Eitt av mange vakre kapell

IMG_2978.jpg

Kapellet Sainte Germaine de Baradieu er eitt av dei mange flotte kapella me var innom på pilegrimsvandringa i Frankrike. Kapellet ligg ca 10 km før Condom. Sjå oversikt over turen her.

Dette kapellet ligg inne i ein skuggefull hage. Det er ein god pauseplass, anten ein er ute etter sol eller skugge. Me hadde fint ver denne dagen, men det var ikkje varmare enn at me syns det var godt å sitja i sola i grasbakken utanfor hagemuren.

Kapellet er visstnok frå 12.-13. hundreår og det er bygd over restar av eit tidlegare kloster som blei øydelagt av normannarane. Det er fint restaurert med mange vakre detaljar både innandørs og utandørs.

IMG_2975.jpg

IMG_2980.jpg

Saman med eit oppslag med ein historisk tekst knytt til staden (dessverre bare på fransk), fann eg denne skissa over kapellet med hage og kyrkjegard.

IMG_2977.jpg

IMG_2979.jpgMe har lært oss at det normalt er vatn å finna på ein kyrkjegard, og her var det som vanleg (heldigvis) merka med Eau Potable – drikkbart vatn.

IMG_2984.jpg

Eg tar med enda eit par av bilda våre frå denne staden. Utanfor hagemuren var det flott med fargerike blomar. Og då me la ut på vandringa vidare, stod eit kors i vegkanten og forkynte lågmælt om Han som er kyrkja sin herre.

IMG_2985.jpg

IMG_2986.jpg

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: