Morgontur på Karmelfjellet

6a00d8341cb87053ef00e550a944908834-640wi
Forrige helg hadde eg ei overnatting i Haifa, på Stella Maris Monastery, eit kloster som også driv enkel hotelldrift. Klosteret ligg høgt og fritt på Karmelfjellet, med flott utsikt over byen og over Middelhavet. Romkameraten min og eg pleide så ofte som mogleg å ta oss morgon- og kveldsturar for å utforska områda rundt hotella der me låg. Men på Stella Maris gjekk morgonturen vår ikkje heilt etter oppskrifta.

Me gjekk ut hovuddøra frå eit mørklagt kloster, mens nonnene var i gang med morgongudstenesta si. Nå viste det seg at jernporten i gjerdet rundt klosterområdet slett ikkje kunne opnast, heller ikkje frå innsida. Den måtte eventuelt opnast frå resepsjonen (som var utan folk på den tida av døgnet). Så me gav eigentleg opp og ville gå inn igjen. Men nei då. Klosterdøra kunne bare opnast frå innsida!  Me var altså både ute- og innelåste.

Dermed var det duka for ein runde rundt sjølve klosteret. Og heldigvis: klosteret sin eigedom på Karmelfjellet var større enn me først hadde tenkt oss. Mens dagslyset kom, gjekk me oppover ein sti og fekk etterkvart fint overblikk over klosteret der det ligg høgt over Middelhavet.

Det høyrer med til historia at me, då me kom tilbake, framleis ikkje greidde å få kontakt med nokon som kunne låsa oss inn. Så me måtte bita i det sure eplet, finna fram mobilen og vekka Jorunn, reiseleiaren vår som faktisk hadde lagt opp til ein sein frukost akkurat denne morgonen. Det blei i alle høve mykje lått og løye omkring denne historia ved frukostbordet. Me gløymte til og med at me kanskje burde vore stille, sidan me trass alt budde på eit kloster!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: