Maria Bodskapsdag

Notat til søndagens tekst: Luk 1,39-45

Our Lady of Vladimir (12th century), the holy protectress of Russia, now in the Tretyakov Gallery.

Our Lady of Vladimir (12th century), the holy protectress of Russia, now in the Tretyakov Gallery. Photo: Wikimedia Commons.

Jomfru Maria har ein viktig plass i vår kristne tru, også i ei luthersk kyrkje. For det første er ho Jesu mor og derfor nemnt i truvedkjenninga vår. Og så er ho eit eksempel på eit fromt menneske som ikkje ville framheva seg sjølv, men heller vera ein tenar for Herren då han kalla henne til ei heilt usannsynleg teneste.

Feiringa av Maria Bodskapsdag ni månadar før jul har lang tradisjon i den kristne kyrkja. For fleire hundre år sidan var 25. mars ein eigen heilagdag. Nå markerer Den norske kyrkja dagen på den søndagen som kjem nærast 25. mars (men likevel seinast ei veke før palmesøndag).

Teksten dette året handlar om Marias besøk hos den eldre slektningen Elisabet (døyparen Johannes si mor) kort tid etter at ho hadde fått bodskapet om at ho skulle bli Jesu mor.

Her er ei preike eg heldt for nokre år sidan over denne teksten, i Bryne kyrkje 25.03.2007:

Nokre dagar etter drog Maria av stad og skunda seg opp i fjellbygdene, til den byen i Juda der Sakarja budde. Der gjekk ho inn til Elisabet og helsa på henne. Då Elisabet høyrde helsinga frå Maria, sparka barnet i magen hennar. Ho vart fylt av Den heilage ande og ropa høgt: «Velsigna er du mellom kvinner, og velsigna er frukta i ditt morsliv. Korleis kunne det henda meg at mor til Herren min kjem til meg? For då lyden av helsinga di nådde øyret mitt, sparka barnet i magen min av fryd. Ja, sæl er ho som trudde, for det Herren har sagt til henne, skal oppfyllast.» (Luk 1,39-45).

Eg lurer på kva som var Maria sitt budskap til sine næraste då ho hadde møtt engelen som fortalde at ho skulle bli mor til Jesus. Kanskje ho mest av alt tenkte: dette har ikkje skjedd. Det kan ikkje vera sant. Eller: dette kan eg ikkje fortelja til nokon. Det er ingen som kjem til å tru på meg! Men Maria må ha fortalt, og på ein eller annan måte må menneska rundt henne ha akseptert historia.

Viktigast var det sjølvsagt at Josef, som ho skulle gifta seg med, trudde på henne. Matteusevangeliet fortel om koss dette skjedde. Josef blei i ein draum varsla av ein engel om det som hadde skjedd: «Josef, Davids son! Ver ikkje redd å ta Maria heim til deg som kona di. For barnet som er avla i henne, er av Den heilage ande. Ho skal føda ein son, og du skal gje han namnet Jesus, for han skal frelsa folket sitt frå syndene deira.» (Matt 1,20 ff)

Kva tenkte Maria i desse dagane? Lovsongen hennar er det me kjenner best (Luk 146-55), elles veit me ikkje så mykje om kva ho tenkte. Men ho reiste til Elisabet og blei der i tre månadar. Engelen som fortalte Maria at ho skulle bli Jesu mor, hadde òg fortalt om Elisabet sin situasjon:

Og høyr: Elisabet, slektningen din, ventar ein son, ho òg, på sine gamle dagar. Ho som dei sa ikkje kunne få born, er alt i sjette månaden. For ingen ting er umogleg for Gud.» (Luk 1,36 f).

Det er vel naturleg å tenkja at Maria reiste til Elisabet for å få støtte og hjelp frå ei eldre kvinne. Kanskje hadde ho òg behov for å koma seg vekk frå Nasaret, – kven veit? Men viktigast må det vel ha vore at ho hadde behov for å vera saman med ei som delte opplevinga av å ha blitt gravid på ein underfull måte. Ei som også måtte stola på Herren og ikkje heilt forstå kva ho var med på, anna enn at det måtte vera någe stort.

Det barnet som var unnfanga og som Maria bar ved hjarta sitt, det ho seinare fødte og la i ei krubbe, det barnet var også Gud! I den keltiske songen me song før preika, blei han kalla ”Guds dyrebare Ord”:

I et skur ved Betlehem,
gjemt i Josefs store trøye,
lå Guds dyrebare Ord,
som et nyfødt barn i høyet.
Og vi ser: Gud er god.
Han er her når vi synger,
han gir liv, lek og latter,
himmelrikets skjulte skatter.
Og vi ser: Gud er god.

Maria visste nok betre enn någen av oss kva det betydde at Gud gjorde seg liten og gjorde seg avhengig av menneske. Denne søndagen tar me Maria og hennar livserfaring inn i forkynninga. Og det er viktig å ha klart for seg at Maria har ein plass i vår kristne tru, òg i ei luthersk kyrkje. Derfor kan det vera på sin plass i dag å nemna at me her i kyrkja har eit ikon med Maria og Jesus. (Visa fram ikonet) Til vanleg står det nede på bordet ved inngangen. Kyrkja har fått det i gåve av ein familie som har kome hit til Time frå Balkan.

Maria har ein plass i vår tru først og fremst fordi ho er Jesu mor og derfor er nemnt i truvedkjenninga vår. Og så er ho eit eksempel på ei from kvinne som ikkje ville framheva seg sjølve, men heller ville vera ein tenar for Herren då han kalla henne til ei heilt usannsynleg teneste.

Gud trong rett og slett ei mor, så han kunne la sin einborne Son bli født som eit menneskebarn. Maria er ikkje ein helt, men først og fremst ei kvinne som fekk ei stor velsigning. Ho nådde seinare fram til det endelege målet for livet, ho er nå ein del av koret som syng til Guds ære. Kanskje me til og med kan seia at Maria står fremst i dette koret, og at me får synga saman med henne?

Tilbake til møtet mellom Maria og Elisabet: Då Maria kom inn i huset til Elisabet og Sakarja, helsa Maria på Elisabet. Og då Elisabet høyrde Maria sin stemme, sparka barnet i magen hennar av fryd og ho sa gode ord til den unge Maria, inspirert av Den heilage ande. Kva er det som skjer her? Verken Maria eller Elisabet visste i utgangspunktet om den andres graviditet, men alt dette stod veldig klart for dei nå. Elisabet fekk faktisk si openberring gjennom den ufødte Johannes sitt spark inne i magen! Dette sparket sette i gang någe hos henne, og fylt av Anden talte ho profetisk om Maria og barnet hennar. ”Velsigna er du mellom kvinner, og velsigna er frukta i ditt morsliv.”

Døyparen Johannes hadde som hovudoppgåve å peika på Jesus. Han var eit halvt år eldre, og var den som forkynte og døypte fram mot Jesu kome. Sparket han gav då han ennå var eit foster, var som eit første livsteikn frå han, han reagerte med glede inspirert av at Jesu mor kom inn i rommet. Då faren Sakarja fekk budskapet om at Johannes skulle bli født, sa engelen at han heilt frå mors liv skulle vera fylt av Den heilage ande (Luk 1,15). Det at han reagerte fysisk med å helsa Jesus, mens dei begge ennå var foster, kan heilt klart bli tolka som eit teikn på at dette stemte. Johannes var alt i mors liv verkeleg fylt av Ånden!

Elisabet fekk av Ånden ikkje bare vita at Maria var gravid, ho fekk allereie på dette tidspunktet greie på at Maria sitt barn er den Messias som var venta! Derfor bryt ho ut: ”Korleis kan det henda meg at mor til Herren min kjem til meg?”

Herren min – det er det greske ordet KYRIOS som er brukt her. Ordet som i all seinare kristen språkbruk har vore knytt til Jesus som Herre. Me kjenner det igjen i vårt litugiske bønerop Kyrie eleison.

Teksten handlar om to kvinner i Guds teneste, Maria og Elisabet. I bakgrunnen, utan å bli nemnt i dette tekstavsnittet, står sjølvsagt også dei to mennene Josef og Sakarja. Dei var vanlege menneske som du og eg, men dei fekk utan tvil ei heilt spesiell oppgåve i Guds frelsesplan. Desse vanlege menneska gjekk heldigvis inn i denne oppgåva ved å gå takkens veg, heller enn å forlanga å gå tankens veg.

Bibeltekstane om Jesu kome til jorda handlar om det største underet, det at Gud blei menneske. Det dreier seg om det som kristne teologar seinare har kalla inkarnasjonen. Dette er sjølvsagt någe som går langt ut over vår forstand. Og me blir derfor utfordra til å ta imot dette gjennom takkens veg, heller enn gjennom tankens veg. Den danske biskopen Georg Geil møtte ein gong ein mann som sa: ”Min forstand hindrer meg i å tro”. Biskopen svarte mannen med någen kloke ord: ”Det er viktigere å få hodet inn i himmelen enn å få himmelen inn i hodet!”

Sjølv vil eg gjerne forstå ting, eg vil gjerne få ting inn i hodet mitt. Eg trivst godt med å bruka tanken min, og eg trur Gud vil at du og eg skal gjera det. Men i møte med underet strekk ikkje tanken til. Eg må bare innrømma det. Jesu underfulle fødsel og jomfru Marias rolle i denne samanhengen, er eksempel på det som er meir enn kva tanken min kan romma. Men eg kan, som Maria, møta underet med takk, glede og håp.

Me får også i desse bibeltekstane inntrykk av at Maria kjente på ein grunnleggjande trygghet. ”Sæl er ho som trudde, for det Herren har sagt til henne, skal oppfyllast.” Eg trur det er rett å seia at engelen som openberra seg for henne i Nasaret, tok henne i handa for å gje henne trygghet i ei vanskeleg tid. Gud forandra livet hennar gjennom å gje henne oppgåva å vera Jesu mor, og i Marias liv kan me oppdaga Guds barmhjertige blikk. ”Gud har sett til si tenestekvinne i hennar fattigdom” song ho i lovsongen sin (v 48) og dette kan me òg seia i vår tid. Gud ser til oss! Det kan me leva på! Me får høyra det kvar søndag i det me avsluttar gudstenesta vår: Herren som vil ”lyfte sitt åsyn på oss og gje oss fred!”

Maria såg fram mot ei usikker framtid. Eg trur ho kan ha kjent seg som ei forskremt fuglunge som skjelvande ligg i ei barnehand. Men trass i dette, våga ho å stola på Gud. Ho opplevde at engelen tok henne i handa. Der fann ho trygghet for livet i Guds teneste. Gjennom trua på Jesus tar Gud oss menneske i handa og vil gje oss ei slik grunnleggjande trygghet, sjølv om òg me lever med ei usikker framtid. Me får vera i Guds hand, både når me er på høgda og når me kjenner oss skjelvande som ei forskremt fuglunge.

Maria viser oss på denne dagen någe om å leva i tru, håp og kjærleik. Ho sa ja til å vera Jesu mor. Og Jesu kome til jorda er den viktigaste hending som någen gong har skjedd. Gjennom barnet Jesus kom Skaparen sjølv inn i vår verd, som eit menneske og som Guds dyrebare Ord. Han gjorde Maria sitt liv nytt. Og han er Frelsaren som vil gjera våre liv nye, så me kan leva våre kvardagsliv i tru, håp og kjærleik.

Inspirert av

  • Hilde Barsnes sitt tekstarbeid i Luthersk Kirketidende 3 – 2007
  • Hein Steinskog si tekstgjennomgåing i prestesamling i Jæren prosti mars 2007
  • Raymond E. Brown: The Birth of the Messiah
  • Knut Grønvik sin andakt i Vårt Land 23.03.2007

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: