Artemis-tempelet

Foto: Arne Berge 2005

Foto: Arne Berge 2005

Artemistempelet i Efesos skal ha vore heilt spesielt stort og flott. Det blei rekna for å vera eitt av sju underverk i verda i oldtida. I dag er tempelet borte. Men omrisset av plassen der det stod, er tydeleg som ei senking i terrenget (sjå biletet), og arkeologane har reist ei av søylene frå tempelet for å markera kor det ein gong stod.

Eg vil spesielt nemna to hendingar som er knytt til dette tempelet.

I 356 f. Kr. var det ein mann som ville gjera seg sjølv udøyeleg i verdshistoria. Det greidde han. Det han blir huska for, er at han sette fyr på det berømte Artemistempelet. Mannen heitte Herostratos, og sidan har å vera herostratisk berømt vore eit uttrykk for å vera berømt pga ei ugjerning. Tempelet blei for øvrig bygd opp igjen etter brannen, og det var ein viktig heilagdom i hellenistisk og romersk tid, altså i fleire hundre år etter dette.

På 50-talet e. Kr. blei det uro i Efesos pga at Paulus si forkynning blei oppfatta som ein trussel mot tempelet si betydning. Eller kanskje like mykje som ein trussel mot inntektsgrunnlaget for byen. Inntekter frå reiselivsnæringa, inklusiv salg av souvenirar, er altså ikkje noko nytt for vår tid! I Apostelgjerningane les me: Ein sølvsmed som heitte Demetrios, laga Artemis-tempel av sølv og hjelpte handverkarane til god inntekt. Ein dag kalla han saman både dei og arbeidarane som dreiv med dette, og sa: «Godt folk! De veit at velstanden vår kjem frå dette arbeidet. Men no kan de både sjå og høyra korleis denne Paulus overtel menneske i store mengder og fører dei vill, ikkje berre her i Efesos, men i mest heile Asia. Han seier at gudar som er laga av menneskehender, ikkje er gudar. Det er fare for at yrket vårt får dårleg ord på seg, men verre er det at templet til Artemis, den store gudinna vår, kan bli rekna for ingenting, og at ho som heile Asia, ja, heile verda dyrkar, kan koma til å mista sitt velde.» Då dei høyrde det, vart dei rasande og ropa: «Stor er efesargudinna Artemis!» (Apg 19,24-28).

Uroen som sølvsmeden Demetrios fekk i stand, førte for øvrig til at Paulus måtte forlata Efesos!

Tempelet mista etter kvart si religiøse og kulturelle tyding. Frå 300-talet var Efesos og landet rundt ein del av eit kristent land. Etter kvart var det bare ruinar igjen av tempelet, og på den tida behandla ein ikkje ruinar etter eit hedensk tempel med særleg respekt! Derfor blei det ein utstrakt gjenbruk av steinane frå det gamle tempelet. Arkeologane har i vår tid funne steinar frå Artemistempelet i bygningsrestar mange andre stadar i Tyrkia, også så langt borte som i Hagia Sofia-kyrkja som blei bygd i Konstantinopel (Istanbul) på 500-talet. Dette er også grunnen til at det i dag ikkje er ruinar etter tempelet, anna enn ei søyle som arkeologane har greidd å rekonstuera på staden.

Tilbake til biletet frå Efesos: I bakgrunnen kan du sjå Ayasoluk-høgda med mange interessante bygningar. Den grå bygningen til venstre framfor høgdedraget er den gamle moskéen Isa Bey. Namnet betyr faktisk “Herre Jesus-moskéen”! Over moskéen ligg det ei borg frå kristen mellomalder. Mellom borga og søyla frå tempelet ligg ruinane etter den store Johanneskyrkja, ein basilika bygd over staden der ein meiner at apostelen er gravlagt.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: