Punting på elva Cam

IMG_3424

Det var sommar i Cambridge då eg nyleg var der på ei bibelfagleg studieveke. I tillegg til studiet fekk eg heldigvis også tid til å oppleva byen på andre måtar, blant anna gjennom ein herleg tur med elvebåt på Cam. Desse båtane blir kalla puntsDei blir drivne av ein punter som brukar kraft med ein lang stav mot elvebotnen.

Det første bildet viser ein passerande båt (tilsvarande type som den eg var ombord på) med flotte college-bygningar i bakgrunnen; frå venstre Clare College, King´s Collage Chapel og King´s College.

Det neste bildet viser klargjeringa av båtane før me skulle ut på tur. Her er det Magdalene College som dannar bakgrunnen.

IMG_3418

Elveturen gjekk langs det flotte parkområde The Backs. Ein annan dag eg var i parken, tok eg dette bildet som (såvidt) viser elva. Bygningane i bakgrunnen er ein del av St. John´s College.

IMG_3499.jpg

Punter´en eg følgde, var til vanleg student. Han imponerte med å ha full kontroll over båten samtidig som han guida og fortalde om elva, båtane, byen og universitetet.

IMG_3430.jpg

Det gjekk også an å leiga båt og driva den fram sjølv. Eg såg fleire mindre vellukka forsøk på dette og var glad eg hadde valt ei avslappande rolle som passasjer!

IMG_3426

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: