Ein dag på Jerusalem Trail

IMG_5414I sommar har eg testa ut koss det er å gå Jerusalem Trail. Dette er ein (delvis) merka fottur i og rundt Jerusalem.

Løva med tursekk og stav er symbol for turløypa.

Inger og eg har nyleg vore på ferie i Israel og dei palestinske områda. Éin av planane for ferien var å gå ein del dagsturar, først og fremst i ulike naturområde. Men den urbane Jerusalem Trail var også ein tur me gjerne ville gjera oss kjent med. Me valde å gå frå Gamlebyen vestover til Ein Kerem, ei strekning på ca 15 km.

Løypa er ikkje veldig godt merka. Me var heilt avhengig av gode kart der løypa er teikna inn. Det hadde me i boka Israel National Trail and the Jerusalem Trail der det er bykart i målestokk 1:15000. Enkelte delar av den 42 km lange turen er visstnok ikkje merka i det heile tatt.

Me starta faktisk dagen i Gravkyrkja ved Jesu grav. Grunnen til det skal eg koma tilbake til. Derfrå gjekk me gjennom det kristne kvarteret i Gamlebyen, ut Jaffaporten, forbi Sionshøgda og bort til området øverst i Hinnomdalen, like nedanfor den skotske kyrkja. Der fann me merkinga og begynte vandringa på Jerusalem Trail. Løypa førte oss forbi ein del interessante og viktige stadar i Vest-Jerusalem, og me tok oss tid til ein del stopp og små avstikkarar for å utforska stadar me ikkje hadde vore før.

IMG_5421Første stopp var den gamle jernbanestasjonen. Her er det bygd opp eit moderne miljø med butikkar og spisestadar. Det var så tidleg på dagen at det knapt var folk der. Men det var likevel spennande å sjå koss staden var blitt utvikla.

Vidare gjekk turen gjennom eit boligområde til me kom til Sacher-parken nedanfor Israel Museum. Me gjekk gjennom parken og opp til Knesset, passerte den store menorahen og gjekk vidare mot The Hebrew University.

Me passerte universitetet og ei stund etterpå kom me til Kikkar Denya (Danmarksplassen) der me fann oss ein kafé. Herleg! Etterpå følgte me trikkesporet til Mount Herzl der me gjekk inn i parken og såg grava til Theodor Herzl, grunnleggaren av den politiske sionismen.

Ikkje alle strekningane på turen var like spennande. Men det å gå til fots gjennom ein by, gir ei eiga oppleving av å bli kjent med dagleglivet i denne byen. For ein by er alltid meir enn dei typiske turiststadane. Både i Sacher-parken og på Mount Herzl var det livleg med skuleklassar med jødiske barn på klassetur.

IMG_5465Like ved endehaldeplassen til trikken, der vegen går inn til holocaustmuseet Yad Vashem, førte merkinga oss ut i skogen. Ganske snart passerte stien eit minnesmerke etter Raoul Wallenberg. Vidare gjekk det på skogsveg nedover ein dal til landsbyen Ein Kerem som var målet for vandringa vår. Den kristne tradisjonen seier at dette er Døyparen Johannes sin fødestad.

Landsbyen har ein sterk kristen tradisjon og det er fleire kyrkjer der. Me konsentrerte oss om Johanneskyrkja som i følge tradisjonen er bygd på døyparen sin fødestad. Dette er altså staden der foreldra hans, Elisabet og Sakarja, budde. Og staden Maria oppsøkte då ho hadde fått bodskapen om at ho skulle bli Jesu mor.

Til venstre for altaret i kyrkja er det ei grotte som markerer fødestaden: Hic Praecursor Domini Natus Est. Her er Herrens forløpar født.

I gardsrommet utanfor kyrkja er det keramikkfliser med Sakarjas lovsong (Luk 1,68-79) på mange ulike språk. Lovsongen var i følge Lukas profetisk tale i samband med døyparen sin fødsel. Teksten sluttar slik:

Og du, barn, skal kallast profet for Den høgste,
for du skal gå fram føre Herren og rydda hans vegar

og læra folket hans å kjenna frelsa når deira synder blir tilgjevne,

for vår Gud er rik på miskunn.

Slik skal lyset frå det høge
gjesta oss som ein soloppgang

og skina for dei som bur i mørker og dødens skugge,
og styra våre føter inn på fredens veg.

Eg begynte med å fortelja at me starta dagen ved Jesu grav i Gravkyrkja. Dette gjorde me for å leggja ein ekstra dimensjon til vandringa frå Gamlebyen til Ein Kerem. Me gjorde dette til ei “Emmausvandring”! Det finst ei flott forteljing i Lukasevangeliet om koss Jesus påskedag viste seg for to vandrande disiplar og slo følge med dei på vegen. Disiplane var forvirra og usikre, og dei var på veg ut av Jerusalem til Emmaus (Luk 24,13-35). Det er fleire teoriar om kor dette Emmaus kan ha lege. Ein Kerem har faktisk vore nemnt i den samanhengen, men eg trur andre stadar er meir sannsynlege lokaliseringar. Likevel: Me starta dagen ved Jesu grav og las der det siste kapitlet i Lukasevangeliet om Jesu oppstode og om møtet med Emmaus-vandrarane. Dermed blei dette perspektivet også med og prega turopplevinga på Jerusalem Trail for oss.

Eg tar med nokre fleire bilde frå turen.

IMG_2084

IMG_5427

Raoul Wallenberg

Raoul Wallenberg

IMG_2095

IMG_2107

Èitt svar til Ein dag på Jerusalem Trail

  1. Berit Andersen seier:

    Interessant beskrivelse av “pilegrimsvandringen” din rundt Jerusalem! Selv har jeg nettopp vært på pilegrimsturen Stavanger-Røldal. Notto Thelle holdt et interessant foredrag om pilegrimstradisjoner og vandrepoeter i buddhismen.

    Sendt fra min iPhone Vennlig hilsen Berit

    > Den 9. jul. 2015 kl. 10.02 skrev Arne Berge : > > >

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: