Dagstur til Dødehavet

Sjølv om det er eit par veker sidan eg kom heim frå Israel (våren 2005), har eg lyst til å leggja til eit (siste?) kapittel i reiseskildringane mine. Den siste dagen me hadde til disposisjon før heimreise, var me på dagstur til Dødehavet. Dette er eit spesielt område: Det er ørken og det er omlag 400 meter under havets overflate! Her er det varmt og tørt. Og vatnet i Dødehavet er veldig salt. Dødehavet 2005Biletet er tatt på Masada der eg ser utover Dødehavet.

Me hadde gjort ein avtale med ein arabisk taxisjåfør som skulle køyra oss dit me ville denne dagen. Han lova å stilla med ein Van, så me skulle ha god plass. Det viste seg å vera ein VW Caravelle, lik den eg sjølv har køyrt i 10 år. Bare det at denne var køyrt over 490.000 km og det på ein lite omsorgsfull måte. Det viste seg faktisk at bilen skulle vore (og burde vore!) på verkstad denne dagen. Men det visste me ikkje før me på ettermiddagen begynte å få motorproblem ….

Før det blei kveld hadde me vore på Masada, i Qumran (der Dødehavsrullane blei funne), me hadde bada i Dødehavet, vore i Jeriko og i Betania. Og opplevd arabisk bilberging. Ein innhaldsrik dag!

Eg kan ikkje skildra alt det eg opplevde denne måndagen. Det ville sprenga alle grenser for ein blogg-artikkel som dette (viss du syns eg overdriver her, vil eg bare seia at eg har latt meg inspirera av evangelisten Johannes i Joh 21,25). Men nokre glimt frå det fascinerande landskapet og frå dei mange opplevingane våre på dagsturen til Dødehavet, går det jo an å dela!

Masada er ei fjellklippe som reiser seg 450 meter over Dødehavet. Platået på klippa er ca 650 x 300 meter stort. Der oppe bygde kong Herodes den store eit palass som skulle vera ein tilfluktsstad for han og familien hans.

Masada 2005Han leid både av stormannsgalskap og forfølgelsesvanvidd, stakkars! På Masada er det ruinar etter palass, romersk bad, synagoge, kornkammer som skulle rekke til 10.000 soldatar osv. I 2001 blei staden tatt inn på UNESCO World Heritage List.

Staden har ei spesiell historie. Herodes fekk aldri brukt denne tilfluktsstaden sin. Under det jødiske opprøret mot romarane omkring år 70 fekk derimot staden stor tyding. Her forskansa fridomsforkjemparane seg i tre år etter at Jerusalem var falt.

Romersk leir ved Masada 2005Tilslutt, då den romerske hærmakta var i ferd med å innta borga, gjorde dei kollektivt sjølvmord. Heller ein død i fridom enn å leva i slaveri for romarane, var tankegangen deira. Det er historikaren Josefus som har tatt vare på denne historia i skriftet Den jødiske krigen. Biletet viser ein av dei romerske militærleirane frå beleiringa i år 70, sett frå taubanen på veg opp til Masada.

Qumran er staden der Dødehavsrullane blei funne i 1947. Eit sensasjonelt funn som har betydd mykje for bibelforskinga. Det var beduinar som tilfeldig fann 2000 år gamle skriftrullar i nærast utilgjengelege fjellholer på staden. Dei som på Jesu tid budde her nede ved Dødehavet i eit klosterliknande samfunn, blir kalla essenarane. Dei var ei jødisk asketisk retning som var i opposisjon til dei som hadde makta i Jerusalem. I ein flott historisk presentasjon på staden, blir det hevda at døyparen Johannes truleg hadde bakgrunn i dette fellesskapet. Eg er ikkje så sikker på om dette er så opplagt, men skal sjølvsagt ikkje utelukka det. Uansett er det eit interessant tema å sjå på samanhengen mellom essenarane og Det nye testamentet.

Nå er nokre av Dødehavsrullane stillt ut i The Shrine of the Book i Jerusalem, eit spesielt bygg som ser ut som toppen av dei leirkrukkene dei fann rullane i. Me var og såg på denne utstillinga i Jerusalem ei vekes tid før besøket i Qumran.

Bading i Dødehavet 2005Bading i Dødehavet er sjølvsagt ein aktuell aktivitet når me er i området. Vatnet er så salt at kroppen er heilt slimete når me kjem opp av vatnet. Pga saltinnhaldet flyt me på ein heilt annan måte enn i vanleg vatn, ja, det er som om me vil tippa rundt. Og er det noko eg har respekt for, så er det å få dette vatnet i munn, nase og auge! Nei takk! Du bør heller ikkje ha for mange sår på kroppen når du går ut i dette vatnet, det kan svi ganske voldsomt. Men løye var det å bada der, denne gongen òg!

Etter opphaldet på ein sjabby badestrand, som me til og med måtte betala for å koma inn på, køyrde me vidare til Jeriko. Byen innehar ein del rekordar: Det skal vera den eldste by i verda, og det er den lågastliggjande by i verda!

Palmebyen 2005Byen er faktisk ein oase som ligg midt i ørkenen, derfor namnet “palmebyen” (sjå biletet). Det er grønt og frodig, for byen har ei kjelda med rennande vatn. Like utanfor byen er landskapet likevel goldt og tørt. Her passerte Jesus når han var på reise mellom Galilea og Jerusalem. Her var det han helbreda den blinde Bartimeus (Mark 10,46-52) og her var det han tok inn hos tollaren Sakkeus (Luk 19,1-10). Og kven har ikkje høyrt Jesu forteljing om ein mann som “fór frå Jerusalem ned til Jeriko” og som fall i hendene på røvarar? (Luk 10,30-37). Til orientering kan det nemnast at det er 1200 meters høgdeforskjell mellom dei to byane. Og avstanden er ikkje stor, men terrenget er farleg og villt!

På veg opp bakkene frå Jeriko mot Jerusalem blei det meir og meir klart at bilen aldri skulle vore på vegen den dagen. Andre enn meg kan nok gje ei betre skildring av den tekniske sida ved saka, og sikkert òg av det faktiske hendingsforløpet. For då eg vakna etter å ha sovna i baksetet, var motorhavariet eit faktum. Sjåføren var fortvila og irritabel. Me stod midt i ein bakke i Betania, me var altså nesten oppe på Oljeberget og hadde ikkje langt igjen til Jerusalem. Men det hjalp lite, for bilen ville ikkje meir. Sjåføren hadde lova oss å køyra innom Lasarus’ grav (Joh 11,1-44) på veg tilbake. Etter ein del mekking og forhandling kom nevøen hans med ein annan bil og køyrde oss til kyrkja og moskeen som er bygd ved Lasarus’ grav, og så vidare tilbake til Jerusalem gjennom trange og bratte gater i området rundt Oljeberget. På vegen var me innom verkstaden der dei allereie var igang med å berga bilen for framtida; kanskje var tanken at den skulle gå 490.000 nye km før den skulle få kvila hos den lokale knoksen?

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: