Om Lars E. Berge, Gjesdal

29/08/2015

Eg sit med ei gamal bok i hendene. Den har tilhøyrt tippoldefaren min, Lars Erikson Berge. Han har skrive namnetrekket sitt i boka. For meg er den litle boka eit klenodium.

I morgon (30.08.2015) skal det vera slektsstemne for Bergeslekta frå Gjesdal. Sjølv har eg dessverre ikkje høve til å delta. Men eg kan bidra med litt frå slektshistoria her på bloggen.

Det er den store slekta etter Kari Toresdotter og Lars Erikson Berge som skal samlast. I denne slekta finst det eit par klassiske bilde, som eg vil ta med her.

Lars Erikson Berge, Gjesdal

Lars Erikson Berge, Gjesdal

Det første bildet viser Lars der han sit med falda hender. Han var født i 1792 og døydde i 1873. Lars var bonde. Han kom frå nabogarden Indre Lima og overtok garden på Berge frå svigerforeldra i 1820.

Elles hadde han mange tillitsverv i lokalsamfunnet. Han var ein av dei første ordførarane i Gjesdal, i perioden 1844-1847. I unge år var han omgangsskulelærar i ca 10 år. Seinare i livet var han vaksinatør. Og han hadde lenge ansvaret for ei boksamling som var utgangspunkt for det seinare lokale folkebiblioteket.

Lars var interessert i bøker. I slektsboka som kom ut i 1915, står det slik:

Han styrte i lang tid bygdens almuebibliotek og hadde selv læst størsteparten av bøkerne. Der var vistnok intet hjem i Gjesdal, hvor der læstes saa meget som i hans.

Eg er så heldig å ha ei av bøkene hans. Namnetrekket hans står øverst til venstre i bildet. Bildet blir større viss du klikkar på det.

Lars E. Berges bok

Tittelen på boka er lang i forhold til vår tids titlar:

Johannes Bunians udførlige Levnet og Død, eller Guds Naade, som strækker sig endog til de største Syndere. Det er, en sandfærdig Fortælling om Forfatterens første Dragelse og hans videre Fremgang i Naaden.

Dette må dreia seg om den kjente engelske presten og forfattaren John Bunyan. Boka er omsett frå engelsk og gitt ut i Christiania i 1848.

Boka har som du ser, si eiga historie. Ulike eigarar i slekta har skrive sine namnetrekk i den. Øvst til venstre finn me altså Lars E. Berge sitt namn. Reier Berge (1835-1908) var ein av sønene til Lars. Han var lenge lærar og klokkar i Gjesdal, men flytta seinare til Herikstad her i Time. Kaare Time var barnebarn av Reier. Eg blei kjent med han dei siste åra han var sokneprest i Høyland (1967-1978). Sjølv fekk eg boka i eige etter Kaare Times død. Etter at arvingane hadde gått gjennom boksamlinga hans, fekk eg òg sjå gjennom bøkene. Då eg viste fram kva eg hadde funne, fekk eg bekrefta at denne gamle boka etter ein av våre felles forfedre, skulle vera mi.

For at dei som er slektsinteresserte ikkje skal bli altfor forvirra, bør eg nok ta med at eg ikke har Bergenamnet mitt frå Gjesdal. Det kjem frå farsslekta mi frå Finnøy. Men mormora mi, Hanna Regine Salthe, var født Berge. Ho var barnebarn av Lars Erikson Berge. Slektslinja går slik: Mor heitte Esther Berge, født Salthe (1920-2007). Hennar mor var Hanna Regine Salthe, født Berge (1886-1955). Ho var dotter av Ommund Larsson Berge (1832-1903). Han var son av Lars Erikson Berge.

Eg vil avslutta med det andre klassiske bildet i Bergeslekta frå Gjesdal. Det er eit bilde av dei åtte barna til Lars, då dei sjølve var blitt gamle. Bildet er tatt i 1894.

Søskenflokk 1894, Berge i Gjesdal

Søskenflokk 1894, Berge i Gjesdal

Bak frå venstre: Adam, Lars, Erik, Ommund, Reier. Framme frå venstre: Karen, Thore, Rakel.

Lars Larsson Berge har 25.06.1894 skrive slik om dette bildet:

Idag var vi alle 8 søskende samlet hos den ældste bror paa vort fødested, Berge i Gjesdal sogn, for efter avtale at faa os fotograferet. Dette kunne vel siges at være av mindre nødvendighet. Og ganske sandt! Men der er dog den mærkverdighet ved det, at vi har ikke været flere søskende og nu er vi alle gamle og graa, fra 10de november 1816 til 1ste november 1835. Der er altsaa 19 aar i forskjel paa alderen eller den gjennemsnitlige alder henimot 70 aar. Dog var vi alle saa pas raske at vi kunne samles tilfods dertil. Den ældste er derimot ikke litet skrøpelig. Vi skildtes igjen med den tanke, at vi ikke mer kom til at samles paa et sted paa denne jord, men satte stevne hist oppe hos Gud. Det skje ved Jesus alene.


Hanna og Abraham

14/05/2005

Denne forteljinga handlar om Hanna og Abraham, to ungdomar i 1905. Dette er eit år som er mykje i fokus for tida pga 100-årsjubileet for unionsoppløysinga. Men i denne forteljinga dreier det seg ikkje om nasjonen si historie. Her dreier det seg om to jærske ungdomar og det dei skapte saman. Grunnen til at eg er opptatt av deira historie, er at eg er barnebarnet deira. Så det dreier seg altså om røtene mine.

Hanna og Abraham Salthe 1905

Hanna og Abraham Salthe 1905

På veggen heime har eg eit stort brudebilete som blei tatt då Hanna og Abraham gifta seg i 1905. Det er ei forstørring av biletet du ser her. Dei som bare ser så vidt på det gamle biletet i ei stor gamal ramme, tenkjer kanskje at dette er nokre gamle folk. Men ser du nøyare etter, ser du at det dreier seg om to ungdomar; Hanna og Abraham var 19 og 20 år då dei gifta seg!

Hanna arbeidde på denne tida på Figgjo Ullvarefabrikk. Ho hadde ikkje foreldre, for mora var død då ho var 12 år gamal og faren døydde då ho var 16 år. Nå budde ho hos den eldre broren Lars som hadde landhandel ved Ullvarefabrikken. Fram til Hanna var fem år hadde familien budd på slektsgarden på Berge i Gjesdal. Då solgte faren garden og flytte med familien sin til sonen Martin i Høyland (som nå er ein del av Sandnes). Der budde dei i tre år, så flytte familien vidare til Lars på Figgjo.

Nå var Hanna blitt glad i ein gut som heitte Abraham. Han var 20 år og kom frå Time. Abraham arbeidde på Figgjo. Han var handlangar og sprang opp og ned ein stige; han bar murstein til dei som dreiv med muring. Når Hanna såg ut fabrikkvinduet der ho arbeidde, kunne ho sitja og sjå på han …

Abraham var født på garden Line, men familien flytte til Ree (som i dag er ein del av Bryne) då han var fem år gamal. Då han var åtte år, døydde mora hans. Faren hadde då ikkje mulighet til å ha alle barna heime, så Abraham blei faktisk plassert ut som tenestegut på prestegarden på Lye! Dette var i 1893. Sett med vår tids auge verkar det jo heilt utruleg at ein åtteåring som mistar mora si, skulle bli nøydt til også å flytta frå faren! Men det var altså virkeligheten den gong. Det blir fortalt at Abraham lengta sånn heim at han når han fekk fri, sprang det siste stykket på vegen frå prestegarden til heimen på Ree.

Hanna og Abraham har sidan fortalt om ein gong dei som unge, sikkert i tida før dei gifta seg i 1905, sat på ein benk i Sandnes og snakka om den kristne trua. Hanna kom frå ein heim der den kristne trua betydde mykje. I Abrahams familie var nok ikkje dette like viktig. Men der på benken fortalde han henne at han gjerne ville bli kristen.

Me kan få eit inntrykk av Hanna sin kristne bakgrunn gjennom dette sitatet, som står i ei slektsbok eg har. Der står det om foreldra hennar:

«De var begge gudfryktige og lærte sine barn å sette sin lit til Gud, og de var selv avhengige av sin himmelske Fader i alle ting. Om det var smått med det jordiske gods, så hadde de sin rikdom i Gud. Det var den arven de gav til sine barn, som igjen har gitt den videre til sine barn.»

Hanna og Abraham gifta seg 3. august 1905. Det store brudebildet frå den dagen, har si spesielle historie. Dei hadde eit lite bilete på stiv papp, slik det var vanleg den gong. Dette sendte dei til Hanna si syster Ane i USA. Ei tid etter fekk ei stor forstørring tilbake i ei brei ramme. Dette biletet hadde dei alltid sidan på veggen i bestestova si. Når eg ser på dette biletet, forstår eg godt at folk i Norge på den tida meinte at «alt» var så stort i Amerika!

Ein detalj ved brudebiletet er at Hanna eigentleg var høgare enn Abraham. Det blei forsøkt skjult på biletet ved at Abraham stod oppå ein treklosse som låg skjult under golvteppet.

Då Hanna og Abraham gifta seg, flytta dei til Stavanger. Den første staden dei budde var Hjelmelandsgata 16. Der hadde dei brønn i kjellaren, for der var det eit oppkomme eller ei kjelde. Så dei hadde friskt vatn inn i huset på naturleg vis!

Men det unge paret møtte mykje motgang dei første åra. I løpet av dei fem første åra dei var gift, fekk dei tre jenter som alle døydde som små. Dei trudde aldri dei skulle få nokon barn som vaks opp! Men det gjorde dei sanneleg. Etter dette fekk dei sju barn som vaks opp, og ei av døtrene deira er mi mor. Barna blei strengt oppdratt, i alle høve etter vår tids tenkning. Likevel har dei mange gode minne frå barneåra. Mor har bl a fortalt meg om kor mild og snill mora hennar, Hanna, var. Ho hadde så lett for å le!

Abraham arbeidde i mange år hos ein mann som heitte Brådland. Han eigde ein hermetikkfabrikk, og det var jo ein stor og viktig industri i Stavanger på den tida. Der hadde Abraham sesongarbeid, og elles fekk han òg ulike arbeidsoppgåver heime hos Brådland. Det var dårlege tider og familien hadde, som dei fleste andre, ikkje så mykje å rutta med. Dei flytte fleire gonger i desse åra, og leigde seg bustad forskjellige stadar i byen. Det var derfor ei stor hending for familien då dei i 1928 kunne kjøpa seg eige hus på Våland, i Furrasgate 31. Dette huset fulgte forresten familien vidare, og det var der eg budde som barn.

Den siste tida før dei flytte til Våland, budde dei på Løkkevegen. Dette var på den tida mi mor var lita jente. Ho huskar bl a at dei då hadde kolonihage på Eiganes. Abraham var opptatt av at det var sunt å eta mykje frukt og grønsaker, og i kolonihagen kunne han dyrka dette sjølv. Eg syns han må ha vore ganske framsynt når han var så opptatt av dette på 1920-talet!

Eit anna minne mor har frå barndomen i 1920-åra, var då dei julaftan reiste på besøk til hennar tante Kari som òg budde i Stavanger. Ho var ei av systrene til Hanna. Det var visst alltid snø om vinteren i Stavanger på den tida! Mor huskar i alle høve at dei dro på julebesøk på ei lang kjelke med styrestang. Fremst stod sekken med julegåver, bak sat dei minste barna. Og dei eldste barna sprang ved sidan av.

I 1931 begynte den første enkle starten på det som sidan skulle bli Hillevåg Trikotasjefabrikk. Hanna skaffa seg strikkemaskin, og begynte så smått å strikke for folk. Ho og Abraham var opptatt av at ungane ikkje skulle veksa opp til arbeidsløyse. Det var det mykje av på den tida.

Hanna og Abraham må ha vore driftige. Frå denne enkle starten i 1931 gjekk det slag i slag. Det utvikla seg til ein god bedrift med mange tilsette i tillegg til at fleire familiemedlemer arbeidde der. Dei heldt til i eit tilbygg til huset på Våland. Og alt åtte år seinare, i 1939, hadde dei behov for nye lokale. Abraham kjøpte då eit småbruk i Jarlevegen i Hillevåg. Der var det eit lite og gamalt bustadhus som dei pussa opp og flytta inn i. Og ved sidan av bygde dei ny fabrikkbygning. Her dreiv dei fabrikken vidare i fleire år. Seinare overtok dei to sønene drifta av Hillevåg Trikotasjefabrikk.

Då ungdomane Hanna og Abraham etablerte seg i Stavanger i 1905, ville dei gjerne vera med i eit kristent fellesskap. Dei var i kontakt med fleire menighetar og forsamlingar, bl a Salem som tilhøyrer Misjonssambandet og ein frimenighet i Ledaalsgata. Spesielt denne sistenemnte menigheten var viktig i desse første åra deira i byen. Abraham fortel i dagboka si at han blei omvendt til Gud i 1909. Det skjedde på eit møte der han høyrde eit vitnesbyrd frå ein mann som fortalde om si eiga omvending med utgangspunkt i teksten i Romarbrevet 5,1-2.

I 1912 starta menigheten Den Apostoliske Tro opp si verksemd i Stavanger, og der var Hanna og Abraham med frå starten. Sidan levde dei eit aktivt liv i denne menigheten. Seinare i livet blei Abraham òg brukt som forkynnar, han reiste bl a til Danmark som talar i Den Apostoliske Tro sine menighetar der. Den kristne trua betydde mykje for dei, og sjølv om ikkje alle barna fann sin plass i akkurat denne menigheten, har den kristne kulturarven som Hanna hadde med seg frå sine foreldre, og som betydde så mykje både for Hanna og Abraham, fulgt familien vidare.

Dei to fekk mange gode år saman. Men nokre månadar før dei skulle feira gullbryllup i 1955, døydde Hanna 68 år gamal. Abraham levde til 1962, då var han 77 år gamal.

Eg tar som ei avslutning på denne historia med eit salmevers av Grundtvig. Det handlar om formidling av den kristne trua i ein familiesamanheng. Eg syns tydeleg eg ser at det er dette som har skjedd i vår familie.

Guds ord, det er vårt arvegods, det våre barns skal være. Gud, gi oss i vår grav den ros, vi holdt det høyt i ære! Det er vår hjelp i nød, vår trøst i liv og død; o Gud, hvordan det går, la dog mens verden står, det i vår ætt nedarves!

Denne forteljinga er ei bearbeidd utgåve av historia eg fortalde på slektstreffet på Strandleiren 14. mai 2005. Då var me samla ca 85 personar frå familien etter Hanna og Abraham.

Fakta om Hanna og Abraham:

  • Hanna Regine Salthe, født Berge, født 16. desember 1886 i Gjesdal, død 26. april 1955 i Hillevåg.
  • Abraham Salthe, født 2. mai 1885 i Time, død 23. november 1962 i Hillevåg.
  • Hanna og Abraham er gravlagde ved Hetland kirke i Stavanger.
  • Dei tre barna som døde som barn: Magnhild (f. 1906), Agnes Margreta (f. 1908), Astrid Henriette (f. 1910).
  • Dei sju barna som vaks opp: Norvald (f. 1912), Ingfrid (f. 1913), Olga (f. 1915), Ruth (f. 1918), Esther (f. 1920), Arthur (f. 1924), Gerd (f. 1929).

%d bloggarar likar dette: