto: Arne Berge 2016

Westminster College, Cambridge. Foto: Arne Berge 2016

Gresktime etter frukost. Deretter forelesningar i GT og NT. Og ikkje nok med det: om kvelden lesing av hebraiske og greske bibeltekstar saman med dei som hadde hatt forelesningar tidlegare på dagen. Eg har nyleg kome heim frå ei studieveke på Summer Biblical Study in Cambridge.

Det var heldigvis også nokre ettermiddagstimar utan program. Éin dag nytta eg den tida til punting på elva Cam, ein annan dag gjekk eg bare rundt og såg på alle dei flotte college-bygningane. Éin dag var eg på utstillinga Lines of thought på universitetsbiblioteket. Og enda ein annan dag fekk me tilbod om omvising på det historiske Parker Library. Eg trur eg vil skriva meir om desse ettermiddagane seinare.

Studieveka blei arrangert av Vacation Term for Biblical Study (VTBS). Dei leigde dette året lokale på Westminster College (bildet). VTBS arrangerer to studieveker etter kvarandre, og ein kan delta på éi eller på begge. Dei presenterer kurset slik:

… an annual summer school for all who wish to develop their understanding of the Bible through academic study. It is known for the academic quality of its courses, and has been addressed by many biblical scholars of national and international repute. From its earliest days, VTBS has enabled teachers, students, ministers and laity to deepen their understanding of the biblical literature and to keep abreast of current scholarship.

Eg hadde lese om kurset på Larry Hurtado´s Blog, men visste eigentleg ikkje mykje om det då eg reiste. Det viste seg å vera ei tradisjonsrik samling der mange av deltakarane kjem igjen år etter år (og dermed heller ikkje var “heilt unge”). Me var ca 30 deltakarar, og det var bare tre utlendingar; ein amerikanar, ein kinesar og meg. Resten var engelske. Men det var slett ikkje første gong det var nordmenn der, – og eg kjente meg svært velkomen.

Det var kjekt å vera saman med mange andre med interesse for bibelfag ei slik veke. Så vidt eg veit finst det ikkje eit tilsvarande tilbod i Norge. Sjølv hadde eg mest glede av forelesningane over Johannes-evangeliet ved dr. Wendy Sproston North (jfr boka hennar om Joh) og av språkgruppa med nytestamentleg gresk. Men også dr. Johanna Stiebert sine forelesningar om fedre og døtre i GT, var svært interessante (jfr boka hennar om temet).

Og Cambridge var jo ein flott by for ei sommarveke! Men det kjem eg altså tilbake til.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: