Potetfestivalen 2005

A_potetlogo Det er potetfestival på Bryne denne helga. Det betyr stor aktivitet med kultur og handel, og ikkje minst aktivt sosialt liv i sentrum av Bryne. Eg skal nytta dagen idag til å få med meg ein heil del av dette. Eg skal på opning av kunstutstilling i Mølla og eg skal på underhaldning med Han Innante i teltet på torget. Og i tillegg reknar eg med å treffa mange folk som det er kjekt å drøsa med!

Torgteltet blir brukt til mykje forskjellig av løpet av helga, det er f eks både underhaldning, servering og dans. Men sundag morgon sørgjer festivalleiinga for å rydda og reingjera teltet så det er klart for gudsteneste! For kyrkja er også med på Potetfestivalen. Sundag kl 11 flyttar Bryne kyrkje gudstenesta frå kyrkja til torgteltet. Kyrkja er “ei vedkjennande, tenande, misjonerande og open folkekyrkje”. Derfor er det flott å vera med og prega programmet på ein så folkeleg festival! I år har kyrkja lagt presentasjonen av dei nye konfirmantane til denne potetgudstenesta.

Nokre kallar Potetfestivalen for Jæren sin hausttakkefest. Ikkje så dumt! Men dette ordet er jo eigentleg eit kyrkjeleg ord. Det er ein gamal tradisjon å takka Gud for “markens grøde” om hausten, for livsgrunnlaget og alle dei goder som me får frå Skaparen gjennom naturen.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: