Kamp mot atomvåpen

I dag er det femti år sidan Albert Schweitzer (m.a. medisinar og teolog) heldt ein historisk appell mot atomvåpen i NRK under slagordet Ærefrykt for livet. Dette blir i desse dagar markert med at Norske leger mot atomvåpen (NLA) set igang ein norsk del av ein internasjonal kampanje mot atomvåpen. Eldsteson i familien, Trygve, er leiar for den norske kampanjen. Bra, Trygve! Dette støttar eg. Eg har i dag underteikna oppropet.

Utdrag frå NLA sin informasjon om kampanjen:

Atomvåpen er de verste av alle våpen. Kombinasjonen ekstrem sprengkraft, varme og stråling vil i begrensede mengder kunne ødelegge hele byer – i verste fall hele livsgrunnlaget på jorda. (Les meir)

Dette er ei viktig sak. Me treng engasjement og tenkning omkring slike tema. Eg trur på ein Gud som har skapt alt og som står bak alt liv. Om eg ikkje følgjer Albert Schweitzer i heile hans tenkning på dette området, har eg ingen problem med å støtta ein kamp mot atomvåpen i hans ånd. Og kampen for skaparverket er ikkje mindre viktig i dag enn for femti år sidan!

2 tankar på “Kamp mot atomvåpen”

  1. Heia, Trygve! Nå har eg og signert. Dette er noko eg har vore veldig oppteken av i periodar av mitt vaksne liv. Me treng å bli minna på trua på at det nyttar å engasjera seg.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.