Over Pyreneane i godt ver

Ein flott etappe på pilegrimsvandringa

IMG_0845 (1)
Inger på veg oppover i det grøne landskapet i Pyreneane. Foto: Arne Berge 2019

Det blir ingen pilegrimstur i Spania nå i 2020. Men eg har rikeleg med bilde og andre minne frå turen i fjor, også stoff som eg hittil ikkje har skrive om her på bloggen.

I desse dagane er det eit år sidan Inger og eg gjekk over Pyreneane i juli 2019. Dette var eitt av høgdepunkta på pilegrimsturen sist sommar. Men det blei likevel ikkje at eg skreiv om denne strekninga på bloggen. Eg prioriterte å skriva om vandringa fram til Saint-Jean-Pied-de-Port, som langt færre pilegrimar får med seg, og så innhenta sikkert kvardagen meg. Nå tar eg fram igjen desse minna.

For oss var det å koma fram til den gamle pilegrimsbyen ved foten av Pyreneane, avslutninga på ei ca 75 mil lang vandring i Frankrike, fordelt over fire feriar. Les om vandringa i Frankrike i notatet Pilegrimsvegen Via Podiensis.

Men turen gjekk altså vidare, over Pyreneane og inn i Spania. Me heldt fram eit par dagsetappar i Spania før me reiste heim.

Det kjem fleire bilde frå turen over fjellet lenger nede i notatet.

Veret kan vera mildt sagt skiftande i desse fjella. Me var heldige og hadde ein flott tur med behageleg temperatur og god sikt. Det vil seia, det var i høgda me kan kalla temperaturen behageleg. I låglandet var temperaturen uvanleg høg.

Pilegrimsvegane går normalt ikkje til fjells. Som pilegrimar held me oss meir der folk bur og i kulturlandskapet. Me er ofte innom landsbyar, av og til innom større byar. Men så hender det sjølvsagt at naturen krev at me må over fjellparti for å koma vidare mot målet. For dei som går dei lange løypene mot Santiago de Compostela frå denne delen av Frankrike, er turen over Pyreneane ein slik fjellovergang.

Løypa me gjekk, blir kalla Napoleonsruta. Rett og slett fordi Napoleon skal ha brukt denne ruta over fjellet under felttoget mot Spania og Portugal på begynnelsen av 1800-talet.

Napoleonsruta går frå Saint-Jean-Pied-de-Port (180 moh) i Frankrike til Roncesvalles (900 moh) i Spania. Det høgaste punktet på løypa er 1429 moh. Dette er i dag den vanlegaste ruta å gå for dei som går denne pilegrimsvegen. Men det finst også eit alternativ i Valcarlosruta.

Me hadde høyrt mykje om kor hard fjellovergangen skulle vera. Opplevinga er nok ganske veravhengig, og me var som sagt heldige.

Me hadde dessutan planlagt turen slik at me tok den første delen av stigninga på ettermiddagen dagen før me skulle heilt over fjella. Dei fleste pilegrimane overnattar i Saint-Jean. Me hadde heller berekna å ha lunch der og hadde bestilt overnatting på eit gjestehus i landsbyen Honto, eit stykke oppe i bakkane. Det var ei god løysing. For oss blei turen over Pyreneane ein flott etappe på pilegrimsvegen!

Me tok oss god tid i den historiske pilegrimsbyen Saint-Jean. Byen har ca 1500 innbyggarar og den har pilegrimskontor, sportsbutikk, kyrkje og mange restaurantar. Altså alt det me kunne trenga for ein lang pause før fjellovergangen.

På ettermiddagen gjekk me opp bakkane til overnattingsstaden Ferme Ithurburia. Dette var ein flott stad med nydeleg utsikt tilbake mot det franske landskapet der me hadde gått i dei siste dagane.

Ferme Ithurburia, Pyreneane. Foto: Arne Berge 2019
Utsikt frå Ferme Ithurburia. Foto: Arne Berge 2019

Neste dag starta me tidleg på morgonen, og det gjekk bratt oppover på smale gardsvegar omkransa av blomar og dyr. Etter ei stund kom me til Orisson. Der ligg det siste herberget på vegen til fjells. Her hadde eg sjølvsagt kaffi.

Morgonstemning i Orisson, Pyreneane. Foto: Inger Bakke Berge 2019

Vidare følgde me vegar og stigar til fjells i ein heilt fantastisk natur!

Over oss såg me ofte store fuglar som såg ut som ørn. Ein medvandrar fortalde at det var gribbar (åtselgribb/egyptisk gribb) og at dei har eit vingespenn på 170 cm! Me syns dei store fuglane var eit flott syn!

Elles såg me helst husdyr på beite, først og fremst saueflokker. Og sidan Inger har eit nært forhold til sauer og det er lettare å få tatt gode bilde av sauene enn av gribbane, kjem det her eit par sauebilde.

Saueflokk i Pyreneane. Foto: Arne Berge 2019

«Markene kler seg med sauer …» (Sal 65,14). Eg syns dette poetiske uttrykket frå Salmane i Det gamle testamentet passar veldig godt til bildet over. Den gamle salmen handlar elles om mykje meir enn sauer. Den er ein lovsong til Gud for alle velsigningane i naturen, først og fremst for vatnet si store tyding. Og vatn er det mykje av i Pyreneane; det er derfor fjella er så grønkledde.

Det neste sauebildet viser koss sauene gjekk på beite, også langs vegen.

Frå Pyreneane. Foto: Inger Bakke Berge 2019

Men som pilegrim har eg vanlegvis meir kontakt med menneske enn med dyr. Ei viktig side ved slike turar er å vera open for nye menneske. På pilegrimsvegen er det lett å koma i kontakt med andre som er på vandring. Det er eit internasjonalt miljø, folk har ofte felles interesser og er positivt interesserte til meir enn overfladisk kontakt. Denne dagen blei me kjent med Marco frå Brasil. Me hadde følge med han ein del av dagen, gjekk og prata saman, hadde fleire pauser saman, blant anna ved ein varebil som fungerer som salsbod langt oppe i fjellheimen.

Denne bilen som mest dagleg står parkert oppe i fjellet, hadde me høyrt om på førehand. Pilegrimskontoret i Saint-Jean fortalde om den, men sa at me ikkje kunne stola på at den ville vera der. Det heile er visst avhengig av éin mann som køyrer opp frå bygda og sel frukt og drikke til pilegrimane som passerer. Ein populær pauseplass!

Det er mange kristne symbol og markeringar langs pilegrimsvegen. Først og fremst er me ofte innom kyrkjer og kapell. Me ser også ofte ulike kors som er sett opp langs løypa. Og av og til passerer me andre typar monument, som Jomfruen av Orisson som står her i Pyreneane. Kyrkjer er det sjølvsagt lite av på fjellovergangen, men denne Mariaskulpturen står der, langt over 1000 moh. Den er visstnok frakta hit den lange vegen frå Lourdes.

Jomfruen av Orisson. Foto: Arne Berge 2019

Det neste bildet er tatt enda lenger oppe. På dette tidspunktet trudde me at me hadde nådd toppen. Det viste seg likevel at det ennå var eit stykke igjen til det høgaste punktet. Me var framleis i Frankrike. Og heile tida let me oss fascinera av dei grøne fjella.

Frå Pyreneane. Foto: Arne Berge 2019

Riksgrensa er ved Rolandskjelda. Grensa er mest ikkje markert, og faktisk oppdaga me ikkje at me hadde kome inn i Spania, før me hadde passert. Me hadde vore for opptatt med å drikka vatn!

Då me kom fram til sjølve toppunktet, Col Lopoeder på 1429 moh, opna verkeleg det spanske landskapet seg for oss.

Col Lopoeder, 1429 moh.

Herfrå er det 500 meter bratt nedstigning i skog. Det er to vegar å gå. Me gjekk den brattaste. Kjem eg nokon gong tilbake til desse fjella, og det ville ikkje vera meg i mot, så vil eg gå den andre løypa ned til Roncesvalles! Den er ikkje så bratt og det er også den som blir anbefalt frå pilegrimskontoret.

Skjelvande i beina kom me utpå ettermiddagen fram til Roncesvalles. Dette er ein historisk landsby som ligg ganske for seg sjølve inne i store skogar, ca 900 moh. Her er det spisestadar, kyrkjer, museum og klosterhotell. Eg trur det er få som bur fast i landsbyen, for det er meir vanlege bustadar i den vesle byen Burguete som ligg 3 km unna. Der er det også fleire overnattingsstadar. Me passerte denne byen på vandringa neste morgon.

Kulturhistorisk sett er Roncesvalles (fransk: Roncevaux) knytt til den berømte tradisjonen om Roland, som var Karl den stores hærførar på 700-talet og som fall i eit slag i dette området i 778. Den mytiske forteljinga om heltemotet hans har blitt ein del av den europeiske litteraturkanon gjennom diktet Rolandskvadet.

Me hadde ei svært god overnatting i Roncesvalles, på hotellet som framleis er relativt nyinnreia i bygningane etter eit gamalt og stort kloster. Tidlegare budde pilegrimane her i ein stor sal med 100 senger! Det var dette overnattingstidbodet som blei skildra i filmen The Way (2010), som har handlinga si frå ei pilegrimsvandring til Santiago de Compostela.

Klosterhotellet i Roncesvalles. Foto: Arne Berge 2019

Pilegrimsvegen Via Podiensis i Frankrike

Pilegrimsvegen frå Le Puy-en-Velay i retning Santiago de Compostela

Pilegrim, Frankrike 703

Det er mange som går på pilegrimsvandring til Santiago de Compostela. Dei fleste begynner i den franske byen Saint-Jean-Pied-de-Port like ved Pyreneane eller ein stad langs caminoen i Spania. Men det er også eit nett av pilegrimsvegar gjennom Frankrike og for så vidt heile Europa, og mange av desse samlar seg i Saint-Jean-Pied-de-Port der dei går saman i retning den berømte Camino Francés gjennom Nord-Spania til Santiago.

Eg har nyleg avslutta ei etappevis vandring på Via Podiensis, pilegrimsvegen som går frå Le Puy til Saint-Jean. Bildet over er tatt eit tidlegare år nær landsbyen Faycelles. Her er det flott utsikt over Lot-dalen. Turane har gått saman med Inger, kona mi. Me vil gjerne anbefala andre å legga ut på ei lengre pilegrimsvandring, og start gjerne i Le Puy-en-Velay! Om ein ikkje har høve til å ta alt i eitt, er det fullt mogleg å gå turen etappevis slik me gjer det, – og bruka feriar i fleire år på prosjektet.

Dette kartet viser dei viktigaste pilegrimsvegane i Frankrike, frå Paris, Vézelay, Le Puy og Arles (kart: Wikimedia Commons).

573px-Chemins-Saint-Jacques-PM-en-France_fr.svg

Slike turar består av masse friluftsliv, god mat, opne kyrkjer, kaffipauser, kontakt med andre pilegrimar, besøk i mange små landsbyar langs vegen, spennande vertshus og (meir eller mindre) kontakt med vertskapet der me overnattar. Ei lang pilegrimsvandring inneheld sjølvsagt både slit og gode opplevingar, men absolutt mest av det siste. Me syns det er ei herleg form for friluftsliv!

Via Podiensis er ca 740 km lang. Me delte vandringa på 36 dagsetappar på ca 20 km, fordelt på fire feriar. Det opplevdes absolutt som å nå eit foreløpig mål å koma til den flotte pilegrimsbyen Saint-Jean-Pied-de-Port, men det endelege målet er sjølvsagt Santiago de Compostela. Vegen vidare går over Pyreneane og gjennom Nord-Spania. I Saint-Jean var me halvvegs på vegen til Santiago, som er ca 1500 km lang frå Le Puy. Inger og eg fekk også med oss dei første dagsetappane av caminoen i Spania, før me reiste heim for denne gongen.

Det var mange høgdepunkt undervegs, ikkje minst knytt til interessante stadar me overnatta. Sjølv syns eg gamle befesta småbyar er veldig fascinerande, f eks Auvillar og Navarrenx. Vandringa i fjellområdet Massif Central den første veka etter Le Puy var også flott.

Det er mogleg å finna overnattingsstadar i alle standardar, frå enkle pilegrimsherberge (Gîte communal) til hotell. Me har brukt heile spekteret, men overnatta mest på såkalla Chambres d´hôtes, det vil seia små private vertshus. Dette er gjerne gamle hus som er renovert i ein personleg stil. Her kunne me normalt få halvpensjon, og middagen var då ofte saman med vertskapet.

Den mest minneverdige overnattinga var nok heime hos Rose-Marie og Rainer A. Jehle i mellomalderbyen Morlanne. Rainer er tysk kunstnar som har budd lenge i Frankrike. Me var dei einaste gjestane og fekk ein heilaften saman med dette flotte paret. Rainer har eit prosjekt som Inger fekk bli med på; han gir pilegrimane som bur der eit lite kunstverk som han ønsker skal berast synleg på pilegrimsvegen. Derfor kallar han dette med eit smil for ei vandreutstilling! Det han ønsker tilbake, er bilde av kunsten på vegen og helst også ute i naturen på heimstaden vår. Det blei ein del bilde av bildet undervegs, blant anna det som kjem under her. Og etter at me kom heim, har me vore på Orrestranda og tatt bilde av kunsten i sanddynane her på Jæren.

IMG_0673
«Vandreutstilling». Foto: Arne Berge 2019

Her er nokre glimt frå Saint-Jean-Pied-de-Port:

IMG_0785
Jakobsporten inn til Saint-Jean-Pied-de-Port. Foto: Arne Berge 2019
IMG_0789
Av 57.881 registrerte pilegrimar i byen i 2018, kom 196 frå Norge
IMG_0794
Saint-Jean-Pied-de-Port. Foto: Arne Berge 2019
IMG_0288
Kyrkjebesøk i Saint-Jean-Pied-de-Port. Foto: Inger Bakke Berge 2019

Les om vandringa vidare frå St. Jean i 2019 i notatet Over Pyreneane i godt ver.

Eg har skrive nokre notat frå dei tidlegare turane her på bloggen: