Pilegrim i Le Gers

IMG_2919.jpg

Le Gers er eit landleg og tynt befolka distrikt i sørvest-Frankrike. Her er det mykje jordbruk. Inger og eg gjekk årets etappe av pilegrimsvegen til Santiago de Compostela ved pinsetider, og me brukte snaue seks dagar på å gå gjennom Departement du Gers, frå den vakre landsbyen St. Antoine til småbyen Barcelonne-du-Gers.

The Gers is often referred to as amongst the least densely populated, or most rural, areas in all of Western Europe. (Sitert frå Wikipedia 02.06.2016)

Me las ein stad at den lokale leiinga i Le Gers har lagt ekstra mykje arbeid i å laga gode stigar der pilegrimsruta GR65 følgjer større vegar. Det stemmer! Me har derfor gått relativt lite på asfalt desse dagane. Me sende mang ein venleg tanke til bøndene som har avsett jord til stigen, ofte inne i kanten av åkrar og eng, jfr det første bildet. Håper dei har fått kompensasjon for dette!

Me gjekk gjennom enorme område med vinranker. Her blir det mykje druer seinare i år. Det neste bildet viser litt av ein vingard, med eit gamalt steinkors som stod i vegkanten.

IMG_2987Mange av landsbyane og småbyane var herlege stadar der me gjerne kunne hatt meir tid. Som eksempel viser eg nokre bilde frå St. Antoine, ein flott idyll. Vegen inn i landsbyen gjekk gjennom ein gamal portal.

IMG_2904

Her i St. Antoine hadde me lang pause med den gode kombinasjonen kyrkjebesøk og kafebesøk. Me sikra oss påfyll og nye krefter med mat, kaffi, kald drikke og nokre pinsetankar frå Henrik Syse si bok Med andakt.

IMG_2905Rundt oss låg det gamle og flotte hus, som dette på det neste bildet.

IMG_2907Overnattingsstadane våre låg i landsbyar og småbyar som alle var mindre enn Bryne. Dei viktigaste småbyane var Lectoure, Condom, Eauze og Nogaro. Då me kom fram til Aire-sur-l´Adour der denne etappen av vandringa vår slutta, var me også så vidt komne ut av Le Gers.

Departement du Gers, eller Le Gers, er merka av på dette Frankrikekartet. Som du ser, nærmar me oss Pyreneane og Spania. Det er bare litt meir enn ei vekes vandring igjen. Den turen blir tidlegast neste år. Men eg har framleis meir å fortelja frå årets etappe på pilegrimsvegen. Det kjem derfor meir ein annan dag🙂

 

Gers-Position.svg

Kart: Wikipedia

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: