Pilegrim i Frankrike

Notat frå vandring på Chemin de Compostelle 2013, del 1

Eg har nyleg kome heim frå pilegrimsvandring i Frankrike. Saman med Inger har eg gått dei første 280 km av Chemin de Saint Jacques de Compostelle, frå Le Puy-en-Velay. Me har opplevd mykje og hatt herlege dagar! Bildet er tatt ein av dei siste dagane, nær landsbyen Faycelles. Her er det flott utsikt over Lot-dalen.

Utsikt over Lot-dalen 2013. Foto: Inger Bakke Berge

Dette er noko me har drøymt om å gjera i fleire år. Nå la det seg til rette slik at me kunne begynna på vandringa mot Santiago de Compostela. Spørsmålet var bare kor lang rute me skulle velja. Det ville vera vel langt å starta heimefrå, slik pilegrimane sjølvsagt gjorde det i mellomalderen. Og viss me starta ved Pyreneane, slik mange gjer, var me redde me ville trega etterpå fordi me gjekk glipp av den franske delen av “vegen”. Godt påverka av venner som hadde starta i Le Puy, let me derfor denne byen bli utgangspunktet også for oss. Dermed har me begynt på ei vandring som fysisk sett er ca 1500 km lang. Kor mange etappar me kjem til å dela den opp i, anar eg ikkje. Heller ikkje om eg nokon gong kjem fram.

Eg har mange bilder med heim igjen, både dei som er tatt med kamera og dei som bare finst inni meg. Eg satsar på å dela noko av dette med andre her på bloggen i tida framover.

Sjå andre notat frå turen:

1.  Pilegrim i Frankrike

2 . Startpunktet: Le Puy

3. Kaffi i bollar

4. Kristen kultur i vegkanten

5. Språk-muséet i Figeac

4 svar til Pilegrim i Frankrike

  1. […] 1.  Pilegrim i Frankrike […]

  2. […] 1.  Pilegrim i Frankrike […]

  3. […] 1. Pilegrim i Frankrike […]

  4. […] 1. Pilegrim i Frankrike […]

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: