Mausolos sitt mausoleum

Ordet “mausoleum” har eit heilt konkret opphav. Kong Mausolos i den greske byen Halikarnassos, dagens tyrkiske Bodrum, ville på 300-talet f. Kr. bygga eit stort gravmæle over seg sjølv. Det gjorde han så grundig at ordet mausoleum sidan har blitt eit internasjonalt ord som også blir brukt på norsk. Byggverket hans blei rekna som eit av antikkens sju underverk.

Det er gjort arkeologiske utgravingar på staden der Mausoleet stod. I dag er dette eit friluftsmuseum midt i Bodrum. Dette var sjølvsagt ein av dei historiske stadane eg på førehand hadde bestemt meg for å besøka, då eg var på ferie i byen i sommar.

Mausoleet, arkeologiske utgravingar i Bodrum

Mausoleet, Mausolos sitt gravkammer

I antikken var byen Halikarnassos berømt for dette Mausoleet. Det låg godt synleg i skråninga opp frå den gamle hamna. I dag er dette annleis. Bodrum er full av turistar. Men eg måtte leita meg fram til Mausoleet. Det viser seg at utgravingane er godt skilta frå hovudvegen lenger oppe i byen, men eg fann inga skilt frå strandpromenaden langs marinaen. Dette er tydelegvis ikkje det store trekkplasteret for fleirtalet av reisande til Bodrum i dag.

Nå er det rett nok bare restar igjen av Mausoleet. Hadde det framleis stått der i all si prakt, hadde det sjølvsagt hatt stort besøk også i vår tid.

Modell av Mausoleet i Halikarnassos

Bildet viser modellen eg såg på staden. Mausoleet hadde ei grunnflate på 38 x 32 meter, var 55 meter høgt og hadde omfattande utsmykning. Bygget hadde i følge forfattarar frå antikken, fire seksjonar over kvarandre: først eit høgt podium, så ein del som såg ut som eit jonisk tempel med 36 søyler, deretter ein pyramide med 24 trinn og øverst ein statue av kong Mausolos og kona Artemisia (som også var søstera hans).

Mausoleet blei bygd omkring år 350 f. Kr. Det stod i ca 1500 år. Biskop Eustathios skal ha omtalt det i sine skrifter frå 1100-talet. Ein reknar med at det blei øydelagt i jordskjelv i 1303.  Ruinane blei brukt som steinbrot av johanittarane då dei bygde borga i Bodrum på 1400-talet.

Relatert notat: Uluburun-vraket om det marinarkeologiske museet i Bodrum.

Èitt svar til Mausolos sitt mausoleum

  1. […] Mausoleet i Halikarnassos […]

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: