Konfirmasjon

I dag har eg forretta som prest i ei konfirmasjonsgudsteneste med 29 ungdomar. Bryne kyrkje var full, dvs ca 500 menneske var samla. Det var fest og høgtid. Slike gudstenester har det vore mange stadar i landet i dag. Korfor driv kyrkja på med konfirmasjon? Kva betyr det eigentleg? Og koss opplever eg som er … Hald fram med å lese «Konfirmasjon»

I dag har eg forretta som prest i ei konfirmasjonsgudsteneste med 29 ungdomar. Bryne kyrkje var full, dvs ca 500 menneske var samla. Det var fest og høgtid. Slike gudstenester har det vore mange stadar i landet i dag. Korfor driv kyrkja på med konfirmasjon? Kva betyr det eigentleg? Og koss opplever eg som er prest, ein slik dag?

Synet på konfirmasjonen har endra seg opp gjennom historia. I dag er kyrkja opptatt av at konfirmasjonstida er ei læringstid og at konfirmasjonen er ei forbønsgudsteneste. Konfirmantane gir altså ikkje noko løfte om å tru på Gud, men er med på ei forbønshandling der me under handspålegging ber for den enkelte og for framtida deira. 

Eg syns det er flott å vera prest for konfirmantane i menigheten. Ja, eg er faktisk litt stolt av å vera presten deira, sjølv om eg sjølvsagt ikkje eig desse ungdomane og heller ikkje skal ta æra for kven dei er eller koss dei oppfører seg. Men gjennom eit år med ulike formar for samlingar og fellesskap blir me som har ansvar for konfirmantarbeidet, glade i ungdomane! Dei har mange spørsmål og det bur sjølvsagt både tvil og tru i dei. Men først og fremst opplever eg det flott at så mange ungdomar er opne og interesserte i kva den kristne trua er og betyr. Sjølvsagt veit eg at dei ulike ungdomane plasserer seg sjølv på ulikt vis i forhold til det å leva i tru. Derfor heiter det òg at formålet med konfirmantarbeidet i Den norske kyrkja er "å vekke og styrke troens liv som gis i dåpen for at de unge kan leve i menighetens fellesskap og vokse som Jesu Kristi disipler". Å vera konfirmant er å vera i ein prosess, og konfirmantopplegget som kyrkja har i dag, legg vekt både på opplæring og på oppleving.

Konfirmasjonstida er ein vesentleg del av den opplæringa som kyrkja gir til dei som er døypte. Utgangspunktet er misjonsbefalinga i Matt 28,18-20:   

Då steig Jesus fram og tala til dei: «Eg har fått all makt i himmelen og på jorda. Gå difor og gjer alle folkeslag til læresveinar: Døyp dei til namnet åt Far og Sonen og Den Heilage Ande, og lær dei å halda alt det som eg har bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står.» (Formuleringa her har eg tatt frå den nye omsetjinga Det nye testamentet revidert).

I ein av dåpssalmane (Norsk Salmebok nr 618) som ofte blir brukt i kyrkja vår, står denne verset: Ved ditt verk, ved Kjærlighetens vilje / er vi født på ny til liv i Kristus / til et åpent liv i tro og tillit.

Mitt håp som prest er at konfirmantane vil leva eit opent liv i tru og tillit! Eg syns faktisk dette uttrykket seier ganske mykje om kva det vil seia å vera kristen. Altfor mange trur at kristendom har med tvang å gjera. Faktisk er det jo heller slik at kristen tru har med åpenhet og fridom å gjera!

Og viss nokon av dei som har vore konfirmantar i dag, les dette, vil eg bare seia enda ein gong: TAKK for det me har hatt saman dette året! Me snakkes!

Her er teksten til ein brosjyre som Den norske kyrkja har sendt ut til aktuelle ungdomar med tanke på konfirmasjonen.

PS: I åra som kjem vil trusopplæringa bli bygd vidare ut i kyrkja vår, under overskriften Størst av alt.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.