Jerusalem 614-638 e.Kr.

24 dramatiske år førte til store endringar i Jerusalem på 600-talet. Byen hadde då vore under bysantinsk (kristent) styre sidan 325. I 614 kom ein persisk hær og inntok byen. Dette førte blant anna til massakrar og riving av kyrkjer. Byen blei erobra tilbake av den bysantinske keisaren Heraklios i 629. Bare ni år etter dette kom den muslimske invasjonen som førte til mange hundre års muslimsk styre. Eg tar med eit eksempel på øydeleggingane under invasjonen i 614: Kyrkja Hagia Sofia var bygd på 400-talet på staden der tradisjonen sa at Jesus blei dømt til døden. Kyrkja låg i Tyropoiondalen, truleg i nærleiken av det som i dag blir kalla Vestmuren eller Klagemuren. Kyrkja blei først kalla Pilatuskyrkja, men skifta nok namn fordi det kjendest unaturleg at Pilatus skulle gje namn til ei kyrkje. Hagia Sofia tyder den heilage visdomen. Eg ser for meg at kyrkja fekk dette namnet fordi Jesus her stod som Guds visdom i møte med verda sin visdom. Kyrkja blei totalt øydelagt av persarane og er i dag først og fremst kjent frå tekstar skrive av kristne pilegrimar på 500-talet. Professor Isaiah Gafni har skrive ein kort, men informativ artikkel om perioden 614-638:

Palestine under Persian, Byzantine and Arab Rule 24 years, 3 empires, and 1 new faith in Palestine The early decades of the seventh century C.E. comprised one of the most eventful periods in the history of the Land of Israel. Within 24 years, between 614 and 638, the country changed hands three times. The four-centuries long conflict between Rome and Persia was to come to an end in a final collision of the Byzantine and Sassanid armies. Both these powers had attained great victories and suffered terrible defeats, and as they continued to enfeeble each other, they gave way to the rise of a new power, the Islamic forces, which would drive them both out of the region. The two monotheistic religions claiming Palestine as their holy land were joined by a third faith, newly born and extraordinarily vigorous. The Muslim conquest was destined to shape the character of the entire Middle East for the following thirteen centuries, down to this very day. Les meir

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: