Klippedomen

Jerusalems 10 på topp #1

Frå tempelplassen, Jerusalem. Foto: Arne Berge 2011

I serien over ti høgdepunkt for den som besøker Jerusalem, har eg nå kome til toppen av lista. Og det er ingen tvil; det er den muslimske Klippedomen, eller Klippemoskéen som den ofte blir kalla, som står øvst på lista.

«10 på topp» – lista har eg funne i eit lite hefte med The Glories of Jerusalem, The Top Ten Sites in the Holy City. Lista er sett opp av bibelforskaren Jerome Murphy-O’Connor.

Utsikta frå Oljeberget er eit klassisk motiv frå Jerusalem. Her står eg på Oljeberget og har byen i bakgrunnen. Tempelplassen med Klippedomen (med gullkuppelen) ligg sentralt i biletet der det er mange trær. Det moderne Vest-Jerusalem ligg i bakgrunnen.

Klippedomen er både vakker og gamal. Bygget stod ferdig i 691, altså mindre enn 100 år etter at islam oppstod som religion på byrjinga av 600-talet. Bygningen er den eldste muslimske heilagdomen i verda. Den ligg sentralt på tempelplassen i Gamlebyen i Jerusalem, på den staden der jødane sitt tempel stod. Oktogonen med kuppel er inspirert av viktige kyrkjebygg frå bysantinsk tid.

Murphy-O’Connor skriv:

The Dome of the Rock is one of the finest monuments of Arab civilization – indeed, of human civilization.

Eg var inne i Klippedomen (og i Al Aqsa, som også ligg på tempel-plassen) i 1996. Etter 2000 har det ikkje vore lov for andre enn muslimar å koma inn i desse heilagdomane. Men det er lov å gå opp på tempelplassen og studera Klippedomen og dei andre bygningane på området på nært hald. Dei som ikkje er muslimar, får koma inn på tempelplassen gjennom Mughrabi-porten via ein provisorisk gangbru som ligg like sør for Vestmuren.

Sommaren 2011 var eg oppe på tempelplassen eit par gonger i løpet av feriedagane i Jerusalem. Først åleine, – og då blei eg ganske raskt og pågåande fanga opp av ein mann som etter litt «forhandlingar» lova å visa meg rundt. Det viste seg at han var meir opptatt av å fortelja om muslimsk tru enn om dei ulike bygningane. Men eg tok ein del bilete og fekk han til å fortelja om kva eg såg. Sidan var eg ein gong til på området, saman med Inger.

Oppdatering 11.02.2013:

Det viser seg at reglane for kven som får koma inn i Klippedomen og Al Aqsa, ikkje er absolutte. 15.01.2013 var eg med i ei gruppe som fekk omvising i dei to viktige muslimske bygga. Det var svært interessant!

Her er heile lista over Jerusalems 10 på topp:

Klippedomen. Foto: Arne Berge 2011

Jerusalem 614-638 e.Kr.

24 dramatiske år førte til store endringar i Jerusalem på 600-talet. Byen hadde då vore under bysantinsk (kristent) styre sidan 325.

I 614 kom ein persisk hær og inntok byen. Dette førte blant anna til massakrar og riving av kyrkjer.

Byen blei erobra tilbake av den bysantinske keisaren Heraklios i 629. Bare ni år etter dette kom den muslimske invasjonen som førte til mange hundre års muslimsk styre.

Eg tar med eit eksempel på øydeleggingane under invasjonen i 614: Kyrkja Hagia Sofia var bygd på 400-talet på staden der tradisjonen sa at Jesus blei dømt til døden. Kyrkja låg i Tyropoiondalen, truleg i nærleiken av det som i dag blir kalla Vestmuren eller Klagemuren.

Kyrkja blei først kalla Pilatuskyrkja, men skifta nok namn fordi det kjendest unaturleg at Pilatus skulle gje namn til ei kyrkje. Hagia Sofia tyder den heilage visdomen. Eg ser for meg at kyrkja fekk dette namnet fordi Jesus her stod som Guds visdom i møte med verda sin visdom.

Kyrkja blei totalt øydelagt av persarane og er i dag først og fremst kjent frå tekstar skrive av kristne pilegrimar på 500-talet.

Professor Isaiah Gafni har skrive ein kort, men informativ artikkel om perioden 614-638:

Palestine under Persian, Byzantine and Arab Rule 24 years, 3 empires, and 1 new faith in Palestine The early decades of the seventh century C.E. comprised one of the most eventful periods in the history of the Land of Israel. Within 24 years, between 614 and 638, the country changed hands three times. The four-centuries long conflict between Rome and Persia was to come to an end in a final collision of the Byzantine and Sassanid armies. Both these powers had attained great victories and suffered terrible defeats, and as they continued to enfeeble each other, they gave way to the rise of a new power, the Islamic forces, which would drive them both out of the region. The two monotheistic religions claiming Palestine as their holy land were joined by a third faith, newly born and extraordinarily vigorous. The Muslim conquest was destined to shape the character of the entire Middle East for the following thirteen centuries, down to this very day. Les meir