Våre jødar

Statsministeren talte i dag om våre jødar. Han var med på markeringa av den internasjonale holocaustdagen 27. januar, og nytta høvet til å beklaga at norske jødar for 70 år sidan blei arrestert (av nordmenn!) og sendt til tyske konsentrasjonsleirar.

Slik eg oppfattar uttrykket våre jødar, tydeleggjer det at norske jødar er nordmenn, at dei sjølvsagt høyrer til i landet og at dei har same rettar som andre nordmenn. Altså eit sterkt uttrykk å møta antisemittismen med.

Her er eit lite utdrag frå Stoltenberg sin tale:

Hva med ugjerningene mot Ruth Maier og de andre jødene?
Drapene er uten tvil nazistenes verk.

Men det var nordmenn som arresterte.
Det var nordmenn som kjørte bilene.
Og det skjedde i Norge.

I løpet av krigen ble 772 norske jøder og jødiske flyktninger arrestert og deportert.
Bare 34 overlevde.

Uten å frata nazistene ansvaret, er det tid for å se at politifolk og andre nordmenn deltok i arrestasjoner og deportasjoner av jøder.

Jeg finner det i dag riktig å uttrykke vår dype beklagelse over at dette kunne skje på norsk jord.

(…)

Også norske jøder forteller at de lever i frykt.

I avisa Vårt Land leser vi at noen av våre jøder er redde for å gjøre seg synlige som jøder.
Slik skal vi ikke ha det i Norge.
Ingen skal behøve å skjule sin tro, kulturelle identitet eller legning.

Ethvert menneske er like mye verdt.
Alle har like rettigheter.

Slik, og bare slik, skal det være i Norge.

(les meir)

Flott Stoltenberg! Det kan sjølvsagt innvendast at det ikkje burde tatt 70 år før ein norsk statsminister sa desse orda. Men likefullt er det viktig, ikkje minst i vår tid, at dette nå blir sagt så klart!

Historia og menneskenaturen

Dagens sitat:

– Di meir eg tenkjer på fortida, dess mindre ser eg at ho vil læra oss noko om framtida. Den fremste innsikta eg har fått, er at historia er spesifikk. Men det er jo også det som gjer henne så interessant. Menneskets natur blir opplyst av å studera historia – sjølv om me ikkje kan fiksa menneskets natur gjennom historiestudium.

Det er den amerikanske forfattaren og kritikaren Daniel Mendelsohn som uttaler dette til Stavanger Aftenblad i dag (papirutgåva 25.09.10). Han har denne veka deltatt på litteraturfestivalen Kapittel 10 i Stavanger. Temaet har vore hukommelse. Sjølv liker eg best å ha eit litt meir positivt syn på kva me kan læra av historia, – men eg høyrer kva han seier. Og kanskje har han rett.

Mendelsohn har skrive suksessboka Forsvunnet (2006, på norsk i -09) der han har arbeidd med Holocaust. Han peiker på følgjande viktige poeng i det same intervjuet:

Holocaust er så stort at ein lett kan mista det enkelte mennesket av syne. Men det er altså viktig å hugsa at alt dette skjedde med 6.000.000 enkeltmenneske.

Yad Vashem

I dag (27.01.2006) er det FNs årlege internasjonale Holocaust-dag. Holocaust er namnet på folkemordet som nazistane under 2. verdskrig stod ansvarlege for. Hovudsakleg gjekk dette ut over det jødiske folket, det blei faktisk drept så mange som seks millionar jødar i løpet av få år før og under krigen.

Yad Vashem i Jerusalem er Israels nasjonale Holocaust-museum. Eg besøkte staden sist i april i fjor, og då var det nettopp opna eit nytt hovudbygg med sterke utstillingar og spesiell arkitektur. Me blir leia gjennom ei utstilling over jødisk kultur, antisemittismen, Holocausts tragediar og jødisk motstandskamp.

Israel oktober 2006 294Når me kjem ut frå bygget, står me plutseleg på ein terrasse med storslått utsikt over skogkledde dalar og busetnad i det fjerne. Kanskje museums-pedagogane med dette vil seia noko om kor mykje dette landet har betydd for jødane som har kome tilbake dit etter krigens redslar?

6a00d8341cb87053ef00e54f6093d28834-640wiElles er det fleire bygg, mellom anna eitt som er reist til minne om barna som mista livet i Holocaust. Her går me inn i mørke. Eit lite lys lyser opp, men ved hjelp av speil plassert rundt i rommet, blir det eine lyset til tusenvis av små lyspunkt. Heile tida høyrer me ein stemme som les opp namn og alder på barn som gjekk bort. Skulpturen på biletet gir eit inntrykk av kunsten som ein møter på staden.

Stavanger Aftenblad har ein stor artikkel om Yad Vashem i vekemagasinenet Pluss idag, skriven av Harald Maaland (i papirutgåva, ikkje på nettet). Her er museet nærare skildra. Eg saksar desse linjene frå artikkelen:

«Vil du prøve å forstå jødene og Israel – og menneskeheten – bør du dra til Yad Vashem. Mange har vært i Auschwitz og Birkenau eller andre tidligere konsentrasjonsleirer og forsøkt å ta tragedien inn over seg. Du slås til marken av ondskapens omfang og grundighet, men hvor lett er det til å trekke trådene til i dag? Yad Vashem gjør det. Derfor er det jødenes og Israels viktigste minnesmerke.»