Bibelhistorier: Palmesøndag

Jesus rir inn i Jerusalem

Det må ha vært en veldig opplevelse å være med denne palmesøndagen. Folk strømmet til byen i lange rekker, – fra fjellene nord i Galilea, nede fra Middelhavet, sør fra Hebron, og nede fra Jeriko og Jordandalen. De gikk hele bygdelag sammen, med god tid til å prate på veien, mens barna løp frem og tilbake mellom naboer og slektninger. De gamle fortalte og sang arven inn i barna, så det ble deres egen historie. Etter hvert som de nærmet seg Jerusalem, overtok de faste påskesangene, Salmenes bok 113-118, de som kalles ‘lovsangen’. (Harald Kaasa Hammer)

Ruta inn i Jerusalem gjekk over Oljeberget, der Jesus hadde gode kontaktar i landsbyane Betfage og Betania. Her blei Jesus hylla av landsbyfolket, av tilreisande pilegrimar, av disiplane og av ein større flokk av vennene hans. Vidare drog dei truleg ned til Siloadammen før dei gjekk vegen opp til tempelet.

Eg brukar uttrykket «Jesu venner» fordi Jesus sjølvsagt hadde ein kontaktflate som var mykje større enn dei tolv disiplane. Me kan tenkja på søskenflokken Marta, Maria og Lasarus som tydelegvis ut frå evangelia stod Jesus veldig nær. Men eg ser for meg at det i folkemengda palmesøndag kan ha vore mange anonyme venner som hadde opplevd store ting i møte med Jesus. Kanskje nokon av dei 5000 som var blitt mette ved Jesu brødunder, var med og hylla han? Kanskje var enka i Nain og sonen hennar komen? Kanskje var den tidlegare besette frå gravholene på austsida av Gennesaretsjøen komen? Kanskje nokon av dei som var blitt helbreda ein kveld i Kapernaum? Og kanskje nokon av dei mange spedalske som var blitt friske? Det var mange som på ulike måtar var blitt berørt av Jesu forkynning og virksomhet. Dei hadde opplevd dei nyskapande kreftene som var verksame gjennom han og som framleis er verksame gjennom trua på han.

Det står ingenting i Bibelen om at dette skjedde på den første dagen i veka, altså på ein søndag. Men det er tydeleg at det skjedde i tida like før påske. Det er lang tradisjon for å feira Jesu inntog i Jerusalem på søndagen ei veke før påskedagen altså den dagen me kallar palmesøndag.

Hosiannarop og rop om korsfesting

Eg har ofte høyrt forkynt at dei same menneska som ropte «hosianna» på palmesøndag, få dagar seinare var med og ropte «korsfest han». Altså at stemninga blant folk flest i Jerusalem skifta totalt frå palmesøndag til langfredag.

Eg trur ikkje det stemmer. Me skal huska at Jerusalem var ein stor by. Og i påsken vaks den med utruleg store mengder pilegrimar som kom til byen. Det er meir sannsynleg at palmesøndagens hosiannarop og langfredagens rop om korsfesting er henta frå totalt ulike miljø i Jerusalem. Palmesøndag var han omgitt av tilreisande pilegrimsflokkar, av venner og disiplar. Under prosessen seinare i veka var det øvstepresten, det høge råd og deira medløparar i ein annan del av Jerusalem som pressa på for å få han dømt.

Dette er også poengtert i pave Benedikts bok om Jesus:

I alle de tre synoptiske evangeliene, men også hos Johannes, er det helt tydelig at den messianske hyllesten av Jesus utspiller seg ved inngangen til byen, og at de som bærer den frem ikke er Jerusalems innbyggere, men Jesu følge som ledsager ham inn i den hellige by.

(Pave Benedikt XVI / Joseph Ratzingers bok Jesus fra Nasaret. Fra inntoget i Jerusalem til oppstandelsen, side 17-18. Avenir forlag 2011)

Jesus er Messias, frelsarkongen

Me som er kristne, trur at Jesus er Messias. Han er konge for alle som trur. På palmesøndag blei dette ”offisielt” på ein ny måte. Jesus godtok hyllesta. Disiplane, landsbyfolket og pilegrimane fekk lov til å synga hosianna og han sette seg på eselet som ei oppfylling av profetiane i GT, f eks orda frå profeten Sakarja (Sak 9,9):

Bryt ut i jubel, dotter Sion!

Rop av glede, dotter Jerusalem!

Sjå, kongen din kjem til deg,

rettferdig og rik på siger,

fattig er han og rid på eit esel,

på ein eselfole.

Då Jesus rei inn i Jerusalem, tok han imot hyllesta, sjølv om folket som song, sannsynlegvis ikkje heilt forsto kor godt denne songen passa på han: Hosianna! Velsigna vera han som kjem i Herrens namn.

Jesus hadde tidlegare prøvd å halda skjult at han var Messias. Nå gjekk han ope inn i pilegrimane si forventning. Nå skulle det ikkje haldast skjult lenger, nå var han glad for den folkelege hyllesta. Lukas gjengir ein liten detalj om akkurat dette: Nokre farisearar i folkemengda sa til han: «Meister, tal læresveinane dine til rette!» Men han svara: «Eg seier dykk: Dersom dei teier, skal steinane ropa.» (Luk 19,39-40)

Samtidig kjente Jesus på smerte og han gret over byen. Då Jesus kom nærare og såg Jerusalem, gret han over byen og sa: «Hadde du berre på denne dagen skjøna, du òg, kva som tener til fred! Men no er det gøymt for auga dine.” (Luk 19, 41-42)

I forteljinga om palmesøndag møter me hyllest og jubel. Samtidig møter me smerte og gråt. Per Lønning sa ein gong i ei preike: Er palmesøndag en gledens dag eller er den en sorgens? Er det jubel og lovsang som i dag skulle strømme gjennom kirkerommet, eller er det smertens og botens tone? – Vi nøler ikke med å svare: det er begge deler.

Historia om då Jesus reid inn i Jerusalem finn du i Bibelen. Alle dei fire evangelia omtaler dette:

  • Matt 21,1-11
  • Mark 11,1-11
  • Luk 19,28-44
  • Joh 12,12-19

Her er forteljinga i Matteus 21,1-17, som er forteljingstekst på palmesøndag:

1 Då dei nærma seg Jerusalem og var komne til Betfage ved Oljeberget, sende Jesus to læresveinar i veg 2 og sa til dei: «Gå inn i den landsbyen som ligg framfor dykk! Der skal de straks finna eit esel som står bunde og har ein fole hos seg. Desse skal de løysa og leia til meg. 3 Og om nokon kjem med spørsmål, då skal de svara: ‘Herren har bruk for dei.’ Då sender han dei hit med ein gong.» 4 Dette hende for at det skulle oppfyllast, det som er tala gjennom profeten:

Sei til dotter Sion:

Sjå, kongen din kjem til deg,

audmjuk er han og rid på eit esel

og på folen til eit trekkdyr.

6 Læresveinane gjekk av stad og gjorde som Jesus hadde sagt. 7 Dei henta eselet og folen. Så la dei kappene sine på dei, og han sette seg oppå. 8 Mange i folkehopen breidde kappene sine på vegen, andre hogg greiner av trea og strødde på vegen. 9 Og folket som gjekk føre, og dei som følgde etter, ropa:

Hosianna, Davids son!

Velsigna er han som kjem i Herrens namn!

Hosianna i det høgste!

10 Då han drog inn i Jerusalem, vart det uro i heile byen, og dei spurde: «Kven er dette?» 11 Og folkehopen svara: «Det er profeten Jesus frå Nasaret i Galilea.» 12 Så gjekk Jesus inn på tempelplassen og dreiv ut alle som selde og kjøpte der. Han velte borda til pengevekslarane og benkene til dei som selde duer 13 og sa til dei: «Det står skrive: Mitt hus skal kallast eit bønehus. Men de gjer det til ei røvarhòle.»

14 På tempelplassen kom nokre blinde og lamme til han, og han lækte dei. 15 Men då overprestane og dei skriftlærde såg undera han gjorde og høyrde borna som ropa i heilagdomen: «Hosianna, Davids son!» vart dei arge 16 og sa til han: «Høyrer du kva dei seier?» «Ja», svara Jesus. «Har de aldri lese dette ordet:

Frå munnen på småborn og spedborn har du late lovsong lyda!»

17 Så gjekk han frå dei og ut av byen, til Betania. Der var han om natta.

Det finst mykje stoff for den som vil arbeida meir med påskeforteljinga. Eg har stor sans for Ole Christian Kvarme si bok Åtte dager i Jerusalem. En bok om Jesu påske, om jødisk og kristen påskefeiring. Boka har også vore til konkret inspirasjon for denne artikkelen. Noko har eg også henta frå Harald Kaasa Hammer. Og nå i dagane før påsken 2016 les eg i pave Benedikt si bok om Jesus.

Les også: Eit dikt på palmesøndag

Dette notatet er ein bearbeidd versjon av eit tidlegare notat på bloggen (frå 2006).

Oppdatering: Påsken 2023 feira eg i Jerusalem. Les om koss palmesøndag blir feira i vår tid med Palmesøndagsprosesjon over Oljeberget.

4 tankar på “Bibelhistorier: Palmesøndag”

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.