Dei sju underverka

Nå (januar 2006) er det muleg å stemma på kva som skal reknast som dei sju “nye” underverka i verda. New 7 Wonders Foundation har sett igang denne kåringa og presenterte ved nyttårsskiftet 21 finalistar. Nå er det opp til oss å stemma, og ved neste årsskifte vil resultatet bli kunngjort.

6a00d8341cb87053ef00e54f5f3ecc8834-640wiBiletet frå Istanbul viser Hagia Sofia, ein av finalistane. Den bysantinske kyrkja Hagia Sofia blei bygd under keisar Justinian i 537. “Hagia Sofia” betyr den heilage visdomen.

I 1453 blei kyrkja gjort om til moské og frå 1934 har den vore museum både for den kristne og den muslimske perioden i bygningen si historie.

Hagia Sofia var i ni hundre år rekna som den største og viktigaste kyrkja i verda. For meg er den framleis først og fremst ei kyrkje.

Dei 21 finalistane er

  1. Akropolis, Athen, Hellas
  2. Alhambra, Grananda, Spania
  3. Angkor, Kambodsja
  4. Chichen Itza, Yucatan, Mexico
  5. Kristusskulpturen, Rio de Janeiro, Brasil
  6. Colosseum, Roma, Italia
  7. Statuane på Påskeøya, Chile
  8. Eiffeltårnet, Paris, Frankrike
  9. Den kinesiske muren, Kina
  10. Hagia Sofia, Istanbul, Tyrkia
  11. Kiyomizutempelet, Kyoto, Japan
  12. Kreml, Moskva, Russland
  13. Machu Picchu, Peru
  14. Neuschwanstein slott, Füssen, Tyskland
  15. Petra, Jordan
  16. Giza-pyramidane, Egypt
  17. Fridomsstatuen, New York, USA
  18. Stonehenge, Amesbury, Storbritannia
  19. Operahuset, Sydney, Australia
  20. Taj Mahal, Agra, India
  21. Timbuktu, Mali

Bakgrunnen for denne kåringa er det gamle omgrepet dei sju underverka i verda. Tanken om dei sju underverka kjem frå den greske antikken og kan førast tilbake til 200-talet f. Kr. Men lista har utvikla seg noko sidan den tid. Det som nå er kjent som dei sju underverka, var alle menneskeskapte monument i det som den gong var den kjente verda (med greske auge):

  1. Fyrtårnet på Faros ved Alexandria
  2. Artemistempelet i Efesos
  3. Zeusstatuen i Olympia
  4. Kolossen på Rhodos
  5. Mausoleet i Halikarnassos
  6. Dei hengande hagane i Babylon
  7. Pyramidane i Giza i Egypt

Desse underverka var bygde mellom år 2500 f. Kr og 200 f. Kr. Det er bare dei egyptiske pyramidane som framleis finst og som dermed har kunna koma med på den nye lista.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: