Den heilage ande

6a00d8341cb87053ef00e54f28ad768834-640wi

Det er pinse denne helga (27.05.2007). Dette er ei kristen høgtid som blir feira til minne om at Gud sendte sin Ande til Jesu disiplar. Dette skjedde fem veker etter Jesu død og oppstode i Jerusalem og det var grunnleggande for den kristne kyrkja sin misjon i verda.

På same måte som jul og påske blir feira til minne om historiske hendingar som var heilt grunnleggjande og som ikkje blir gjentatt, var også pinsehendinga i Jerusalem ei historisk hending som skjedde éin gong og som var heilt grunnleggjande. Dette gir grunnlaget for kristne si tru på Den heilage ande.

Før sin død og oppstode lova Jesus disiplane at dei ein gong skulle bli fylt av Guds Ande:

Siste dagen i høgtida, den store festdagen, stod Jesus fram og ropa: «Den som tørstar, skal koma til meg og drikka. Den som trur på meg, frå hans indre skal det, som Skrifta seier, renna elvar med levande vatn.» Dette sa han om Anden dei skulle få, dei som trudde på han. For endå var ikkje Anden komen, for Jesus var endå ikkje herleggjord. (Joh 7,37-39)

Eg har i kveld på pinseaftan funne fram meir av det Bibelen seier om Den heilage ande. Tekstutvalet har eg henta frå Bibelvegvisaren bak i Konfirmantbibelen, ei bibelutgåve som inneheld mykje bra oppslagsstoff og bakgrunnsinformasjon. Illustrasjonen av dua med den korsforma glorien har eg også henta frå denne bibelutgåva. Dua er eit symbol for Den heilage ande.

Kven er eigentleg Den heilage ande?

Guds Ande og Kristi Ande:

Men det er ikkje kjøtet som har makta over dykk, det er Anden – så sant Guds Ande bur i dykk. Den som ikkje har Kristi Ande, høyrer ikkje Kristus til. (Rom 8,9)

Gud i våre hjarte:

Og håpet gjer ikkje til skamme, for Guds kjærleik er aust ut i hjarta våre ved Den heilage ande som han har gjeve oss.  (Rom 5,5)

Jesus hos oss:

Elskar de meg, så held de boda mine. Då vil eg be Far, og han skal gje dykk ein annan talsmann, og han skal vera hos dykk alltid: Sanningsanden, som verda ikkje kan ta imot. For verda ser han ikkje og kjenner han ikkje. Men de kjenner han, for han bur hos dykk og skal vera i dykk. Eg vil ikkje la dykk vera att som foreldrelause born. Eg kjem til dykk. (Joh 14,15-18)

Kva gjer Den heilage ande?

Skaper og held i live:

Det er Guds Ande som har skapt meg, anden frå Den Allmektige held meg i live.  (Job 33,4)

Talar gjennom profetane:

«Brør,» sa han, «det måtte oppfyllast, det skriftordet som Den heilage ande lét David seia om Judas, han som vart vegvisar for dei som greip Jesus. (Apg 1,16)

Dei freista å finna ut kva tid Kristi Ande, som var i dei, viste fram til, og korleis den tida skulle vera. For Anden vitna om Kristi lidingar og den herlegdomen som sidan skulle koma. (1. Pet 1,11)

Vitnar om Jesus:

Når Talsmannen kjem, han som eg skal senda dykk frå Far, Sanningsanden som går ut frå Far, då skal han vitna om meg. (Joh 15,26)

Bur i dei som trur:

Sanningsanden, som verda ikkje kan ta imot. For verda ser han ikkje og kjenner han ikkje. Men de kjenner han, for han bur hos dykk og skal vera i dykk. (Joh 14,17)

Lærer og påminner:

Men Talsmannen, Den heilage ande, som Far skal senda i mitt namn, han skal læra dykk alt og minna dykk på alt det eg har sagt dykk. (Joh 14,26)

Kallar og sender ut:

Ein gong medan dei heldt gudsteneste og fasta, sa Den heilage ande: «Ta no ut Barnabas og Saulus for meg til den gjerning eg har kalla dei til!» (Apg 13,2)

Ta vare på dykk sjølve og på heile den flokken som Den heilage ande har sett dykk til å vera tilsynsmenn for! Ver hyrdingar for Guds forsamling, som han vann med sitt eige blod. (Apg 20,28)

Gjev Andens gåver:

Alt dette er eit verk av den eine og same Anden, som deler ut sine gåver til kvar einskild som han vil. (1. kor 12,11)

Gjev Andens frukter:

Men Andens frukt er kjærleik, glede, fred, tolmod, mildskap, godleik, truskap, audmjukskap og sjølvdisiplin. Slike ting er ikkje lova imot! (Gal 5,22-23)

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

%d bloggarar likar dette: