Du er Guds barn nett no

Dåpssalmen Du er Guds barn nett no er kåra til vinnar av salmekonkurransen Nye feiringssalmar (2006).

Teksten er skriven av Emil Skartveit frå Stavanger. Melodien er skriven av Stein Skøyeneie. Dei to arbeider saman i Sagene kyrkje i Oslo.

Du er Guds barn nett no.
Eit glimt av skaparverket
så underfullt å skode.
Du er eit barn av Gud nett no.

Du er Guds barn nett no.
Med vatnet på ditt hovud
og krossen på di panne.
Du er eit barn av Gud nett no.

Du er Guds barn nett no.
Me lyftar deg mot himlen
og ber din engel vakte.
Du er eit barn av Gud nett no.

Kanskje dette er ein salme som me skal ta i bruk i kyrkja her på Bryne?

Konkurransen blei arrangert av Nynorsk kultursentrum. Det blei sendt inn 105 salmar til konkurransen.

– Det er imponerande mange salmetekstar og melodiar vi har fått til vurdering. Mange av tekstane og melodiane har nok lege på det jamne, og under det, men i ein del av materialet var det absolutt mykje å gle seg over, seier juryleiar Oskar Stein Bjørlykke. Han framhever at det er tre verdige vinnarar dei har funne.

(…)

Juryen skriv i si grunngjeving til vinnarsalmen at ”teksten i denne salmen har originalitet samtidig som han i beste forstand er enkel og tydeleg. Det blir bygt opp bilete som det er lett å identifisere seg med. Det er ein flott dynamikk i salmen, med skaparverk, frelse ved dåpen, og liv i kyrkjelyden som tre stadium. Melodien kler teksten på ein fin måte.”

(…)

Bakgrunnen for salmekonkurransen var ei etterlysing av fleire gode feiringssalmar til bruk ved dåp, konfirmasjon og bryllaup. Nynorsk kultursentrum engasjerte framståande fagfolk til juryen som blei leia av forfattar og teolog Oskar Stein Bjørlykke. Han hadde med seg musikar og komponist Henning Sommerro, prost Evy Kvamsdal og Valgerd Svarstad Haugland.
(via BlixBlog)

3 svar til Du er Guds barn nett no

  1. Emil Skartveit seier:

    Hei
    Kjekt å se at du har fått med deg vinnersalmen. Håper dere kan bruke den i Bryne kirke.

    Mvh

    Emil Skartveit

  2. Arne seier:

    Innhaldsmessig vil det passa svært godt å nytta denne salmen som avslutning av dåpshandlinga.

    Då vil salmen koma i forlenginga av presten sine ord til den døypte under handspålegginga etter dåpen: ”Den allmektige Gud har no gjeve deg sin Heilage Ande, gjort deg til sitt barn og teke deg inn i sin truande kyrkjelyd. Han styrkje deg med sin nåde til det evige liv. Fred vere med deg.”

  3. Ja, eg håpar at den blir brukt som ei avslutning, og ikkje før dåpen.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: