Ein tur ned Nahal Amud

26/11/2018
IMG_8964 (1)

Nahal Amud. Foto: Inger Bakke Berge 2018

Ein dagstur ned den vakre og ville dalen Nahal Amud i Galilea var blant planane for haustferien i år. For tre år sidan gjekk Inger og eg ein kort tur i den øvre delen av dalen, og sidan har me snakka om å gå ein lengre dagstur i denne området. Sjå det tidlegare notatet Ein smakebit av Nahal Amud.

I slutten av oktober gjekk me turen frå naturreservatet i området vest for Safed (ca 600 moh) ned til Ginosarsletta ved Gennesaretsjøen (ca 200 muh), ein tur på ca 20 km. Stien er ein del av Israel National Trail (INT). Det er god sti det meste av strekninga, men det viste seg at det også er eit stykke som er meir krevjande i bratt terreng.

IMG_8962 (1)

Nahal Amud. Foto: Inger Bakke Berge 2018

Me fekk hjelp av venner i Tiberias som køyrde oss opp til den øvre delen av dalen, der Israel Nature and Parks Authority har parkeringsplass med informasjonskiosk. Me kom dit kl 09.30, og blei møtt med ein viss skepsis sidan me ikkje starta tidlegare på morgonen. Han me snakka med, meinte at turen ned mot Gennesaretsjøen ville ta ni timar! I så fall ville me ikkje vera framme før mørkret kom. Me starta likevel, for me visste at me skulle kryssa ein trafikkert veg (veg 85) i løpet av turen, og at me dermed kunne slutta av der om det blei nødvendig.

Etter eit par timar møtte me andre som gjekk den same ruta. Dei første me trefte, var tre israelske ungdomar som var på ei vekes tur langs INT. Då me spurde om dei hadde vore her før, kunne dei bekrefta det. Dei hadde gått ned Nahal Amud på speidartur då dei var litt yngre. Seinare på dagen møtte me ei tysk dame som gjekk åleine og tre russiske ungdomar.

Det blei heldigvis ikkje nødvendig å avslutta turen då me kryssa veg 85. Det vil seia, kryssa er vel ikkje det rette ordet. Vegen har motorveg-standard og går på ei stor bru over dalen. Me kunne følga stien under vegen.

Me var glade for å få med oss også den nedre delen av dalen. Terrenget var lettare der, og det var mykje flott å sjå. For eksempel dette fargespelet i fjellveggen i den låge ettermiddagssola:

Frå nedre del av Nahal Amud. Foto: Inger Bakke Berge 2018

Og i dei siste strålane av dagslys passerte me den 20-30 meter høge steinstøtta (HaAmud) som har gitt namn til heile dalen. Steinstøtta er lett tilgjengeleg, den står ved stien ca 300 meter nord for vegen frå Ginosarsletta til Kibbutz Huqoq.

HaAmud i kveldslys. Foto: Arne Berge 2018

Me brukte 7,5 timar på turen og kom fram til vegen til Kibbutz Huqoq 10 minutt etter solnedgang. Så gjekk me i mørkret langs denne vegen ut til Ginosarsletta (veg 90) og tok buss derfrå tilbake til Tiberias.

Me var nær, men ikkje innom Kibbutz Huqoq. Sidan eg nå har nemnt dette stadnamnet, kan eg til slutt ta med at staden Hukkok er nemnt i Bibelen, i Jos 19,34. Eg kan gjerne tenka meg ein tur dit ein gong, for det er dei seinare år gjort svært interessante arkeologiske funn der, av mosaikk i ein synagoge frå bysantisk tid.


Ein smakebit av Nahal Amud

16/07/2015

IMG_4208

Naturreservatet i dalen Nahal Amud i fjellområda i Galilea var eitt av måla for ferien i Israel i sommar. Eigentleg hadde Inger og eg planlagt å gå frå Safed ned dalen til Gennesaretsjøen. Det er ein tur på ca 20 km og med over 1000 meter nedstigning. Varmen gjorde at me endra desse planane. Det førte til at me i denne omgangen bare fekk ein smakebit av naturreservatet. Men det me fekk med oss, gav meirsmak. Me kjem nok tilbake, og då på ei tid av året då det er forsvarleg å ta heile turen.

Me drog til den øvre delen av dalen der Israel Nature and Parks Authority har parkeringsplass og eit enkelt informasjonssenter med kiosk (inn ein stikkveg frå veg 866). Her fekk me brosjyre med informasjon og kart over den nordre delen av Nahal Amud, dessverre bare på hebraisk. Dumt dei ikkje hadde engelskspråkleg utgåve av brosjyren, slik dei pleier ha desse stadane. Då eg pakka sekken heime i Norge, prioriterte eg nemleg ikkje å ta med guideboka Israel National Parks & Nature Reserves. Utgåva eg har, veg over 500 gram, og eg var restriktiv med kor mykje vekt eg ville ha på ryggen.

Me fekk beskjed om at ein anbefalt rundtur ville ta 3 timar, men at turen kunne kortast ned til 1 1/2 eller 2 1/2 time. Dette viste seg å vera romsleg tid, inklusiv pauser. På grunn av varmen valde me likevel å forkorta turen, det vil seia at me tok varianten som var berekna til 2 1/2 time.

Då me var heime i Norge igjen, forstod me at me hadde gått glipp av den finaste staden i dalen ved ikkje å gå heile rundturen; me burde gått heilt ned til Sekhvi Pools, som blir omtalt slik i guideboka:

These pools are formed from the convergence of Nahal Sekhvi og Nahal Amud. Beside the pools stand large Oriental Plane trees (Platanus orientalis). Here, one can immerse oneself in the cool water and rest in the shade of the trees.

Sjølv om me ikkje kom til desse dammane, fann me ein god pauseplass ved Ein Yakim. Det er ikkje kvardagskost å finna rennande vatn og skuggefulle stadar ein varm sommardag i Israel. Men i denne tronge og bratte dalen fann me nettopp dette.

Guideboka siterer ei setning eller eit uttrykk frå Bibelen i samband med omtalen av kvar stad. Nahal Amud blir kommentert med følgjande uttrykk frå Femte Mosebok:

… eit land med rennande bekker, med kjelder og vassårer som spring fram i dalane og på fjellet … (5. Mos 8,7)


%d bloggarar likar dette: