Språk-muséet i Figeac

Notat frå vandring på Chemin de Compostelle 2013, del 5

Musée ChampollionOvernattingsstaden var normalt det me først oppsøkte, når me kom til målet for dagsetappane på pilegrimsvandringa. I Figeac var dette annleis. Eg hadde lese om Musée Champollion, og hadde eit sterkt ønske om å få med meg dette før stengetid. Eg fekk meg ein sein og varm ettermiddagstime i muséet, og var godt fornøgd.

Jean-François Champollion (1790-1832) var egyptolog og mannen som greidde å “knekka koden” og forstå hieroglyfane ved hjelp av Rosetta-steinen. Han var frå Figeac, og byen har altså eit flott språkmuseum som tar for seg mange ulike sider ved språkforskning og språkutvikling.

Eg tar med ei oversikt over utstillingsromma med overskrifter frå den engelske museumsguiden:

  • Room 0. Champollion and Egypt
  • Room 1. Mankind, the world and the writing
  • Room 2. The first scripts
  • Room 3. The first scripts
  • Room 4. The invention of the alphabet around the Mediterranean
  • Room 5. The book: the memory of mankind
  • Room 6. Writing, government and the citizen

Musée ChampollionDet var utstillinga om Champollion og Egypt eg var førebudd på å sjå. Men muséet inneheld altså mykje meir. Eg syns f eks at utstillinga om språkutviklinga i Middelhavsområdet var veldig interessant. Her var det også ein del stoff om det hebraiske språket.

Muséet var topp moderne, men omsetjing til engelsk var det dessverre lite av. Hadde eg kunna fransk betre, ville eg hatt meir enn ein time der!

Figeac var elles ein vakker og gamal småby med ca 10000 innbyggjarar. Eg tar med eit bilde med kveldsstemning frå byen. Me hadde middag på restauranten med parasollar ved elvebreidda.

Figeac

Sjå andre notat frå turen:

1. Pilegrim i Frankrike

2. Startpunktet: Le Puy

3. Kaffi i bollar

4. Kristen kultur i vegkanten

5. Språk-muséet i Figeac

6 svar til Språk-muséet i Figeac

  1. Canuto seier:

    Dette syns jeg var virkelig spennende. Navnet hans (Champollion) hadde jeg en svar erindring om fra skoletiden. Jeg er filolog, og ville vært interessert i å få en (kortfattet) forklaring på hvordan han gikk frem for å “knekke koden”.

  2. Arne Berge seier:

    Du finn ei enkel forklaring på Wikipedia: http://no.wikipedia.org/wiki/Rosettastenen
    Eg har vore og sett Rosettasteinen på British Museum for mange år sidan, men hadde ikkje merka meg Champollion sitt namn før eg nå i år begynte å lesa meg opp og førebu pilegrimsturen og dermed også besøket i Figeac. Helsing Arne

  3. […] 5. Språk-muséet i Figeac […]

  4. […] 5. Språk-muséet i Figeac […]

  5. […] 5. Språk-muséet i Figeac […]

  6. […] 5. Språk-muséet i Figeac […]

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: