Potetfestivalen 2006

Potetfestivalenlogo2 Det er Potetfestival på Bryne denne helga. Ein festival "med fokus på poteter, mat, drikke og kultur". Dette er eit årvisst arrangement, og med det sommarveret me har på Jæren nå i desse dagane (25 grader i dag!), blir sjølvsagt dette ein folkefest av dei heilt store. Det er masse aktivitet i gatene og på torget, der eit stort torgtelt er sett opp. Ikkje minst betyr ein slik festival mykje sosialt liv i sentrum, og i morgon skal eg sjølvsagt bort på torget og drøsa med folk!

Torgteltet blir brukt til mykje forskjellig av løpet av helga, det er f eks både underhaldning, servering og dans. Men sundag morgon sørgjer festivalleiinga for å rydda og reingjera teltet så det er klart for gudsteneste! For kyrkja er også med på Potetfestivalen. Sundag kl 11 flyttar Bryne kyrkje gudstenesta frå kyrkja til torget. Kyrkja er "ei vedkjennande, tenande, misjonerande og open folkekyrkje". Derfor er det flott å vera med og prega programmet på ein så folkeleg festival! På same måte som i fjor, har me presentasjonen av dei nye konfirmantane på denne potetgudstenesta.

Nokre kallar Potetfestivalen for Jæren sin hausttakkefest. Ikkje så dumt! Men dette ordet er jo eigentleg eit kyrkjeleg ord. Det er ein gamal tradisjon å takka Gud for "markens grøde" om hausten, for livsgrunnlaget og alle dei goder som me får frå Skaparen gjennom naturen.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.