Hanna og Abraham

Denne forteljinga handlar om Hanna og Abraham, to ungdomar i 1905. Dette er eit år som er mykje i fokus for tida pga 100-årsjubileet for unionsoppløysinga. Men i denne forteljinga dreier det seg ikkje om nasjonen si historie. Her dreier det seg om to jærske ungdomar og det dei skapte saman. Grunnen til at eg er opptatt av deira historie, er at eg er barnebarnet deira. Så det dreier seg altså om røtene mine.

Hanna og Abraham Salthe 1905

Hanna og Abraham Salthe 1905

På veggen heime har eg eit stort brudebilete som blei tatt då Hanna og Abraham gifta seg i 1905. Det er ei forstørring av biletet du ser her. Dei som bare ser så vidt på det gamle biletet i ei stor gamal ramme, tenkjer kanskje at dette er nokre gamle folk. Men ser du nøyare etter, ser du at det dreier seg om to ungdomar; Hanna og Abraham var 19 og 20 år då dei gifta seg!

Hanna arbeidde på denne tida på Figgjo Ullvarefabrikk. Ho hadde ikkje foreldre, for mora var død då ho var 12 år gamal og faren døydde då ho var 16 år. Nå budde ho hos den eldre broren Lars som hadde landhandel ved Ullvarefabrikken. Fram til Hanna var fem år hadde familien budd på slektsgarden på Berge i Gjesdal. Då solgte faren garden og flytte med familien sin til sonen Martin i Høyland (som nå er ein del av Sandnes). Der budde dei i tre år, så flytte familien vidare til Lars på Figgjo.

Nå var Hanna blitt glad i ein gut som heitte Abraham. Han var 20 år og kom frå Time. Abraham arbeidde på Figgjo. Han var handlangar og sprang opp og ned ein stige; han bar murstein til dei som dreiv med muring. Når Hanna såg ut fabrikkvinduet der ho arbeidde, kunne ho sitja og sjå på han …

Abraham var født på garden Line, men familien flytte til Ree (som i dag er ein del av Bryne) då han var fem år gamal. Då han var åtte år, døydde mora hans. Faren hadde då ikkje mulighet til å ha alle barna heime, så Abraham blei faktisk plassert ut som tenestegut på prestegarden på Lye! Dette var i 1893. Sett med vår tids auge verkar det jo heilt utruleg at ein åtteåring som mistar mora si, skulle bli nøydt til også å flytta frå faren! Men det var altså virkeligheten den gong. Det blir fortalt at Abraham lengta sånn heim at han når han fekk fri, sprang det siste stykket på vegen frå prestegarden til heimen på Ree.

Hanna og Abraham har sidan fortalt om ein gong dei som unge, sikkert i tida før dei gifta seg i 1905, sat på ein benk i Sandnes og snakka om den kristne trua. Hanna kom frå ein heim der den kristne trua betydde mykje. I Abrahams familie var nok ikkje dette like viktig. Men der på benken fortalde han henne at han gjerne ville bli kristen.

Me kan få eit inntrykk av Hanna sin kristne bakgrunn gjennom dette sitatet, som står i ei slektsbok eg har. Der står det om foreldra hennar:

“De var begge gudfryktige og lærte sine barn å sette sin lit til Gud, og de var selv avhengige av sin himmelske Fader i alle ting. Om det var smått med det jordiske gods, så hadde de sin rikdom i Gud. Det var den arven de gav til sine barn, som igjen har gitt den videre til sine barn.”

Hanna og Abraham gifta seg 3. august 1905. Det store brudebildet frå den dagen, har si spesielle historie. Dei hadde eit lite bilete på stiv papp, slik det var vanleg den gong. Dette sendte dei til Hanna si syster Ane i USA. Ei tid etter fekk ei stor forstørring tilbake i ei brei ramme. Dette biletet hadde dei alltid sidan på veggen i bestestova si. Når eg ser på dette biletet, forstår eg godt at folk i Norge på den tida meinte at “alt” var så stort i Amerika!

Ein detalj ved brudebiletet er at Hanna eigentleg var høgare enn Abraham. Det blei forsøkt skjult på biletet ved at Abraham stod oppå ein treklosse som låg skjult under golvteppet.

Då Hanna og Abraham gifta seg, flytta dei til Stavanger. Den første staden dei budde var Hjelmelandsgata 16. Der hadde dei brønn i kjellaren, for der var det eit oppkomme eller ei kjelde. Så dei hadde friskt vatn inn i huset på naturleg vis!

Men det unge paret møtte mykje motgang dei første åra. I løpet av dei fem første åra dei var gift, fekk dei tre jenter som alle døydde som små. Dei trudde aldri dei skulle få nokon barn som vaks opp! Men det gjorde dei sanneleg. Etter dette fekk dei sju barn som vaks opp, og ei av døtrene deira er mi mor. Barna blei strengt oppdratt, i alle høve etter vår tids tenkning. Likevel har dei mange gode minne frå barneåra. Mor har bl a fortalt meg om kor mild og snill mora hennar, Hanna, var. Ho hadde så lett for å le!

Abraham arbeidde i mange år hos ein mann som heitte Brådland. Han eigde ein hermetikkfabrikk, og det var jo ein stor og viktig industri i Stavanger på den tida. Der hadde Abraham sesongarbeid, og elles fekk han òg ulike arbeidsoppgåver heime hos Brådland. Det var dårlege tider og familien hadde, som dei fleste andre, ikkje så mykje å rutta med. Dei flytte fleire gonger i desse åra, og leigde seg bustad forskjellige stadar i byen. Det var derfor ei stor hending for familien då dei i 1928 kunne kjøpa seg eige hus på Våland, i Furrasgate 31. Dette huset fulgte forresten familien vidare, og det var der eg budde som barn.

Den siste tida før dei flytte til Våland, budde dei på Løkkevegen. Dette var på den tida mi mor var lita jente. Ho huskar bl a at dei då hadde kolonihage på Eiganes. Abraham var opptatt av at det var sunt å eta mykje frukt og grønsaker, og i kolonihagen kunne han dyrka dette sjølv. Eg syns han må ha vore ganske framsynt når han var så opptatt av dette på 1920-talet!

Eit anna minne mor har frå barndomen i 1920-åra, var då dei julaftan reiste på besøk til hennar tante Kari som òg budde i Stavanger. Ho var ei av systrene til Hanna. Det var visst alltid snø om vinteren i Stavanger på den tida! Mor huskar i alle høve at dei dro på julebesøk på ei lang kjelke med styrestang. Fremst stod sekken med julegåver, bak sat dei minste barna. Og dei eldste barna sprang ved sidan av.

I 1931 begynte den første enkle starten på det som sidan skulle bli Hillevåg Trikotasjefabrikk. Hanna skaffa seg strikkemaskin, og begynte så smått å strikke for folk. Ho og Abraham var opptatt av at ungane ikkje skulle veksa opp til arbeidsløyse. Det var det mykje av på den tida.

Hanna og Abraham må ha vore driftige. Frå denne enkle starten i 1931 gjekk det slag i slag. Det utvikla seg til ein god bedrift med mange tilsette i tillegg til at fleire familiemedlemer arbeidde der. Dei heldt til i eit tilbygg til huset på Våland. Og alt åtte år seinare, i 1939, hadde dei behov for nye lokale. Abraham kjøpte då eit småbruk i Jarlevegen i Hillevåg. Der var det eit lite og gamalt bustadhus som dei pussa opp og flytta inn i. Og ved sidan av bygde dei ny fabrikkbygning. Her dreiv dei fabrikken vidare i fleire år. Seinare overtok dei to sønene drifta av Hillevåg Trikotasjefabrikk.

Då ungdomane Hanna og Abraham etablerte seg i Stavanger i 1905, ville dei gjerne vera med i eit kristent fellesskap. Dei var i kontakt med fleire menighetar og forsamlingar, bl a Salem som tilhøyrer Misjonssambandet og ein frimenighet i Ledaalsgata. Spesielt denne sistenemnte menigheten var viktig i desse første åra deira i byen. Abraham fortel i dagboka si at han blei omvendt til Gud i 1909. Det skjedde på eit møte der han høyrde eit vitnesbyrd frå ein mann som fortalde om si eiga omvending med utgangspunkt i teksten i Romarbrevet 5,1-2.

I 1912 starta menigheten Den Apostoliske Tro opp si verksemd i Stavanger, og der var Hanna og Abraham med frå starten. Sidan levde dei eit aktivt liv i denne menigheten. Seinare i livet blei Abraham òg brukt som forkynnar, han reiste bl a til Danmark som talar i Den Apostoliske Tro sine menighetar der. Den kristne trua betydde mykje for dei, og sjølv om ikkje alle barna fann sin plass i akkurat denne menigheten, har den kristne kulturarven som Hanna hadde med seg frå sine foreldre, og som betydde så mykje både for Hanna og Abraham, fulgt familien vidare.

Dei to fekk mange gode år saman. Men nokre månadar før dei skulle feira gullbryllup i 1955, døydde Hanna 68 år gamal. Abraham levde til 1962, då var han 77 år gamal.

Eg tar som ei avslutning på denne historia med eit salmevers av Grundtvig. Det handlar om formidling av den kristne trua i ein familiesamanheng. Eg syns tydeleg eg ser at det er dette som har skjedd i vår familie.

Guds ord, det er vårt arvegods, det våre barns skal være. Gud, gi oss i vår grav den ros, vi holdt det høyt i ære! Det er vår hjelp i nød, vår trøst i liv og død; o Gud, hvordan det går, la dog mens verden står, det i vår ætt nedarves!

Denne forteljinga er ei bearbeidd utgåve av historia eg fortalde på slektstreffet på Strandleiren 14. mai 2005. Då var me samla ca 85 personar frå familien etter Hanna og Abraham.

Fakta om Hanna og Abraham:

  • Hanna Regine Salthe, født Berge, født 16. desember 1886 i Gjesdal, død 26. april 1955 i Hillevåg.
  • Abraham Salthe, født 2. mai 1885 i Time, død 23. november 1962 i Hillevåg.
  • Hanna og Abraham er gravlagde ved Hetland kirke i Stavanger.
  • Dei tre barna som døde som barn: Magnhild (f. 1906), Agnes Margreta (f. 1908), Astrid Henriette (f. 1910).
  • Dei sju barna som vaks opp: Norvald (f. 1912), Ingfrid (f. 1913), Olga (f. 1915), Ruth (f. 1918), Esther (f. 1920), Arthur (f. 1924), Gerd (f. 1929).

14 svar til Hanna og Abraham

  1. Trygve Berge seier:

    Hei far!

    Det var kjekt å lese denne historia om mine oldeforeldre! Har høyrt mykje om dei før, men her var det nye detaljer eg ikkje kjende til. Interessant.

  2. Nils seier:

    Hei. Takk for ein repetisjon av foredraget du holdt på slektstevnet.

  3. Morten Holt seier:

    Hei igjen!
    Har skrevet ut dette. Interessant og spennede at du har lagt det ut på nettet.
    Flott og interessant side du har.
    Morten Holt

  4. Ommund Liland seier:

    Hei Arne!
    Dette var ei interesann historie, eg kan tilføya til deg at tipp-oldemora mi heite Karen Berge og kom i frå Berge i Gjesdal, ho var fødd i 1867. Kom ho i frå samme slekta som deg?
    mvh
    Ommund Liland

  5. Arne seier:

    Hei Ommund! Ja, det er nokså sannsynleg at me då er i slekt! Veit du noko meir om Karen? Eg har funne ei Karen Berge, f 1867, i slektsboka mi. Ho var dotter av Reier Berge og gifta seg med Martin Holen frå Time. Trur du dette er den rette Karen? Ho var i så fall syskenbarn av Hanna.

  6. Ommund Liland seier:

    Hei Arne!
    Dette stemmer, Ho gifta seg med Martin Knutsson Time/Holen, ho var mor til oldemora mi som heite Berta Serina Time. Stiligt at vi har felles forfedrer i frå Berge, heime har vi ei slektsbok som det står alle etter komarane til familien Berge i frå Gjestal, denne boka er det ein i frå Amerika som har utarbeida, har du denne?

  7. Arne seier:

    Ikkje verst! Då er me altså i slekt, sjølv om det er eit stykke ute i slekta. Eg har den amerikanske slektsboka. Har du “Bergeslegten” frå 1915? Viss du er interessert, kan du få ein kopi.

  8. Ommund Liland seier:

    Hei Arne!
    Eg kan sikkert få ein kopi av deg, det trur eg mormor hadde sett utruleg pris på! Du kan jo senda kopien med Pål på skulen så kan eg betala han der!
    mvh
    Ommund

  9. Hej!!!!

    Det er dejligt at høre noget om min oldemords familie som vi ikke ved meget om. Da hun flytte til Danmark. Jeg Inge M. Bakmann er ikke kommet langt med vores norske aner. Jeg går op i slægtforskning. Jeg er et oldebarn til Kirstine Salomonsen som er datter at Salomon og Taletta Vikanson Salte: hendes søsken er Vilhelm, Niels og Tønne. Ham jeg har fundet må være søn til Niel som er bror til Kirstine.
    Kærlig hilsen Inge

  10. Inger Bruvoll seier:

    Hei Arne.

    Dette var flott. Interessant å lese om Hanna og Abraham. Det meste har jeg nok hørt om, men ikke alt. Jeg visste ikke at de hadde brønn i kjelleren da de var nygift.
    Hilsen din kusine Inger i Tromsø.

  11. arneberge seier:

    Hei Inger. Kjekt at du har vore innom bloggen og funne dette stoffet som eg skreiv då me hadde slektsstemne i 2005.

  12. Arne seier:

    Oppdaga nyleg denne kommentaren, som har lagt ei stund og venta på “den gamle” bloggen min. Nå legg eg den inn her. Kjekt at slektningar finn fram til stoffet om mormor og morfar. Kommentaren er skriven av Reier S. Hetland.

    Sitter i Albir, Spania og blar på “google”
    Jeg husker Hanna og Abraham Salte. Hanna var
    søster til min morfar, Martin. Jeg har foto
    av Hanna og Abraham, som er tatt hjemme hos
    min mormor. De er sammen med andre familiemedlemmer. Dette var interesant.
    Hilsen
    Reier

  13. Asbjørn Berge seier:

    Dette var en veldig interessant nettside å oppdage. Min far het Erling Walter Berge (1921 – 1991) og hans tante var Hanna f. Berge. Min far var sønn av Reier Johan Berge og Sara Amanda f. Skadberg. Han ble født i 1921 i Amerika.De syv etterkommerne til Hanna og Abraham var derfor hans søskenbarn. Han vokste selv opp på Hana i Sandnes. Jeg husker godt at han har fortalt om sin onkel og tante som drev Hillevåg Trikotasjefabrikk. Jeg traff selv noen av hans søskenbarn (Norvald og Arthur?) på et slektstreff for Bergeslekten i 1991 på Grendehuset i Gjestal.
    Hilsen
    Asbjørn

  14. Arne seier:

    Hei Asbjørn. Kjekt å få slik tilbakemelding frå ein av tremenningane mine! Eg var også på det store slektstreffet i Gjesdal i 1991. Elles kan eg nemna at eg i slektspapira mine har to talar som farfaren din heldt på Elim i Sandnes pinsen 1971. Helsing Arne

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: