Det eldste klosteret?

Klosteret i Bahariya-oasen i Egypt. Foto: Victor Ghica/MF. Gjengitt med tillating.

In English: Unveiling the World’s Oldest Known Monastery

For eit par dagar sidan kom den interessante nyheita om at forskarar frå MF har funne eit klosteranlegg frå ca år 350 i ørkenen i Egypt. NRK publiserte ein artikkel om saka og hadde same dag eit innslag i Kveldsnytt. I dag har Vårt Land eit stort oppslag om saka.

Det er flott å få så god og kvalifisert medieomtale av ei slik sak. Men så er det jo også eit veldig spesielt arkeologisk funn som verkeleg har tyding i kultur- og kyrkjehistorisk samanheng.

Her er MF sin omtale av funnet med lenker til forskingsprosjektet si hovudside og til ulike medier sine reportasjoner: Verdens eldste kloster funnet i Egypt av MF-forskere.

Det er neppe grunnlag for å seia at det er det eldste klosteret som nå er funne. Me kan jo ikkje vita kva som ennå ikkje er funne. Men det skal vera det eldste klosteret som til nå er funne, på verdsplan. Og det er ikkje lite! Dette poenget blir også framheva av professor Victor Ghica, som har leia prosjektet.

NRK skriv (og har mange bilde):

– Det er utrolig gøy og spennende. Dette ser ut til å være det tidligst daterte kristne klosteret i verden, sier Victor Ghica, som er arkeolog og professor i antikken og den tidlige kristendom.

(…)

– Funnene endrer vår forståelse av den tidlige kristendom. Allerede rundt år 350 e.kr fantes det veletablerte klostersamfunn helt i ytterkanten av Romerriket, noe som er ekstremt tidlig.

NRK.no

Vårt Land skriv:

– Dette viser at det allerede rundt år 350 e. Kr. fantes veletablerte klostersamfunn helt i ytterkanten av Romerriket. Dette er noe vi ikke har vært klar over før, sier Victor Ghica, som er arkeolog og professor ved MF vitenskapelig høyskole.

Han har ledet utgravningsarbeidet i Bahariya-oasen i den vestlige ørkenen i Egypt, rundt 370 kilometer sørvest for Kairo. Arbeidet har pågått i tre omganger, sist i desember 2020. Utgravningene har vært et samarbeid mellom Institut Français d’Archéologie Orientale og MF Vitenskapelig Høyskole. (…)

Veggene i klosterets kirke er dekket av religiøse tekster skrevet på gresk. Noen av tekstene er sitater av munken Evagrius Ponticus (345-399). Andre er hentet fra den assyriske teologen og dikteren Efrem Syreren (306-373). (…)

– Det går ikke an å overdrive klosterbevegelsens betydning for kirken. Og alt startet her i Egypts ørken på 300-tallet, sier Haanes som også er professor i kirkehistorie.

vl.no

Staden heiter Tall Ğanūb Qaṣr al-‘Ağūz og den ligg i Bahariya-oasen. Som me ser i artikkelen frå Vårt Land, skal dette vera i den vestlege ørkenen i Egypt.

Det som er spesielt oppsiktsvekkande ved utgravinga, er den sikre dateringa forskarane har gjort gjennom det som er funne. Vårt Land skriv om dette:

Ghica mener funnet endrer fortellingen om tidlig kristendom. Til nå har det ikke vært gjort funn av klostre som kan dateres til så tidlig som til 300-tallet. Karbondateringer og funn av mynter, keramikk og glassobjekter bekrefter at klosteret stammer fra rundt år 350, eller kanskje enda tidligere. (…)

Ghica ser funnene av klosteret som del av et stort puslespill og understreker at det unike er at klosteret er så vel bevart og mulig å datere.

– Vi kan ikke si at dette verdens første kloster, men det er det eldste vi kjenner til som har overlevd og som dateres med sikkerhet, sier Ghica.

vl.no

Her er eit par andre flotte bilde frå staden, tatt av professor Victor Ghica:

Skrifta på veggen. Klosteret i Bahariya-oasen i Egypt. Foto: Victor Ghica/MF. Gjengitt med tillating.
Frå utgravinga av klosteret i Bahariya-oasen i Egypt. Foto: Victor Ghica/MF. Gjengitt med tillating.

Andre omtalar:

Ahram Online: In Photos: Oldest archaeologically attested monastic site discovered in Egypt’s Bahariya Oasis

Klosteret i Thiva

The Sacred Monastery of the Exaltation of The Holy Cross

klosteret-i-thiva

Eg har gjennom fleire år hatt kontakt med det gresk-ortodokse klosteret i Thiva i Hellas. Klosteret Opplyftinga av Det Heilage Korset høyrer til i eit fellesskap av kloster som me kan kan kalla ein klosterfamilie. Den norske nonna Syster Thavoria, som er utgangspunkt for kontakten med klosteret, er sentral i dette fellesskapet.

Oppdatering mars 2021: Dette notatet blei skrive i 2009. Thavoria er nå abbedisse på ein norsk kloster som i desse dagar er aktuelt gjennom filmen Tro kan flytte fjell.

Eg møtte Syster Thavoria første gong under ein studietur med Stavanger bispedøme i 1994. Då møtte ho prestegruppa vår og fortalde om livet som nonne i Hellas. Året etter inviterte klosteret hennar ein prest frå bispedømet vårt til ein viktig fest, og eg var heldig og fekk reisa. Eg var då gjest (og dugnadsarbeidar) i klosteret i ei veke. Sidan har eg halde kontakten med litt brevskriving og med besøk med norske grupper. Eg var sist på besøk i Thiva i fjor haust (2008) saman med gruppa som reiste i Paulus fotspor. Ein av deltakarane på denne turen har oppfordra meg til å skriva litt om kontakten med klosteret. Det gjer eg gjerne!

Klosteret ligg på eit høgdedrag utanfor Thiva, eit par timars køyring nord for Athen. Det er flott utsikt til alle kantar. Nonnene starta med ei lita kyrkje som låg der frå før. Då eg var der i 1995 var det svært enkle forhold, med matlaging på primus og oppvask ute i det fri. Nå har dei gode bygningar og eit flott uteanlegg på klosteret. Desse nonnene har stor sans for estetikk, og legg mykje arbeid i å gjera det fint, både ute og inne. Det er rett og slett vakkert på klosteret!

Dette er ikkje eit lukka fellesskap, slik me gjerne her i Norge tenkjer oss at alle kloster fungerer. Då gruppa vår kom på besøk i haust, tok dei imot oss med ein gjestfridom av dei sjeldne. Me kjende oss inkludert på staden, sjølv om livsforma dei lever i, er ulik det me kjenner frå Norge.

opplyftinga-av-det-heilage-korset

Dette ikonet viser Opplyftinga av Det Heilage Korset. Tradisjonen om denne hendinga (les meir) er sentral på klosteret.

Klosteret i Thiva tilhøyrer som nemnt det eg har kalla ein «klosterfamilie». Med det meiner eg eit fellesskap eller nettverk av kloster med felles leiing og profil. Det dreier seg både om nonnekloster og munkekloster. Det gamle Holy Cross Monastery i Jerusalem høyrer til i det same klosterfellesskapet. Den åndelege leiaren for desse klostera er Fader Dionysios, eller Geronda («den eldste») som dei gjerne kallar han. Dette er verkeleg ein leiar med karisma og han betyr utan tvil mykje for nonnene og munkane som er knytt til fellesskapet. Slik eg oppfattar det, er han heilt klart medverkande til at dette er eit veksande klosterfellesskap, i motsetnad til mange andre kloster i aust.

Allereie første gongen eg var der, la eg merke til gjestfridomen deira. Her kom det folk kvar dag, både barn, tenåringar og vaksne, og Syster Thavoria omtalte alltid gjestene som venner av klosteret. Alle kunne vera med på gudstenester og på måltid i klosteret (gjestene hadde nok stort sett med seg større bidrag til kosten enn dei sjølve hadde behov for). I desse dagane før innviingsfesten kom det også mange for å vera med i det praktiske arbeidet.

Eg blei sett til dugnadsarbeid av forskjellig slag for å gjera det nyetablerte klosteret mest mogleg klart til festen. Det gjekk i hagearbeid, steinplukking og reingjering. Men eg fekk også overraskande oppgåver, som å pakka ein veteranbil inn i plast (det var ei vanskeleg oppgåve å gjera åleine, for det blåste friskt) og å vera assistent då den lokale slaktaren kom for å slakta ei av geitene på klosteret! Samtidig hadde eg alle måltida saman med nonnene og eg var med på tidebønene og gudstenestene i kyrkja. Eg fekk også høve til å gjera eit større intervju med Syster Thavoria, noko som førte til ein artikkel i Stavanger Aftenblad seinare på hausten (Aftenbladet 02.12.1995, ho heitte på denne tida Syster Irinea).

Etter nokre dagar med hardt arbeid kom den store festen 14.09 for Opplyftinga av det heilage korset. Denne tradisjonen, som er knytt til keisarinne Helana sitt besøk i Jerualem på 300-talet, er som nemnt svært sentral på klosteret. Festen blir kvart år markert av nonnene og vennene deira. På festen i -95 blei Syster Diodora, ei tysk venninne av Syster Thavoria, innsett som den første abbedissa på klosteret. Dei to hadde konvertert til gresk-ortodoks tru på 1980-talet, då dei var kunststudentar i Berlin.

Markeringa av festen bestod av gudstenester, måltid og sosialt fellesskap. Gudstenestene var lange og innhaldsrike, og sjølvsagt på gresk. Likevel kjeda eg meg ikkje. Det skjedde så mykje, også overraskande ting. Som då biskopen delte ut basilikumskvastar til alle som var til stades, til minne om at det skal ha vakse basilikum der Helena fann Jesu kors. Og som då Fader Dionysios klypte håret til Syster Diodora under gudstenesta, mens kyrkjelyden song Kyrie eleison!

Under måltida i klosteret er det vanleg med høgtlesing. Når det kjem nordmenn på besøk, les Syster Thavoria gjerne på norsk. Då eg var der i haust, las ho frå boka Ord fra Athos av Jean-Yves Leloup, omsett av Kjell Arild Pollestad (1994). Her kjem Fader Dionysios, som tidlegare var prestemunk på Athos, til orde i eit avsnitt «Om munken og klosterlivets mål». Kanskje seier tankegangen i avsnittet noko om Syster Thavoria sine eigne opplevingar og prioriteringar, ho som forlet familie og venner i Norge for å bli nonne i Hellas:

«Er dere da oppstandne med Kristus, så streb etter de ting som er der oppe, hvor Kristus sitter ved Guds høyre! Stem tanke og sinn etter dem, og ikke etter de jordiske ting. For dere har vært gjennom døden, og deres liv er skjult med Kristus i Gud. Men når Kristus står frem i lyset – han som er vårt liv – da skal også dere stå frem med ham i herligheten.» (Kol 3,1-4).

Paulus beskriver meget godt det paradoksale i det å være kristen. Vi er døde, vi eksisterer ikke lenger for denne verden, vårt gamle menneske er blitt korsfestet, vi har gitt avkall på de mange begjær, på hovmodet og hatet, og litt etter litt blir vi delaktige i den oppstandnes liv. Vi lever sammen med ham, og vender oss til Faderen i den Hellige Ånd. Slik er den kristnes liv og slik er munkens liv.

Munken er en kristen som i størst mulig grad vil virkeliggjøre de krav og det kall som dåpen innebærer.

Thiva er byen som i gresk historie heiter Theben i landskapet Boiotia. Staden er blant anna kjent i samband med Ødipusforteljinga. I kristen samanheng er det av interesse at evangelisten Lukas blir knytt til denne byen. Ein tradisjon seier at Lukas blei gravlagt her og at Lukaskyrkja i sentrum av byen er bygd over evangelisten si grav. Då eg besøkte denne kyrkja i -95, var den dessverre i elendig forfatning. Håper det er gjort noko med den sidan! Tradisjonen som knyter Lukas til Thiva, er omtalt slik i Olaf Moe si bok Legen Lukas. Evangelisten og historikeren, s. 19-20:

Men før vi undersøker hva vi kan slutte av Den nye testamente om Lukas» liv og virke, må vi føye til at han ifølge en senere tradisjon skal ha vært ugift og ha skrevet sitt evangelium i Akaia og være død i Bøotia (Theben) i en alder av 74 eller 84 år. Etter sagnet skal han ha vært kunstmaler og ha malt et bilde av jomfru Maria som keiserinne Evdoksia ca år 440 sendte til Konstantinopel fra Jerusalem. Tradisjonen vil vite at evangeliet er skrevet i Akaia, og at Lukas er død i Bøotia. Det siste synes å stadfestes ved at hans jordiske levninger i året 356-57 ble brakt fra Theben til Konstaninopel og bisatt i den snart deretter innviede Apostelkirke. (Så Hieronymus i sin fortsettelse av Evsebs krønike).

Oppdatert 31.03.2021

Morgontur på Karmelfjellet

03.03.2008: Forrige helg hadde eg ei overnatting i Haifa, på Stella Maris Monastery, eit kloster som også driv enkel hotelldrift. Klosteret ligg høgt og fritt på Karmelfjellet, med flott utsikt over byen og over Middelhavet. Romkameraten min og eg pleide så ofte som mogleg å ta oss morgon- og kveldsturar for å utforska områda rundt … Hald fram med å lese «Morgontur på Karmelfjellet»

6a00d8341cb87053ef00e550a944908834-640wi
03.03.2008: Forrige helg hadde eg ei overnatting i Haifa, på Stella Maris Monastery, eit kloster som også driv enkel hotelldrift. Klosteret ligg høgt og fritt på Karmelfjellet, med flott utsikt over byen og over Middelhavet. Romkameraten min og eg pleide så ofte som mogleg å ta oss morgon- og kveldsturar for å utforska områda rundt hotella der me låg. Men på Stella Maris gjekk morgonturen vår ikkje heilt etter oppskrifta.

Me gjekk ut hovuddøra frå eit mørklagt kloster, mens nonnene var i gang med morgongudstenesta si. Nå viste det seg at jernporten i gjerdet rundt klosterområdet slett ikkje kunne opnast, heller ikkje frå innsida. Den måtte eventuelt opnast frå resepsjonen (som var utan folk på den tida av døgnet). Så me gav eigentleg opp og ville gå inn igjen. Men nei då. Klosterdøra kunne bare opnast frå innsida!  Me var altså både ute- og innelåste.

Dermed var det duka for ein runde rundt sjølve klosteret. Og heldigvis: klosteret sin eigedom på Karmelfjellet var større enn me først hadde tenkt oss. Mens dagslyset kom, gjekk me oppover ein sti og fekk etterkvart fint overblikk over klosteret der det ligg høgt over Middelhavet.

Det høyrer med til historia at me, då me kom tilbake, framleis ikkje greidde å få kontakt med nokon som kunne låsa oss inn. Så me måtte bita i det sure eplet, finna fram mobilen og vekka Jorunn, reiseleiaren vår som faktisk hadde lagt opp til ein sein frukost akkurat denne morgonen. Det blei i alle høve mykje lått og løye omkring denne historia ved frukostbordet. Me gløymte til og med at me kanskje burde vore stille, sidan me trass alt budde på eit kloster!